Tilkallingsvikar assistentar i skule, kantine og internat. Arbeidsoppgåver Som tilkallingsvikar vil du bli ein viktig ressurs når det er behov for ekstra hjelp ved sjukefråvær, ferieavvikling eller i travle periodar. Du får varierte arbeidsoppgåver og jobbar tett saman med eit hyggeleg og inkluderande team. Arbeidsoppgåver: - tilberedning av enkle varme og kalde matrettar - servering og kundebehandling - betjening av kasse og varepåfylling - rydding, oppvask og reinhald av kantineområdet - sikre gode hygienerutinar i tråd med gjeldande regelverk Kvalifikasjonar- erfaring frå kantine, kjøkken eller servicearbeid er ein fordel, men ikkje eit krav - du er serviceinnstilt og trivs med å jobbe med menneske - god hygiene og evne til å jobbe strukturert - kan ta vakter på kort varsel - gode norskkunnskaparPersonlege eigenskapar Vi ser etter deg som: -er positiv, fleksibel og påliteleg - jobbar godt både sjølvstendig og i team - møter elevar, tilsette og gjester med eit smil - bidreg til eit godt arbeidsmiljø Vi tilbyr - hyggeleg arbeidsmiljø - varierte arbeidsoppgåver - opplæring blir gitt - arbeidstider etter behov Anna Vi har som mål å spegle mangfaldet i befolkninga. Alle med kompetansen vi etterspør er velkomne til å søkje ledig stilling hos oss. Den som blir tilsett må levere gyldig politiattest. KontaktinformasjonCamilla Kjellbotn, arbeidsleiar kantine, +47 99335147, camilla.kjellbotn@mrfylke.no ArbeidsstadGjermundnesvegen 200 6392 Vikebukt Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Møre og Romsdal fylkeskommune Referansenr.: 5031769412 Stillingsprosent: 0% Vikar Søknadsfrist: 31.12.2026
Jämför rekryteringshistorik, bolagsfakta och aktiva jobb.