
Osterøy kommune · Osterøy
Om stillinga • Osterøy Ungdomsklubb er ein gratis, open og inkluderande møteplass for ungdommar i alderen 12-19 år. • Klubben er populær, og besøket på ein k...
Om stillinga
Arbeidsoppgåver
Personlege eigenskapar vil bli vektlagde.
På Osterøy kultursmie i Lonevåg finn du bibliotek, utstyrssentral og ungdomsklubb. Me er eit hus i full utvikling, med stort spenn i kompetanse og oppgåver.
Dette er ein arbeidsplass for deg som vil få ting til å skje og som likar å treffe nye menneske kvar dag, til samvær, service og samskaping.
Om ungdomsklubben
Ungdomsklubben er ein lågterskel møteplass der ungdom kan møtast utan krav om deltaking i faste aktivitetar. På klubben blir det servert gratis måltid, og ungdomane kan mellom anna delta i dataspel, brettspel, bordtennis, kreative aktivitetar og sosiale arrangement. Klubben skal vidareutviklast i tett dialog med ungdomane.
Video: https://youtu.be/5TIhcmaLglY
Om stillinga Sveio kommune lyser ut to spennande stillingar som koordinator for barn og unge - begge i 100% vikariat/prosjekt stilling. Oppstart snarast mogeleg til og med 31.12.2027. Vil du vere med og gjere ein forskjell for ungdom i Sveio? Vi søkjer to engasjerte og trygge vaksne til vårt nye ungdomsteam. Dette er stillingar for deg som ønskjer å vere tett på ungdom, byggje gode relasjonar og bidra til at fleire opplever meistring, tilhøyrsle og tru på eigne moglegheiter. Stillingane er ein del av kommunen sitt førebyggjande arbeid og skal styrkje tidleg innsats og samordna oppfølging på tvers av tenester, med mål om å førebyggje utanforskap, fråvær, rusutfordringar og kriminalitet. Vi ser etter deg som møter ungdom med respekt og varme, samarbeider godt med andre og vil vere med og utvikle ei meir heilskapleg oppfølging for barn og unge i kommunen. Som koordinator barn og unge skal du arbeide førebyggjande, bidra til tidleg innsats og fange opp ungdom som står i fare for å falle utanfor. Du blir ein del av eit tilgjengeleg og fleksibelt tilbod til barn og unge, og får ansvar for å vidareføre arbeidet med ungdomslos, SLT og ungdomsråd. SLT-modellen er ei samordning av lokale rus- og kriminalitetsførebyggjande tiltak for barn og unge. Sveio kommune er ein BTI-kommune (betre tverrfagleg innsats), og vi ønskjer at det skal vere trygt og godt for barn og unge å vekse opp hos oss. Koordinator barn og unge vil vere tilsett i Eining for barn og familie, med det daglege arbeidet i hovudsak knytt til skulane i kommunen og tilbodet til ungdom på Vigdartun kultursenter i fritidssona. Sveio kommune har fire barneskular og ein kombinert barne- og ungdomsskule. Meir informasjon om skulane finn du på kommunen sine heimesider. Arbeidsoppgåver • arbeide førebyggjande og tverrfagleg i samarbeid med skular, føresette og andre relevante tenester • kartleggje, identifisere, motivere og rekruttere barn og unge til relevant oppfølging/hjelpeteneste • leggje til rette for auka tilhøyrsle, meistring og deltaking i skule og fritid • gi tett og tilrettelagd oppfølging gjennom motivasjonsarbeid, rettleiing og støtte i og utanfor skulen • følgje opp enkeltelevar og ungdommar, både individuelt og i grupper • bidra til gode overgangar mellom grunnskule og vidaregåande opplæring • vere tilgjengeleg for ungdom og til stades på ungdommen sine eigne arenaer • samarbeide med og rettleie føresette i å støtte barnet eller ungdommen sin skulekvardag • delta i samarbeid mellom skule, heim og øvrige støttetenester