
Sveio kommune · Sveio
Om stillinga I Eining barn og familie har vi ledig ei spennande stilling med ansvar for inntaksteamet i Eining barn og familie. Det er ei prosjektstilling i 5...
I Eining barn og familie har vi ledig ei spennande stilling med ansvar for inntaksteamet i Eining barn og familie. Det er ei prosjektstilling i 50% stilling. Oppstart snarast mogeleg til og med 31.07.2027. Det kan bli aktuelt å forlengje stillinga.
Vi har samla sentrale tenester for barn, unge og deira familiar i Eining for barn og familie. Mellom anna Sveio helsestasjon, familierettleiarar, psykisk helse for barn og unge, ressursteam og koordinator barn og unge. Vi skal samarbeida til det beste for det einskilde barnet og familien og til saman utgjera eit godt lag. Felles kompetanseheving og fagleg utvikling er sentralt i eininga.
Sveio kommune er ein BTI-kommune (betre tverrfagleg innsats), og vi ønskjer at det skal vere trygt og godt for barn og unge å vekse opp hos oss.
Inntaksteam er eit samordningspunkt for barn, unge og foreldre som har behov for støtte, hjelp og rettleiing. Vi søkjer deg som er strukturert, relasjonsorientert og engasjert i tidleg innsats og tverrfagleg samarbeid.
I denne stillinga vil du ha ei sentral rolle i å ta imot førespurnader, organisere inntak og bidra til at barn, unge og familiar får rett oppfølging. Du vil kartleggje behov og, i samarbeid med barn, unge og føresette, finne fram til eigna tiltak og vidare oppfølging.
Personlege eigenskapar vil bli særskilt vektlagt
Vi tilbyr
Om stillinga Sveio kommune lyser ut to spennande stillingar som koordinator for barn og unge - begge i 100% vikariat/prosjekt stilling. Oppstart snarast mogeleg til og med 31.12.2027. Vil du vere med og gjere ein forskjell for ungdom i Sveio? Vi søkjer to engasjerte og trygge vaksne til vårt nye ungdomsteam. Dette er stillingar for deg som ønskjer å vere tett på ungdom, byggje gode relasjonar og bidra til at fleire opplever meistring, tilhøyrsle og tru på eigne moglegheiter. Stillingane er ein del av kommunen sitt førebyggjande arbeid og skal styrkje tidleg innsats og samordna oppfølging på tvers av tenester, med mål om å førebyggje utanforskap, fråvær, rusutfordringar og kriminalitet. Vi ser etter deg som møter ungdom med respekt og varme, samarbeider godt med andre og vil vere med og utvikle ei meir heilskapleg oppfølging for barn og unge i kommunen. Som koordinator barn og unge skal du arbeide førebyggjande, bidra til tidleg innsats og fange opp ungdom som står i fare for å falle utanfor. Du blir ein del av eit tilgjengeleg og fleksibelt tilbod til barn og unge, og får ansvar for å vidareføre arbeidet med ungdomslos, SLT og ungdomsråd. SLT-modellen er ei samordning av lokale rus- og kriminalitetsførebyggjande tiltak for barn og unge. Sveio kommune er ein BTI-kommune (betre tverrfagleg innsats), og vi ønskjer at det skal vere trygt og godt for barn og unge å vekse opp hos oss. Koordinator barn og unge vil vere tilsett i Eining for barn og familie, med det daglege arbeidet i hovudsak knytt til skulane i kommunen og tilbodet til ungdom på Vigdartun kultursenter i fritidssona. Sveio kommune har fire barneskular og ein kombinert barne- og ungdomsskule. Meir informasjon om skulane finn du på kommunen sine heimesider. Arbeidsoppgåver • arbeide førebyggjande og tverrfagleg i samarbeid med skular, føresette og andre relevante tenester • kartleggje, identifisere, motivere og rekruttere barn og unge til relevant oppfølging/hjelpeteneste • leggje til rette for auka tilhøyrsle, meistring og deltaking i skule og fritid • gi tett og tilrettelagd oppfølging gjennom motivasjonsarbeid, rettleiing og støtte i og utanfor skulen • følgje opp enkeltelevar og ungdommar, både individuelt og i grupper • bidra til gode overgangar mellom grunnskule og vidaregåande opplæring • vere tilgjengeleg for ungdom og til stades på ungdommen sine eigne arenaer • samarbeide med og rettleie føresette i å støtte barnet eller