
Helsetjenester, Tokke kommune · Tokke
Ledig vikariat i 100% stilling som helsesjukepleiar/ sjukepleiar i Tokke kommune Frå 1. september 2026 til 01.mai 2027 har Tokke kommune ledig vikariat i 10...
Frå 1. september 2026 til 01.mai 2027 har Tokke kommune ledig vikariat i 100 % stilling som helsesjukepleiar. Sjukepleiar med relevant utdanning/erfaring kan også søkje.
Er du helsesjukepleiar eller sjukepleiar med relevant utdanning/erfaring, og har lyst på ein spanande og meiningsfull jobb? Då kan dette vere noko for deg!
Vikariatet kan bli forlenga eller gjort om til fast stilling på sikt. Arbeidet er knytt primært til skulehelseteneste, flyktninghelseteneste og reise-/sesongvaksinering. Arbeidstida er dagtid i fleksitidsordning, men ein må også rekne med noko kveldsarbeid.
Helsestasjonen har eit godt og engasjert fagmiljø, og du blir del av eit team med helsestasjonslege, helsesjukepleiarar, sekretær og jordmor (organisert via jordmorsamarbeidet i Vest-Telemark).
Tenesta er organisert under kommunalområdet helse og omsorg med avdelingsleiar for helse som næraste leiar. I avdeling helse ligg i tillegg legekontoret, fysio- og ergoteapiteneste og psykisk helse og rus. Avdelinga er samlokalisert med institusjon og heimetenesta.
Tokke kommune har eigen lokal lønsstige som ligg over vanleg tariff.
Arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonar
Personlege eigenskapar
Vi tilbyr
Tokke kommune er oppteken av mangfald, og oppfordrar difor alle som er kvalifisert til å søkje uansett alder, kjønn, nedsett funksjonsevne og nasjonal eller etnisk bakgrunn. Vi tilpassar arbeidsplassen om du har behov for det.
Referansar vil bli kontakta etter avtale.
Politiattest av seinare dato må leverast ved tilsetting.
Aktuelle søkjarar blir kalla inn til intervju.
I samsvar med Offentleglova §25 kan namn på søkjarane gjerast offentleg.
Nærare informasjon om stillinga kan rettast til avdelingsleiar helse Evy Katrin Aamlid tlf: 35075530/ 41100975, evy.katrin.aamlid@tokke.kommune.no.
Velkomen som søkjar!
KontaktinformasjonEvy Katrin Aamlid, Avdelingsleiar, +47 41100975
ArbeidsstadRevahaugvegen 4
3880 Dalen
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Tokke kommune
Referansenr.: 5154810946
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 09.08.2026
Vil du jobbe med ungdom - og gjøre en forskjell hver dag? Klepp helsestasjon har ledig eit vikariat i 100 % stilling frå 01.08.2026 til 31.12.2026, med moglegheit for forlenging. Vi ser etter ein engasjert helsesjukepleiar til skulehelsetenesta ved ungdomsskule. Her får du arbeide tett med ungdom, med fokus på helsefremjande og førebyggjande arbeid i ei viktig livsfase. Om arbeidsstaden Helsestasjonstenesta er organisert i tenesteområdet Barn og unge under Oppvekst. I tillegg til helsestasjonstenesta omfattar Oppvekst barnevern, pedagogisk-psykologisk teneste (PPT), Klepp tverrfagleg team og tenester innan fritid. Skulehelsetenesta har ei sentral rolle i kommunen sitt helsefremjande og førebyggjande arbeid. Gjennom samarbeid med elevar, føresette, skular og andre fagtenester arbeider vi for tidleg innsats og heilskapleg oppfølging av ungdom. Om stillinga Stillinga omfattar arbeid i skulehelsetenesta ved ungdomsskule, der hovudmålgruppa er elevar i alderen 13–16 år. Arbeidsoppgåver • Helsefremjande og førebyggjande arbeid retta mot ungdom • Individuelle samtalar, rettleiing og oppfølging av elevar • Undervisning i klasse og grupper • Gjennomføring av helseundersøkingar og vaksinering • Tverrfagleg samarbeid med skule, føresette og andre faginstansar Kvalifikasjonar • Autorisasjon som helsesjukepleiar • Sjukepleiarar med relevant vidareutdanning/erfaring kan òg søkje • Erfaring frå arbeid med ungdom er ønskelig • God munnleg og skriftleg framstillingsevne • Gyldig politiattest Personlege eigenskapar • Vi søkjer deg som: • har eit sterkt engasjement for ungdom si helse og utvikling • er trygg i møte med ungdom og flink til å byggje relasjonar • arbeider sjølvstendig og strukturert • har gode samarbeidsevner • er fleksibel og løysingsorientert Personleg eignaheit vil bli vektlagt. Vi tilbyr • Meiningsfullt arbeid med ungdom i ein viktig livsfase • Eit fagleg sterkt og inkluderande arbeidsmiljø • Faste møter i faggrupper og fellesmøter for personalet i tjenesten • Vi har fadderordning som sikrer trygg oppstart og oppfølging • Moglegheit for fagleg utvikling • Løn etter gjeldande avtalar KontaktinformasjonInger Olsson, Leder, +47 90804283 ArbeidsstadOlav Hålandsveg 2 4351 Kleppe Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Klepp kommune Referansenr.: 5147713492 Stillingsprosent: 100% Vikar Søknadsfrist: 03.08.2026
