Har du eit hjarta for eldreomsorg, ønsker ein god arbeidsplass og faglege utfordringar? Då kan du vera den rette medarbeidaren for oss! Som sjukepleier hos skal du vere med å bidra til å utvikle tenestetilbodet i tråd med gjeldande lovverk, eininga/avdelinga og kommunen sin visjon/misjon og verdisyn. Fusa bu- og behandlingssenter (FBBS) søkjer etter ein engasjert og fagleg dyktig sjukepleiar i 100 % stilling. Stillinga er i turnus etter gjeldande turnusavtale. Det er mogleg å gå i redusert stilling om ønskeleg. Stillinga er lagt til ressursbemanningsteamet, i første omgang som vikariat for sjukepleiar som er i foreldrepermisjon. Du vil få høve til å jobbe på fleire avdelingar i tverrfagleg team, noko som gir deg varierte arbeidsoppgåver og utfordringar. Vi ser etter deg som ønskjer å vere med å vidareutvikle sjukepleien i eldreomsorga, og som vil bidra aktivt i møte med framtidige utfordringar. Hos oss arbeider vi målretta med nye former for oppgåvedeling. Arbeidsstad Fusa Bu- og behandlingssenter (FBBS). FBBS er ein heildøgns institusjon som ligg sentralt i Eikelandsosen, Bjørnafjorden kommune med flott sansehage og utsikt over fjorden. Arbeidsoppgåver • Utøva klinisk sjukepleie som sikrar kvalitet og at pasientane sine rettar vert teken i vare • Drive forbedringsarbeid og videreutvikle tenestene • Dokumentering av helsehjelp i Profil • Undervisning retta mot anna helsepersonell i høve til medisinske prosedyrar, legemiddelhandsaming osb. • Samarbeide med og rettleie yrkesgrupper innan eige fagområde • Samarbeida med brukarar, pårørande, og andre helsetenester • Ansvarleg for å halda seg fagleg oppdatert Kvalifikasjonar • Norsk autorisasjon som sjukepleiar • Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet • Søkjarar utanfor Norden må dokumentera bestått " Bergenstest" (test i norsk - på høgare nivå.) Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest. Personlege eigenskapar • Fagleg engasjement og interesse for eldreomsorg • Kunne arbeide sjølvstendig og ta ansvar • Løysingsorientert med gode kommunikasjons- og samarbeidsevner • Fleksibel, serviceinnstilt, lojal og pliktoppfyllande • Gode evner til observasjon og dokumentasjon • God evne til etisk refleksjon over eigen praksis • Bidra til godt arbeidsmiljø Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar. Vi tilbyr • Løn etter gjeldende avtaler. For sjukepleiarar og vernepleiarar i turnus, samt helsesjukepleiarar i pasientnært arbeid, tilbyr Bjørnafjorden kommune eit tillegg i grunnlønn på kr. 25.000 over garantilønnstabellen • Tilsett i stillinga kan etter lokal ordning få eingongsutbetaling på kr. 30.000 i særskilt rekrutteringstillegg, etter fullført og dokumentert prøvetid • Nyutdanna som har hatt fast deltidsstilling med stipendordning i Bjørnafjorden kommune under utdanninga, kan etter lokal ordning få tilbod om eingongsstipend på kr. 50.000 ved oppstart i stillinga • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø • God pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring • Gode kollegaer • Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen Vi gjennomfører intervju og tilsetting fortløpande, og oppmodar til å søkje så snart som mogleg. Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det. Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen. Link til søknadsskjema: Søk her
Fusa bu- og behandlingssenter (FBBS) søkjer engasjert helsepersonell til helgestillingar – dag og kveld. Her får du moglegheita til å bidra til utviklinga av framtidas eldreomsorg, saman med dyktige kollegaer i eit inkluderande og fagleg sterkt miljø. Vi har fleire ledige faste helgestillingar med oppstart frå snarast. Stillingane er i turnus med varierande stillingsstorleik (13 - 20%). Arbeidsstad Fast helgestilling ved dei ulike avdelingane våre på FBBS: • Miljøavdeling for personar med demens • Buavdeling somatisk • Korttids- og rehabiliteringsavdeling Ønskjer du å bli ein del av vårt arbeidsmiljø og bli vår nye kollega er du hjarteleg velkommen som søkjar. Dersom du har spesielle ønskjer for avdeling, er