ungdommen sin skulekvardag • delta i samarbeid mellom skule, heim og øvrige støttetenester slik at oppfølginga blir heilskapleg og tilpassa • planleggje, gjennomføre og evaluere tiltak for barn og unge individuelt og i grupper • bidra til utvikling av gode arbeidsmetodar og rutinar for tidleg innsats og førebyggjande arbeid • bidra i kommunen sitt førebyggjande arbeid mot skulefråvær, utanforskap, rusrelaterte utfordringar og kriminalitet • dokumentere arbeidet i tråd med gjeldande rutinar og krav • ved behov kan stillinga i avgrensa periodar innebere praktisk støtte for å styrkje skulenærvær Ein del av arbeidet kan til tider medføre arbeid utanfor skuletid i heimen, ungdomsklubb og i forbindelse med leirskule- og ferieaktivitetar. Kvalifikasjonar • relevant 3 årig høgare utdanning innan til dømes helse, sosialfag, pedagogikk eller anna relevant fagområde • erfaring frå arbeid med barn og unge er ønskjeleg • erfaring frå tverrfagleg samarbeid og arbeid på tvers av tenester er ein fordel • kunnskap om førebyggjande arbeid, relasjonsarbeid og oppfølging av barn og unge i sårbare livssituasjonar • kjennskap til arbeidsmetodar og verktøy for tidleg innsats og avdekking av risikofaktorar er ønskjeleg • god munnleg og skriftleg framstillingsevne • evne til å arbeide strukturert, sjølvstendig og målretta • gode digitale ferdigheiter • førarkort klasse B Gyldig politiattest i samsvar med opplæringslova § 10-9 må leggjast fram ved tilsetjing. Personlege eigenskapar Vi ser etter deg som • er trygg, varm og tydeleg i møte med barn, ungdom og føresette • har evne til å byggje tillit og gode relasjonar over tid • er fleksibel og løysingsorientert • samarbeider godt med andre og trivst i tverrfagleg arbeid • kan stå i krevjande situasjonar og samtidig bevare ro og retning • er initiativrik og ser moglegheiter • har god vurderingsevne og evne til å arbeide systematisk Vi tilbyr • ei meiningsfull stilling der du får vere med og gjere ein forskjell for barn og unge • varierte og spennande arbeidsoppgåver i eit viktig fagfelt • høve til å vere med og utvikle tenester og arbeidsmåtar i kommunen • tett samarbeid med engasjerte kollegaer på tvers av fag og tenester • faglege utfordringar og moglegheit for utvikling • løn og tilsetjingsvilkår i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk Anna informasjon: • noko arbeid utanfor ordinær arbeidstid må reknast med • personleg eignaheit vil bli tillagt stor vekt
Om stillinga Gulen kommune har, for tida ved eining helse, ledig i inntil 100% prosjektstilling innanfor lågterskeltilbod for barn, unge og familiar. Oppstart er etter avtale med einingsleiar og eitt år fram. Det kan verte mogleg med noko forlenging. Vi søkjer ein person som ønskjer å gjere ein forskjell for sårbare barn, unge og familiar. Du må ha god relasjonskompetanse, kunne arbeide tverrfagleg og vere oppteken av heilskaplege tenester på tvers av sektorar. Prosjektstillinga er ein sentral del av kommunen sitt arbeid med å styrkje det førebyggjande arbeidet for barn, unge og familiar. Målet er å skape trygge og gode oppvekstvilkår gjennom tidleg innsats og ved å fange opp utfordringar på eit tidleg tidspunkt. Stillinga skal bidra til å førebyggje at utfordringar knytte til psykisk helse og/eller rus utviklar seg. Stillinga er organisatorisk knytt til eining helse, men arbeidet vil gå på tvers av sektorar, og heile kommunen kan vere arbeidsområde. Oppmøtestad er Eivindvik. Bakteppe Gulen kommune har fått tilskot frå Statsforvaltaren i Vestland til å utvikle, etablere og tilpasse eit kunnskapsbasert lågterskeltilbod for foreldrerettleiing for familiar med barn 0-18 år med psykiske plager eller rusrelaterte belastningar. Prosjektstillinga er tenkt delt slik; om lag 50% av arbeidet vil vere retta direkte mot oppfølging av barn, unge og familiar, medan den resterande prosent vil vere knytt til vidare utvikling av meir samordna tenester i kommunen. Stillinga skal bidra til at familiar