Medisinsk serviceseksjon ved Førde sentralsjukehus har ledig 100 % vikariat som helsesekretær/sekretær i perioden 01.12.2026 - 31.05.2027. Vikariatet kan bli forlenga ved behov. Vi søkjer ein strukturert og serviceinnstilt helsesekretær/sekretær som bidreg til å skape orden og flyt i ein travel kvardag. Du har god kapasitet til å følgje opp fleire oppgåver samtidig og trivst med både administrative arbeidsoppgåver og pasientkontakt. Medisinsk serviceseksjon har om lag 30 tilsette som utfører sekretætenester for dei kliniske avdelingane i medisinsk klinikk: hudavdeling, medisinsk avdeling, avdeling for barn og unge, nevrologisk avdeling, revmatologisk avdeling, kreftavdelinga og fysikalsk medisinsk poliklinikk. Vi ser fram til å høyre frå deg. Send oss søknad og oppdatert CV. Arbeidsoppgåver • Arbeid i elektronisk pasientsystem (DIPS Arena) • Pasientservice • Timebestilling (poliklinikk, sengepost og venteliste) • Telefonadministrasjon • Anna førefallende pasientadministrativt eller pasientretta arbeid Kvalifikasjonar • Autorisasjon som helsesekretær eller anna relevant utdanning • Relevant arbeidserfaring kan kompensere for manglande formell utdanning • Gode IKT-kunnskapar Personlege eigenskapar • Serviceinnstilt og imøtekommande i møte med pasientar og kollegaer • Strukturert og nøyaktig, også i ein travel kvardag • Sjølvstendig og ansvarsbevisst • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner • Trivst i eit tverrfagleg miljø Vi tilbyr • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst • Gode pensjons- og forsikringsordningar • Triveleg arbeidsmiljø • Spennande og utfordrande jobb • Meningsfullt arbeid som gir personleg utvikling Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. Kontaktinformasjon Belvira Omic, Seksjonsleiar, +47 995 91 403 Arbeidssted Svanehaugvegen 2 6812 FØRDE Nøkkelinformasjon: Arbeidsgiver: Helse Førde Referansenr.: 5208246565 Stillingsprosent: 100% Vikariat Søknadsfrist: 25.11.2026
Jämför rekryteringshistorik, bolagsfakta och aktiva jobb.