Helsestasjons- og skulehelsetenesta i Gol kommune består av eit tverrfagleg og kompetent team som dekkjer helsestasjon 0–5 år, skulehelseteneste på barne- og ungdomstrinnet, helsestasjon for ungdom, jordmorteneste og Helsestasjon for Ungdom (HFU). Vi arbeider helsefremjande og førebyggjande med mål om å sikre tryggleik, meistring og god helse gjennom heile oppveksten. Vi er i ferd med å samorganisere og samlokalisere oss med andre førebyggjande tenester for barn og unge, mellom anna psykisk helse. Arbeidsoppgåver • spennande oppgåver innan helsefremjande og førebyggjande arbeid med fokus på å skape tryggleik og trivsel for barn og unge • gjennomføre helseundersøkingar, individuell oppfølging og vaksinering i tråd med nasjonale retningslinjer • tett samarbeid med føresette, barnehage, skule, PPT, barnevern, kollegaer i Helse barn og unge og andre relevante samarbeidspartnarar • bidra til at tenesta følgjer lovverk, nasjonale faglege retningslinjer og god kommunal praksis • delta i tverrfagleg samarbeid internt og eksternt • delta i den daglege drifta av tenesta som helsesjukepleiar/sjukepleiar • rapportering og samarbeid med verksemdsleiar Kvalifikasjonar • offentleg godkjend sjukepleiar med vidareutdanning som helsesjukepleiar • offentleg godkjend sjukepleiar kan òg søkje • andre relevante utdanningar kan bli vurderte • god kjennskap til relevant lovverk og nasjonale retningslinjer • gode digitale ferdigheter og systemforståing • gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg Vi ønsker at du har: • erfaring med arbeid med barn og unge, rettleiing • erfaring i frå tverrfagleg samarbeid • initiativ og tryggleik i rolla • struktur og er sjølvstendig • erfaring i frå helsestasjon eller skulehelseteneste • god systematikk og er utviklingsorientert • motiverande evner • gode samarbeids- og kommunikasjonsevner • engasjement for barn og unge si helse og utvikling Personleg eignaheit blir vektlagt. Vi tilbyr • ei spennande og utviklande rolle i ei teneste i vekst • eit inkluderande og tverrfagleg arbeidsmiljø • moglegheit til å påverke fagleg retning og utvikling • gode pensjonsordningar • lønn etter avtale Søknad Vi ber om at elektronisk søknadsskjema blir nytta. Trykk på den grøne knappen øvst til høgre: Send søknad, godta personvernvilkåra og trykk Neste (du treng ikkje opprette brukar på førehand). Godkjende kopiar av vitnemål og attestar skal takast med dersom du blir kalla inn til intervju. Ansiennitet blir berekna på grunnlag av desse. Alle søkjarar vil få kvittering på at søknaden er motteken, føresett at rett e-postadresse er oppgitt i søknaden. Søknadsfrist: 31.07.26 Link til søknadsskjema: Søk her
Om stillinga Er du helsesjukepleiar og ønskjer å jobbe i ein liten kommune med stort engasjement for førebygging, tidleg innsats og tverrfagleg samarbeid? I Samnanger kommune søkjer vi no etter ein trygg, engasjert og relasjonell helsesjukepleiar som ønskjer å bidra i arbeidet med å fremje god helse, meistring og livskvalitet for barn, unge og familiar. For rett kandidat kan det vere aktuelt å få ein funksjon som fagansvarleg helsesjukepleiar. Funksjonen vil omfatte oppgåver knytt til fagutvikling, kvalitetsarbeid og interkontroll, og vert vurdert nærare ut fra kompetanse, erfaring og kommunen sine behov. Stillinga er organisert under førebyggjande tenester i Eining for livsmeistring, og inngår i det tverrfaglege arbeidet i Samnangerhjelpa. I dag er det to 100 % stillingar knytta til helsestasjon - og skulehelseteneste. I Samnanger kommune jobbar me aktivt med tidleg innsats, BTI (Betre tverrfagleg innsats) og lågterskeltilbod for barn, unge og familiar. Me er opptekne av å byggje laget til barnet og samarbeidar tett på tvers av tenester og fagmiljø. Hjå oss får du arbeide i eit lite og nært fagmiljø med korte avstandar mellom tenestene, høg grad av samarbeid, sjølvstende og moglegheit til å påverke utviklinga av tenestene. Du vil bli ein del av eit engasjert tverrfagleg miljø som arbeider for å skape gode oppvekstvilkår og fremje psykisk og fysisk helse blant barn og unge. Arbeidsoppgåver • Helsefremjande og førebyggjande arbeid retta mot barn, unge og familiar • Oppfølging ved helsestasjon, skulehelsetenesta og helsestasjon for ungdom • Råd, rettleiing og samtalar