får tidleg hjelp, utan krav om tilvising. Me tilbyr • Ein historisk og framtidsretta kommune med fin natur og kjekke folk • Spanande og varierte arbeidsoppgåver • Triveleg arbeidsmiljø • Gode forsikrings- og pensjonsordningar • Ledig barnehageplass i kommunen • Hjelp til å orientere seg i bustadmarknaden Arbeidsoppgåver • Utvikle, etablere og vidareutvikle eit kunnskapsbasert lågterskeltilbod innan foreldrerettleiing, familiestøtte og psykisk helse for barn og unge • Gi oppfølging og rettleiing til barn, unge og familiar gjennom samtalar, gruppetilbod og andre relevante tiltak • Bidra til tidleg innsats, førebyggjande arbeid og heilskaplege tilbod i tett samarbeid med aktuelle tenester og samarbeidspartnarar • Vere med å utvikle tenesta, mellom anna når det gjeld målgruppe, organisering, rutinar, metodar, informasjon, evaluering og vidare oppfølging • Andre oppgåver kan kome til Noko ettermiddags- og kveldsarbeid må reknast med Kvalifikasjonskrav • Relevant høgare utdanning på minimum bachelornivå innan til dømes; helse-, sosial-, barnevern-, pedagogikk-, psykologi-, familie- eller oppvekstfag. • Det er ønskjeleg med relevant vidareutdanning og erfaring frå arbeid med barn, unge og familiar, gjerne innan lågterskeltilbod, førebyggjande arbeid, tidleg innsats eller tverrfagleg samhandling • Kompetanse i kunnskapsbaserte rettleiingsmetodar og forståing for psykisk helse, rus og korleis belastningar i familien påverkar barn og unge, er ein fordel • Du må kunne arbeide systematisk med utvikling, dokumentasjon, evaluering og rapportering, og ha gode digitale ferdigheiter • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg • Førarkort klasse B er ønskjeleg • Gyldig politiattest må leggjast fram av den som ver tilsett Personlege eigenskapar • Du er trygg, raus og god til å byggje relasjonar, og møter familiar med respekt, varme og fagleg tryggleik • Du har gode samarbeidsevner, kommuniserer godt og trivst med tverrfagleg arbeid • Du arbeider strukturert og sjølvstendig, men er samstundes fleksibel, løysingsorientert og god til å finne praktiske tiltak • Du tek initiativ, skaper tillit og trivst med å utvikle tenester også i ein fase der ikkje alt er fullt ut avklart • Personleg eignaheit vil verte vektlagt ved tilsetjing Anna • Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk • Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar. • For tilsetjing innan pleie og omsorg, miljøteneste, barnevern, i skule, SFO og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest etter aktuell/gjeldande lovheimel før oppstart i stillinga. Det skal berre krevjast politiattest av den som får tilbod om stillinga • Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjaren høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering.
Vil du vere med og skape gode oppvekstvilkår for barn og unge i Kvinnherad? Kvinnherad kommune søkjer ein engasjert og utviklingsorientert avdelingsleiar til Familiestøtte – ei sentral teneste for førebygging, tidleg innsats og støtte til barn, unge og familiar. Dette er ei spennande leiarstilling for deg som brenn for å utvikle tenester i tett samarbeid med dyktige fagpersonar, samarbeidspartnarar og lokalsamfunnet. Du får ansvar for eit viktig fagområde med stor betydning for barn og unge si helse, meistring og livskvalitet. Om arbeidsplassen Eining Barn og familie er ei av 21 einingar i sektor oppvekst i Kvinnherad kommune. Eininga samlar dei fleste hjelpetenestene for barn, unge og familiar i kommunen, og består av seks avdelingar: barnevern, helsestasjon, PPT, familiestøtte, avlastning- og butiltak for barn og unge og tverrsektorielt psykologteam. Eininga held til i Husnes tenestesenter. Som avdelingsleiar for Familiestøtte får du ansvar for fagleg, administrativ og strategisk leiing av avdelinga, og rapporterer direkte til einingsleiar. Du blir ein del av eit tverrfagleg og utviklingsorientert fagmiljø med eit felles mål om å styrkje oppvekstvilkåra for barn