Helsesekretær/sekretær
Kirurgisk serviceseksjon Førde, Helse FørdeOm tjänsten
Likar du ein variert arbeidskvardag der du får hjelpe både pasientar, pårørande og kollegaer? Då kan du vere den vi leitar etter.
Kirurgisk serviceseksjon har om lag 30 tilsette som utfører helsesekretær- og pasientadministrative oppgåver for dei kliniske avdelingane i Kirurgisk klinikk: ØNH-/Kjeveavdeling, augeavdeling, kvinneklinikken, kirurgisk avdeling, ortopedisk avdeling, dagkirurgisk senter samt skopi- og kirurgipoliklinikken.
Vi har ledig 100 % fast stilling frå 01.01.2027
Som tilsett hos oss blir du sjukehuset sitt ansikt utad, og ofte den første kontakten pasienten har med sjukehuset. Vi ser etter deg som møter pasientar, pårørande og kollegaer med openheit og hjelpsamheit. Du vil ha ei viktig administrativ rolle i pasientforløpet og bidreg til at kvardagen fungerer godt for både pasientar og behandlarar på sjukehuset.
Sjå videoen der Marielle fortel om kvardagen som helsesekretær – og kva som gir jobben hennar meining og verdi.
Er du tilsett i Helse Førde og ønskjer å gjere gjeldande fortrinnsrett til stillinga, ber vi deg opplyse om dette i søknaden.
Arbeidsoppgåver
Hos oss vil du mellom anna:
- svare på førespurnader frå pasientar og pårørande, både på telefon og ved fysisk oppmøte
- utføre bestillingar, til dømes tolk og transport
- følgje opp vidare pasientforløp
- arbeide med timeoppsett, ventelister, fristbrot og økonomisk oppgjer
- registrere og dokumentere i digitale system som DIPS, Meona og CheckWare
Kva kompetanse er viktig i den rolla?
- Autorisert helsesekretær eller helsefagarbeidar er ønskjeleg, men erfaring som sekretær/erfaring frå helsesektoren kan kompensere for formell utdanning
- Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
- Erfaring frå arbeid i sjukehus vil bli vektlagt
- Det er ønskjeleg med kjennskap til journalsystemet DIPS, Microsoft365, Meona og Orbit
Personlege eigenskapar
Kva ser vi etter hos deg?
- du tar ansvar og arbeider sjølvstendig
- du samarbeider godt og bidreg positivt i arbeidsmiljøet
- du tek initiativ og ser kva som må gjerast
- du klarer å prioritere og finne gode løysingar når det er travelt
- du arbeider strukturert og påliteleg
- du møter pasientar, pårørande og kollegaer på ein open og imøtekommande måte
- du lærer nye digitale system og arbeidsmåtar raskt
Personlege eigenskapar vert vektlagde.
Kvifor skal du velje oss?
Hos oss får du:
- lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- god opplæring i arbeidsoppgåvene og dei digitale systema vi bruker
- ein variert arbeidskvardag i eit fagmiljø med mange ulike oppgåver
- kollegaer som samarbeider godt og tek vare på kvarandre, også når det er travelt
- høve til fagleg utvikling gjennom kompetanseplanar, fagdagar og kurs
- gode pensjons- og forsikringsordningar
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Gitta Sas, Seksjonsleiar, +47 482 33 391
Arbeidssted
Svanehaugvegen 2
6812 Førde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse Førde
Referansenr.: 5207643175
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 24.11.2026
Restid & pendling
Spara jobb & deadline-påminnelse
Sista ansökningsdag: 24 nov.Inte redo att söka direkt? Spara annonsen och få påminnelse innan den stänger
När du sparar tjänsten samlas den under Mina sidor (Ansökningskoll) och vi skickar automatiskt en påminnelse på mejlen 3 dagar innan sista ansökningsdag så att du inte missar att söka.
Representerar du arbetsgivaren? Få prioriterad topp-placering i Sunnfjord och dölj konkurrerande annonser på sidan.