med barn, ungdom og føresette • Planlegging og gjennomføring av kurs, grupper og andre førebyggjande tiltak • Tverrfagleg samarbeid med barnehage, skule, fastlege, psykisk helse- og rustenesta, barnevern og andre samarbeidspartnarar • Deltaking i utviklingsarbeid og førebyggjande tiltak i kommunen • Bidra i BTI-arbeid (Betre tverrfagleg innsats), arbeid som barnekoordinator og andre tverrfaglege møte • Bidra inn i Samnangerhjelpa, kommunen sitt tverrfaglege lågterskeltilbod for barn, unge, familiar og vaksne • For rett kandidat kan det vere aktuelt med fagansvar knytt til fagutvikling, kvalitetssikring og internkontroll innan helsestasjon- og skulehelsetenesta • Andre oppgåver innan førebyggjande tenester kan bli lagde til stillinga Kvalifikasjonar Krav: • Offentleg godkjend sjukepleiar med vidareutdanning som helsesjukepleiar. Ved mangel på kvalifiserte søkjarar kan sjukepleiarar med relevant erfaring frå arbeid med barn, unge og familiar verte vurderte. • Oppdatert fagkunnskap innan helsefremjande og førebyggjande arbeid • Gode digitale ferdigheiter • Gyldig politiattest må leggjast fram før tilsetjing • Det er krav om gyldig førarkort klasse B, då stillinga inneber reiseverksemd i kommunen og samhandling med andre tenester • Gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar på minimum nivå B2 Ønskjeleg: • Erfaring frå helsestasjon og/eller skulehelseteneste • Erfaring og kompetanse innan arbeid med sped- og småbarn (0–5 år) • Erfaring med rettleiing av barn, ungdom og føresette • Erfaring frå tverrfagleg samarbeid • Kompetanse innan kurs- og gruppebasert arbeid • Gode kommunikasjonsevner i engelsk • Erfaring med fagutvikling, rettleiing kvalitetsarbeid eller internkontroll Personlege eigenskapar Vi ser etter deg som: • har gode relasjonelle ferdigheiter og trivst i møte med barn, ungdom og familiar • arbeider sjølvstendig og strukturert, samtidig som du samarbeider godt med andre • er fleksibel, løysingsorientert og bidreg til å finne gode løysingar saman med brukarar og kollegaer • har engasjement for helsefremjande og førebyggjande arbeid, samt tidleg innsats • bidreg positivt til eit godt arbeidsmiljø, både på helsestasjonen og i kommunen elles • trivst med utviklingsarbeid og tverrfagleg samarbeid • har god evne til organisering, prioritering og sjølvstendig arbeid Personleg eignaheit vil bli tillagt stor vekt ved tilsetjing. Me tilbyr • Eit sterkt fagleg miljø med meiningsfulle og utfordrande arbeidsoppgåver • Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling, og høve til å vere med og forme tenestene i ein kommune i positiv utvikling • Høg grad av tverrfagleg samarbeid og korte avstandar mellom tenestene • Moglegheit til å arbeide tett på innbyggjarane og vere ein sentral del av eit samla førebyggjande fagmiljø • Moglegheit til å påverke og vidareutvikle helsestasjon-, skulehelse- og førebyggjande tenester • Fagleg utvikling, rettleiing og kollegastøtte • Eit inkluderande arbeidsmiljø med engasjerte og dyktige kollegaer • Fleksible arbeidstidsordningar • Løn, offentleg pensjon og arbeidsvilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk • Gode pensjonsordningar gjennom KLP, samt yrkesskade- og gruppelivsforsikring • Gode velferdsordningar Arbeidstilhøve Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at dei tilsette skal spegle folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hjå oss, uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, etnisk eller kulturell bakgrunn. Dersom du har utdanning frå utlandet, må denne vere godkjend av Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir). Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det. Administrasjonsspråket i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjorde med ei prøvetid på seks månader. Me gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjorde, jf. offentleglova § 25 andre ledd, sjølv om det er bede om unntak frå offentleg søkjarliste. Dersom du ber om unntak frå offentleg søkjarliste, vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjord, og få høve til å trekkje søknaden. Som tilsett i Samnanger kommune vert du medlem i KLP si pensjonsordning. KLP tilbyr pensjon, bank- og forsikringstenester, og er Noregs største pensjonsselskap. Ordninga omfattar mellom anna alderspensjon, AFP, uførepensjon, etterlattepensjon, yrkesskadeforsikring og gruppelivsforsikring. Søknad må sendast innan søknadsfristen gjennom rekrutteringssystemet Jobbnorge.