slik at oppfølginga blir heilskapleg og tilpassa • planleggje, gjennomføre og evaluere tiltak for barn og unge individuelt og i grupper • bidra til utvikling av gode arbeidsmetodar og rutinar for tidleg innsats og førebyggjande arbeid • bidra i kommunen sitt førebyggjande arbeid mot skulefråvær, utanforskap, rusrelaterte utfordringar og kriminalitet • dokumentere arbeidet i tråd med gjeldande rutinar og krav • ved behov kan stillinga i avgrensa periodar innebere praktisk støtte for å styrkje skulenærvær Ein del av arbeidet kan til tider medføre arbeid utanfor skuletid i heimen, ungdomsklubb og i forbindelse med leirskule- og ferieaktivitetar. Kvalifikasjonar • relevant 3 årig høgare utdanning innan til dømes helse, sosialfag, pedagogikk eller anna relevant fagområde • erfaring frå arbeid med barn og unge er ønskjeleg • erfaring frå tverrfagleg samarbeid og arbeid på tvers av tenester er ein fordel • kunnskap om førebyggjande arbeid, relasjonsarbeid og oppfølging av barn og unge i sårbare livssituasjonar • kjennskap til arbeidsmetodar og verktøy for tidleg innsats og avdekking av risikofaktorar er ønskjeleg • god munnleg og skriftleg framstillingsevne • evne til å arbeide strukturert, sjølvstendig og målretta • gode digitale ferdigheiter • førarkort klasse B Gyldig politiattest i samsvar med opplæringslova § 10-9 må leggjast fram ved tilsetjing. Personlege eigenskapar Vi ser etter deg som • er trygg, varm og tydeleg i møte med barn, ungdom og føresette • har evne til å byggje tillit og gode relasjonar over tid • er fleksibel og løysingsorientert • samarbeider godt med andre og trivst i tverrfagleg arbeid • kan stå i krevjande situasjonar og samtidig bevare ro og retning • er initiativrik og ser moglegheiter • har god vurderingsevne og evne til å arbeide systematisk Vi tilbyr • ei meiningsfull stilling der du får vere med og gjere ein forskjell for barn og unge • varierte og spennande arbeidsoppgåver i eit viktig fagfelt • høve til å vere med og utvikle tenester og arbeidsmåtar i kommunen • tett samarbeid med engasjerte kollegaer på tvers av fag og tenester • faglege utfordringar og moglegheit for utvikling • løn og tilsetjingsvilkår i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk Anna informasjon: • noko arbeid utanfor ordinær arbeidstid må reknast med • personleg eignaheit vil bli tillagt stor vekt
Kjøkkenassistent – prosjektstilling 30% Me søkjer ein engasjert og matglad kjøkkenassistent i ei prosjektstilling på 30 % (11 timar per veke), fordelt på 2–3 arbeidsdagar. Stillinga passar for deg som er oppteken av sunn og næringsrik mat, og som ønskjer å vere med på å skape gode måltidsopplevingar for barna i barnehagen. Om stillinga Som kjøkkenassistent vil du ha ansvar for planlegging og tilrettelegging av måltid i barnehagen. Du vil bidra til å utvikle ein matkultur som fremjar matglede, nysgjerrigheit og gode vanar hos barna. Me ønskjer at måltida skal vere ein arena for læring, fellesskap og gode sanseopplevingar. Stillinga inneber òg å involvere barna i matlaging og matrelaterte aktivitetar, slik at dei får oppleve meistring, deltaking og glede rundt mat. Stillingsstorleik: 30 % (11 timar per veke) Arbeidstid: Fordelt på 2–3 dagar per veke Oppstart: 18. august 2026 Varigheit: Prosjektstilling som følgjer skuleåret 2026–2027 Arbeidstid i feriar: Stillinga følgjer skuleruta, og det er fri i skuleferiane. Arbeidsoppgåver • Planleggje og tilbereie sunn og næringsrik mat til barna, i tråd med