Helsesekretær/sekretær
Medisinsk serviceseksjon Førde, Helse FørdeOm tjänsten
Medisinsk serviceseksjon ved Førde sentralsjukehus har ledig 100 % vikariat som helsesekretær/sekretær i perioden 01.12.2026 - 31.05.2027.
Vikariatet kan bli forlenga ved behov.
Vi søkjer ein strukturert og serviceinnstilt helsesekretær/sekretær som bidreg til å skape orden og flyt i ein travel kvardag.
Du har god kapasitet til å følgje opp fleire oppgåver samtidig og trivst med både administrative arbeidsoppgåver og pasientkontakt.
Medisinsk serviceseksjon har om lag 30 tilsette som utfører sekretætenester for dei kliniske avdelingane i medisinsk klinikk: hudavdeling, medisinsk avdeling, avdeling for barn og unge, nevrologisk avdeling, revmatologisk avdeling, kreftavdelinga og fysikalsk medisinsk poliklinikk.
Vi ser fram til å høyre frå deg. Send oss søknad og oppdatert CV.
Arbeidsoppgåver
- Arbeid i elektronisk pasientsystem (DIPS Arena)
- Pasientservice
- Timebestilling (poliklinikk, sengepost og venteliste)
- Telefonadministrasjon
- Anna førefallende pasientadministrativt eller pasientretta arbeid
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som helsesekretær eller anna relevant utdanning
- Relevant arbeidserfaring kan kompensere for manglande formell utdanning
- Gode IKT-kunnskapar
Personlege eigenskapar
- Serviceinnstilt og imøtekommande i møte med pasientar og kollegaer
- Strukturert og nøyaktig, også i ein travel kvardag
- Sjølvstendig og ansvarsbevisst
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Trivst i eit tverrfagleg miljø
Vi tilbyr
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Triveleg arbeidsmiljø
- Spennande og utfordrande jobb
- Meningsfullt arbeid som gir personleg utvikling
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Belvira Omic, Seksjonsleiar, +47 995 91 403
Arbeidssted
Svanehaugvegen 2
6812 FØRDE
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse Førde
Referansenr.: 5208246565
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Søknadsfrist: 25.11.2026
Restid & pendling
Spara jobb & deadline-påminnelse
Sista ansökningsdag: 25 nov.Inte redo att söka direkt? Spara annonsen och få påminnelse innan den stänger
När du sparar tjänsten samlas den under Mina sidor (Ansökningskoll) och vi skickar automatiskt en påminnelse på mejlen 3 dagar innan sista ansökningsdag så att du inte missar att söka.
Representerar du arbetsgivaren? Få prioriterad topp-placering i Sunnfjord och dölj konkurrerande annonser på sidan.