det viktig at du set dei opp i prioritert rekkefølgje i søknaden. Helgestilling består av arbeid 2. kvar eller 3. kvar helg. Skriv gjerne i søknad kva du ønskjer. Arbeidsoppgåver • Pleie og omsorgsoppgåver • Aktivisering og praktisk hjelp til pasientar og bebuarar i institusjon • Bistå ved måltid / kjøkkenarbeid Kvalifikasjonar • Du har helsefagleg utdanning, eller er under utdanning • Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet • Du har interesse for å jobbe med menneske og vurderer kanskje helsefagleg utdanning • Du har god norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne • Søkjarar over 18 år vil bli prioritert, men alle vil bli vurdert Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest. Personlege eigenskapar • Du er bevisst dine haldningar og prioriterer høgt verdiar som respekt, lojalitet og etikk • Du er fleksibel, samarbeidsvillig, har gode kommunikasjonsevner og godt humør • Du kan jobba både sjølvstendig og i godt samarbeid med andre Personlege eigenskapar vil bli vektlagt. Vi tilbyr • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø • Spennande og engasjert fagmiljø • God opplæring og rettleiing i aktuell avdeling • God pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring • Løn etter gjeldande avtalar. For sjukepleiarar og vernepleiarar i turnus i pasientnært arbeid, tilbyr Bjørnafjorden kommune eit tillegg i grunnlønn på kr. 25.000 over garantilønnstabellen. Studentar med relevant utdanning er omfatta av eiga avlønning • Studentar som blir tilsett i minimum 13 % fast stilling under dokumentert utdanning til sjukepleiar eller vernepleiar, kan etter lokal ordning få tilbod om årleg stipend på kr. 15.000/20.000. Stipend blir utbetalt i juli månad, ved fast tilsetting innan 1.desember året før • Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen Søknadane blir handsama fortløpande. Kun aktuelle kandidatar blir kontakta og kalla inn til intervju. Vi oppmodar deg derfor om å senda inn søknaden din snarast. Vi ser fram mot å høyre frå deg! Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det. Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen. Link til søknadsskjema: Søk her
Er du klar for ein jobb der du betyr noko – kvar dag? Hos Fusa bu- og behandlingssenter får du faglege utfordringar, eit varmt og inkluderande arbeidsmiljø og moglegheita til å gi omsorg med hjartet. Vi søkjer to engasjerte helsefagarbeidarar f.t ved Buavdelinga, og håper du vil søkje! Om arbeidsplassen Fusa bu- og behandlingssenter er ein heildøgns institusjon med eige produksjonskjøkken og vaskeri. Vi ligg sentralt i Eikelandsosen med flott utsikt over fjorden – ein arbeidsplass der trivsel og fag går hand i hand. Arbeidsoppgåver • Pleie og omsorg til pasientar i tråd med gjeldande lovverk og kvalitetskrav • Dokumentasjon i fagsystem og oppfølging av tiltak • Kartlegging, igangsetting og gjennomføring av faglege tiltak • Legemiddelhandsaming, ernæring og miljøarbeid • Bidra til fagleg utvikling og godt samarbeid i tråd med kommunen sine verdiar Kvalifikasjonar • Autorisasjon som helsefagarbeidar eller anna relevant utdanning/erfaring • Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest. Personlege eigenskapar • Interesse for eldreomsorg • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner • Evne til observasjon, dokumentasjon og fagleg refleksjon • Ansvarsbevisst, løysingsorientert og stolt av ditt fag Personlege eigenskapar vil bli vektlagt. Vi tilbyr • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø • God pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring • Turnus med dag- og aftenvakter, samt arbeid kvar 3. helg, eller med langvakt kvar 4. helg • Løn etter gjeldande avtalar • Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen Vi gjennomfører intervju og tilsetting fortløpande, og oppmodar til å søkje så snart som mogleg. Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det. Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen. Link til søknadsskjema: Søk her
Jämför rekryteringshistorik, bolagsfakta och aktiva jobb.