Hoppa till huvudinnehållet
Vestnes kommune Tresfjord barnehage logo
Ledigt jobb

Tilkallingsvikar Tresfjord barnehage

Vestnes kommune Tresfjord barnehage
  • OrtVestnes
  • OmfattningHeltid
  • Sista ansökan31 juli
  • Publicerad16 sep.

Om tjänsten

Stillingstype​

Vi har behov for fleire dyktige tilkallingsvikarar i Tresfjord barnehage

Arbeidsoppgåver​

Arbeid i barnehage inneheld oppgåver som:

  • medansvar for avdeling og det pedagogiske innhaldet i samarbeid med det øvrige personalet
  • medansvar for planlegging, gjennomføring og tilrettelegging av det pedagogiske innhaldet
  • medansvar for utviklingsarbeid
  • foreldresamarbeid
  • vere ein aktiv del av barnehagen sitt personale
  • vise omsorg og vere til stades for enkeltbarn og barnegruppa
  • praktisk arbeid og tilrettelegging

Kvalifikasjonar​

Vi søker etter deg som er barnehagelærar eller barne- og ungdomsarbeidar. Dersom vi ikkje får nok kvalifiserte søkjarar kan ufaglærde bli tilsett.

  • må beherske norsk munnleg og skriftleg. Kravet til språk er minimum bestått språkopplæring på nivå B2
  • må ha god kommunikasjonsevne

Personlege eigenskapar​

  • er aktiv og engasjert
  • har godt humør, vilje og evne til å jobbe i eit hektisk miljø i stadig utvikling
  • har evne til å vise omsorg, sjå og anerkjenne barn
  • er eit godt språkleg førebilde
  • er fleksibel
  • er stabil og ansvarsbevisst
  • har evne til å ta imot rettleiing, rådgiving og opplæring
  • har evne til å samarbeide, arbeide i team, men og sjølvstendig

Vi tilbyr​

  • godt arbeidsmiljø og gode kollegaer
  • løn i høve gjeldande avtaleverk
  • tilsette med fagkompetanse og som har mindre enn 4 års ansiennitet får godkjent 4 års ansiennitet
  • kommunen er IA-bedrift og har fokus på nærværsarbeid
  • gode pensjons- og forsikringsordningar i høve tariffavtale

Tilsettingsvilkår​

Løns- og tilsettingsvilkår i samsvar med gjeldande avtaleverk. Det blir trekt 2% av løna i pensjonsinnskot.

Ved tilsetting som krev politiattest skal denne ikkje vere eldre enn 3 månader.

Aktuelle søkarar blir innkalla til samtale fortløpande.

Referansar

​Oppgi referansar.

Søknad​

Vestnes kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Attestar og vitnemål må derfor takast med til intervju.

Søkarlista kan bli offentleggjort.

Link til søknadsskjema: Søk her