Klinikk psykisk helsevern for barn og unge har fleire poliklinikkar og sengepostar. Klinikken tilbyr barn og unge opp til 18 år utgreiing og behandling av psykiske lidingar. BUP Voss er ein allmenn poliklinikk som dekker fem kommunar (Ulvik, Voss, Kvam, Vaksdal og Eidfjord). Poliklinikken har 21 tilsette, med ulik fagleg bakgrunn. Frå 01.01.27 til 31.12.27 har vi ledig ein midlertidig 30% stilling for medisinarstudent med lisens. BUP'en er lokalisert i nye og flotte spesialbygde lokale i Knutepunktet Voss, som ligg på Voss stasjon. Voss ligg i hjartet av Fjord-Noreg, midt mellom Bergen, Hardangerfjorden og Sognefjorden. Kommunen har om lag 16 000 innbyggjarar og er eit knutepunkt for buss og tog. Voss har blitt verdskjend som ekstremsportbygda, og her kan du prøva deg på alt frå fallskjermhopping til rafting i trygge omgjevnadar. På sommaren kan du boltra deg på utallege vandreruter i Vossefjella, og på vinteren har du to skisenter å velja mellom. Voss Gondol, som startar på togstasjonen og tar deg rett til fjells, går heile året. Arbeidsoppgåver • Legeundersøkingar av pasientar • Medisinkontrollar • Oppfølging av pasientar som er i utgreiing/behandling Kvalifikasjonar • For stillinga er det krav om dokumentert midlertidig legelisens eller norsk autorisasjon • Særs god mestring av norsk, skriftleg og munnleg • Vedkomande som får tilbod om tilsetjing må legge fram godkjend politiattest (vandel) jfr Lov om helsepersonell § 20a. Personlege eigenskapar • Du har god fagleg vurderingsevne, arbeider målretta og strukturert • Høg fagleg og fagetisk medvit • Empatisk og respektfull i møte med pasientar og pårørande • Du har gode samarbeidsevner, er arbeidsvillig og initiativrik • Du trivast med å arbeide i eit tverrfagleg miljø • Vi vil legge stor vekt på personlege eigenskapar Vi tilbyr • Lønn iht gjeldande overeinskomst • Triveleg arbeidsmiljø • Meiningsfulle og fagleg engasjerande arbeidsoppgåver • Moglegheit til fagleg og personleg utvikling • Rettleiing av overlege • Delvis fleksibel arbeidstid • Moglegheit for reisetid i arbeidstid ved pendling • Nye og flotte lokale • Fjell og vakker natur rett utanfor kontordøra din Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. KontaktinformasjonMarianne Stordal Røynesdal, Seksjonsleiar, +47 90736587 ArbeidsstadSjukehusvegen 16 5704 Vossevangen Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Bergen HF Referansenr.: 5194044839 Stillingsprosent: 30% Engasjement Søknadsfrist: 27.10.2026
Klinikk psykisk helsevern for barn og unge har fleire poliklinikkar og sengepostar. Klinikken tilbyr barn og unge opp til 18 år utgreiing og behandling av psykiske lidingar. BUP Voss er ein allmenn poliklinikk som dekkjer fem kommunar (Ulvik, Voss, Kvam, Vaksdal og Eidfjord). Poliklinikken har 21 tilsette, med ulik fagleg bakgrunn. Frå 01.01.27 har vi ledig ein 100% fast stilling som psykolog på BUP Voss. BUP'en er lokalisert i nye og flotte spesialbygde lokale i Knutepunktet Voss, som ligg på Voss stasjon. Voss ligg i hjartet av Fjord-Noreg, midt mellom Bergen, Hardangerfjorden og Sognefjorden. Kommunen har om lag 16 000 innbyggjarar og er eit knutepunkt for buss og tog. Voss har blitt verdskjend som ekstremsportbygda, og her kan du prøva deg på alt frå fallskjermhopping til rafting i trygge omgjevnader. På sommaren kan du boltra deg på utallege vandreruter i Vossefjella, og på vinteren har du to skisenter å velja mellom. Voss Gondol, som startar på togstasjonen og tek deg rett til fjells, går heile året. Vedkommande som får tilbod om tilsetjing må legge fram godkjend politiattest (vandel) jfr Lov om helsepersonell § 20a. Arbeidsoppgåver • Utgreiing og behandling av psykiske lidingar hjå barn og unge • Koordinatoransvar for pasientar • Rettleiing av foreldre • Samarbeid med andre delar av spesialisthelsetenesta og 1. linetenesta • Familie- og systemarbeid • Tverrfagleg samarbeid Kvalifikasjonar • Norsk autorisasjon • Klinisk psykolog • Ønskeleg med erfaring frå utgreiing og behandling av psykiske vanskar hjå barn og unge • For stillinga er det krav om særs god meistring av norsk, skriftleg og munnleg Personlege eigenskapar • Trivast i eit tverrfagleg miljø og meistrar høgt tempo på arbeid • Evne til å jobba både sjølvstendig og systematisk • Bidrar positivt til eit fagleg og kollegialt godt arbeidsmiljø • Erfaring frå og ønskje om å arbeide i eit tverrfagleg team • Erfaring med DIPS er ein fordel • Vi vil legge stor vekt på personlege eigenskapar Vi tilbyr • Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst • Triveleg arbeidsmiljø med gode kollegaer • Høgt fagleg nivå • Fagleg og personleg utvikling • Få arbeide både sjølvstendig og i team med pasientarbeid • Arbeide med både individual terapi og gruppebehandling • Moglegheit til å gjennomføre spesialistutdanning • Kurs og rettleiing • Nye og flotte lokale • Fjell og vakker natur rett utanfor kontordøra din Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. KontaktinformasjonMarianne Stordal Røynesdal, Seksjonsleiar, +47 90736587 ArbeidsstadSjukehusvegen 16 5704 Vossevangen Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Bergen HF Referansenr.: 5193999983 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 27.10.2026
Jämför rekryteringshistorik, bolagsfakta och aktiva jobb.