Hoppa till huvudinnehållet
Bjørnafjorden kommune Fusa bu-og behandlingssenter og heimetenester logo
Ledigt jobb

Vil du gjere en forskjell? Bli helsefagarbeidar hos oss!

Bjørnafjorden kommune Fusa bu-og behandlingssenter og heimetenester
  • OrtBjørnafjorden
  • Omfattning–
  • Sista ansökan31 dec.
  • Publicerad28 maj

Om tjänsten

Er du klar for ein jobb der du betyr noko – kvar dag? Hos Fusa bu- og behandlingssenter får du faglege utfordringar, eit varmt og inkluderande arbeidsmiljø og moglegheita til å gi omsorg med hjartet. Vi søkjer to engasjerte helsefagarbeidarar f.t ved Buavdelinga, og håper du vil søkje! 

Om arbeidsplassen

​Fusa bu- og behandlingssenter er ein heildøgns institusjon med eige produksjonskjøkken og vaskeri. Vi ligg sentralt i Eikelandsosen med flott utsikt over fjorden – ein arbeidsplass der trivsel og fag går hand i hand.

​

Arbeidsoppgåver

​

Pleie og omsorg til pasientar i tråd med gjeldande lovverk og kvalitetskrav
Dokumentasjon i fagsystem og oppfølging av tiltak
Kartlegging, igangsetting og gjennomføring av faglege tiltak
Legemiddelhandsaming, ernæring og miljøarbeid
Bidra til fagleg utvikling og godt samarbeid i tråd med kommunen sine verdiar

Kvalifikasjonar

Autorisasjon som helsefagarbeidar eller anna relevant utdanning/erfaring
Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet

Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.

Personlege eigenskapar

​

Interesse for eldreomsorg
Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
Evne til observasjon, dokumentasjon og fagleg refleksjon
Ansvarsbevisst, løysingsorientert og stolt av ditt fag

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.

Vi tilbyr

​

Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
God pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
Turnus med dag- og aftenvakter, samt arbeid kvar 3. helg, eller med langvakt kvar 4. helg
Løn etter gjeldande avtalar
Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen

Vi gjennomfører intervju og tilsetting fortløpande, og oppmodar til å søkje så snart som mogleg.

Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn

Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.

Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.

Link til søknadsskjema: Søk her