Helsedirektoratets retningslinjer for mat og måltider i barnehagen. • Ha ansvar for mathygiene og rutinar knytte til mattryggleik, også matallegiar og andre særskilte behov • Innkjøp og bestilling av matvarer • Skape inspirerande måltid som stimulerer alle sansar • Involvere barn i matlaging, baking og andre mataktivitetar • Samarbeide tett med dei andre tilsette om måltid og pedagogiske aktivitetar Kvalifikasjonar • Erfaring med matlaging, kjøkkenarbeid eller ernæring er ønskjeleg • Erfaring frå arbeid med barn er ein fordel • Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg • Gyldig politiattest må leggjast fram før tilsetjing Personlege eigenskapar Me ser etter deg som: • Har interesse for sunn, variert og næringsrik mat • Er kreativ og glad i å lage mat • Trivst saman med barn og ønskjer å inkludere dei i mataktivitetar • Er sjølvstendig, strukturert og ansvarsmedviten • Har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner • Bidreg til eit positivt arbeidsmiljø Me tilbyr • Ei meiningsfull og spanande prosjektstilling • Moglegheit til å påverke barnehagen sin matkultur og måltidspraksis • Eit inkluderande og engasjert arbeidsmiljø • Varierte arbeidsoppgåver og stor grad av sjølvstende • Fri i skuleferiane • Løn etter gjeldande avtaleverk Søknadsfrist: 15.juli For nærare informasjon om stillinga, kontakt einingsleiar Ingvild V. Tveiten på tlf.nr. 45610966, e-post ingvild.tveiten@suldal.kommune.no Bli med og skap matglede for alle barna! Link til søknadsskjema: Søk her
Har du pedagogisk bakgrunn og er nysgjerrig på arbeids- og inkluderingsfeltet? Da kan dette være muligheten for deg! Vi søker kursansvarlige til Jobbklubb for minoritetsspråklige i Sarpsborg. Dette er en prosjektstilling på 12 uker med mulighet for forlengelse dersom tiltaket videreføres. Vi har også flere tiltak i regionen, som kan gi gode muligheter videre i virksomheten. Jobbklubben gjennomføres i samarbeid med NAV. Målet er å hjelpe deltakerne ut i jobb gjennom tett samarbeid med lokalt og regionalt næringsliv. Arbeidsoppgaver • Undervisning og ledelse av grupper • Karriereveiledning og jobbforberedende aktiviteter • Individuell oppfølging og veiledning • Skaffe praksisplasser og jobbmuligheter i samarbeid med arbeidsgivere • Bygge gode relasjoner med næringslivet • Bidra til at deltakerne kommer ut i jobb og blir værende i jobb • Skrive rapporter til NAV og andre oppdragsgivere Ønskede kvalifikasjoner De tre første punktene er må-krav til stillingen: • Pedagogisk kompetanse tilsvarende minst 30 studiepoeng på høgskole-/universitetsnivå • Minimum to års erfaring med undervisning eller gruppeveiledning i løpet av de siste fem årene • Erfaring med minoritetsspråklige mennesker i alderen 18-60 år • Erfaring med veiledning, rådgivning eller coaching er en fordel • Kjennskap til arbeidsrettede tiltak eller NAV-systemet er positivt Vi ser etter deg som • Er trygg i møte med mennesker • Er god til å skape relasjoner og bygge nettverk • Kommuniserer tydelig og motiverende • Er strukturert og selvstendig • Forstår hva arbeidsgivere trenger • Liker å jobbe målrettet og skape resultater • Trives med varierte arbeidsdager og høyt tempo Vi tilbyr • En spennende og meningsfull arbeidshverdag • Dyktige og engasjerte kollegaer • God opplæring og faglig støtte • Muligheter for utvikling og videre karriere • Et selskap i vekst med flere tiltak i regionen Ønsker du å søke? Send oss søknad og CV på e-post, eller søk med rask søknad.