Seksjonen Kontor Medisin Ålesund søkjer etter helsesekretærar/sekretærar som ønskjer å bidra til god samhandling og til eit godt arbeidsmiljø. Vi har ledig 60 % og 40 % fast stilling. Dette er p.t. ved to ulike poliklinikkar. Seksjonen vår sørvar seks ulike poliklinikkar, tre sengepostar og dokumentasjonssenter i Medisinsk avdeling. Ved behov frå drifta må ein kunne pårekne å måtte sørve andre stader internt i seksjonen enn der ein til dagleg arbeider. Vi har ein kultur for samarbeid og fleksibilitet, noko som er avgjerande for å lukkast saman, spesielt sidan vi ikkje sit samlokalisert. Vi har jamnlege personalmøter og samhandlar også mykje via ulike Teamskanalar og Helseplattformen. Arbeidsoppgåver • Sekretæren si rolle består overordna av service, logistikk, kommunikasjon/formidling, koordinering og førefallende arbeid • Hovudsakleg dagleg elektronisk pasientadministrativt arbeid i Helseplattformen - som omfattar tilvising og ventelistearbeid, inbasket/oppgåvemeldingsarbeid, oppfølgingsarbeid, rapport- og arbeidslistearbeid, malarbeid og dokumentbehandling m.m. • Arbeidsoppgåver i skranke og telefon - vi har innført digital telefoni med call-back funksjon ved poliklinikkane våre • Tolkebestilling digitalt • Pasientreiser digitalt • Tett samhandling med andre faggrupper Kvalifikasjonar • Autorisasjon som helsesekretær er ein fordel, ellers relevant erfaring som sekretær • Gode datakunnskapar • Har du kjennskap til Helseplattformen så er det ein fordel • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg • Personleg eignaheit vert vektlagd Personlege eigenskapar • Serviceinnstilt og imøtekomande • Strukturert og ansvarsbevisst • Sjølvstendig og påliteleg • Fleksibel og løysingsorientert • Samarbeidsorientert og bidreg til et godt arbeidsmiljø • Lærevillig og positiv til endring Personleg eignaheit vert vektlagt ved tilsetting Vi tilbyr • Sterkt tverrfagleg samarbeid • Ein inkluderande arbeidsplass • Løn etter gjeldande overeinskomstar • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV. Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir her! Kontaktinformasjon Merete Røren, Seksjonsleiar, +47 70 10 50 00, Merete.Roren@helse-mr.no Arbeidsstad Åsehaugen 5 6017 Ålesund Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF Referansenr.: 5195266917 Stillingsprosent: 60, 40% Fast Startdato: 01.01.2027 Søknadsfrist: 23.11.2026
Jämför rekryteringshistorik, bolagsfakta och aktiva jobb.