og unge i Kvinnherad kommune. Om stillinga Frå 1. oktober 2026 har Eining Barn og familie ledig ei 100 % fast stilling som avdelingsleiar for avdeling Familiestøtte. Familiestøtte består av: Familieteamet tilbyr familierettleiing, samtalar og gruppetilbod til barn, unge og familiar. Ungdomsteamet omfattar ungdomslosar, utekontaktar og ungdomsleiarar med ansvar for kommunen sine ungdomsbasar og lågterskeltilbod til ungdom. Tiltakskonsulent har ansvar for rekruttering og oppfølging av oppdragstakarar i eining barn og familie. Avdelingsleiar har også funksjon som kommunen sin SLT-koordinator og skal leie og vidareutvikle det lokale SLT-arbeidet (Samordning av lokale rus- og kriminalitetsførebyggjande tiltak). Dette er eit systematisk samarbeid mellom kommune, politi og andre offentlege og private aktørar for å styrkje det førebyggjande arbeidet blant barn og unge. Avdelinga har særleg fokus på tverrfagleg samarbeid, førebygging og utvikling av lågterskeltilbod. Medarbeidarane er den viktigaste ressursen i tenesta, og det er sentralt å sikre høg fagleg kvalitet, god rettleiing og eit inkluderande arbeidsmiljø. Eining barn og familie er oppteken av å nytte ressursane slik at dei kjem tenestemottakarane best til nytte. Det kan difor bli endring i arbeidsoppgåver og samansetning i avdelinga. Stillinga inneber noko arbeid på ettermiddag, kveld og i enkelte tilfelle helg, for å sikre god fagleg støtte og oppfølging av medarbeidarane. Arbeid med søknader om prosjekt- og utviklingsmidlar er òg ein viktig del av stillinga. Arbeidsoppgåver Som avdelingsleiar vil du ha ansvar for: • Personal-, økonomi- og fagansvar for avdelinga • Planlegging, koordinering og dagleg drift • Internkontroll, kvalitetsarbeid og fagutvikling • Kvalitetssikring av rapportering og dokumentasjon • Rettleiing og oppfølging av medarbeidarar • Saksbehandling etter helse- og omsorgstenestelova • Leiing og koordinering av kommunen sitt SLT-arbeid • Utvikling og styrking av tverrfagleg samarbeid Kvalifikasjonar Vi søkjer ein leiar med relevant høgare utdanning innan helse-, sosial- eller pedagogiske fag. Søkjarar med annan relevant utdanning vil også kunne bli vurderte. Det er ønskjeleg med: • Relevant vidareutdanning, gjerne innan leiing, administrasjon eller rettleiing • Erfaring frå leiing og personaloppfølging • Kjennskap til offentleg forvaltning • Erfaring frå arbeid med barn, unge og familiar • Førarkort klasse B Personlege eigenskapar Vi legg stor vekt på personleg eignaheit. Vi søkjer deg som: • Har evne til å leie, motivere og utvikle medarbeidarar • Er engasjert i førebyggjande arbeid for barn og unge • Har god organisasjonsforståing • Er utviklingsorientert, strukturert og målretta • Bidreg aktivt til eit godt arbeidsmiljø • Skaper tillit og gode relasjonar • Har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner • Er fleksibel, kreativ og løysingsorientert • Har fokus på tverrfagleg samarbeid • Har god digital kompetanse • Har god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk Vi tilbyr • Ei spennande leiarstilling i ei teneste i utvikling • Meiningsfulle og varierte arbeidsoppgåver • Moglegheit til å påverke utvikling og framtidig retning for tenestene • Fagleg og personleg utvikling • Eit godt arbeidsmiljø med dyktige og engasjerte medarbeidarar • Løn og arbeidsvilkår etter gjeldande tariffavtalar og lovverk • Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP • Dekning av flytteutgifter etter gjeldande reglar • Moglegheit for sletting av inntil 25 000 kroner av studielån etter eitt år for busette arbeidstakarar i Kvinnherad • Ingen eigedomsskatt på bustad, fritidsbustad eller næringseigedom per i dag • Gratis SFO og søskenmoderasjon i barnehage Politiattest Gyldig politiattest må leggjast fram før tiltreding. Kravet er heimla i barnevernslova § 12-11, opplæringslova § 17-11, barnehagelova § 30, helsepersonellova § 20 og helse- og omsorgstenestelova § 5-4. Link til søknadsskjema: Søk her