Hoppa till huvudinnehållet
Drift, Møre og Romsdal fylkeskommune, Gjermundnes vidaregåande skule logo
Ledigt jobb

Tilkallingsvikar kantinemedarbeider 

Drift, Møre og Romsdal fylkeskommune, Gjermundnes vidaregåande skule
  • OrtVestnes
  • OmfattningHeltid
  • Sista ansökan31 dec.
  • Publicerad25 mars

Om tjänsten

Tilkallingsvikar assistentar i skule, kantine og internat.

Arbeidsoppgåver

Som tilkallingsvikar vil du bli ein viktig ressurs når det er behov for ekstra hjelp ved sjukefråvær, ferieavvikling eller i travle periodar.  Du får varierte arbeidsoppgåver og jobbar tett saman med eit hyggeleg og inkluderande team.

Arbeidsoppgåver:

  • tilberedning av enkle varme og kalde matrettar
  • servering og kundebehandling
  • betjening av kasse og varepåfylling
  • rydding, oppvask og reinhald av kantineområdet
  • sikre gode hygienerutinar i tråd med gjeldande regelverk

Kvalifikasjonar​- erfaring frå kantine, kjøkken eller servicearbeid er ein fordel, men ikkje eit krav

  • du er serviceinnstilt og trivs med å jobbe med menneske
  • god hygiene og evne til å jobbe strukturert
  • kan ta vakter på kort varsel
  • gode norskkunnskaparPersonlege eigenskapar​

Vi ser etter deg som:

  • er positiv, fleksibel og påliteleg
  • jobbar godt både sjølvstendig og i team
  • møter elevar, tilsette og gjester med eit smil
  • bidreg til eit godt arbeidsmiljø

Vi tilbyr

hyggeleg arbeidsmiljø
varierte arbeidsoppgåver
opplæring blir gitt
arbeidstider etter behov

Anna

Vi har som mål å spegle mangfaldet i befolkninga. Alle med kompetansen vi etterspør er velkomne til å søkje ledig stilling hos oss.

Den som blir tilsett må levere gyldig politiattest.​

KontaktinformasjonCamilla Kjellbotn, arbeidsleiar kantine, +47 99335147, camilla.kjellbotn@mrfylke.no

ArbeidsstadGjermundnesvegen 200

6392 Vikebukt

Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Møre og Romsdal fylkeskommune

Referansenr.: 5031769412

Stillingsprosent: 0%

Vikar

Søknadsfrist: 31.12.2026