Hoppa till huvudinnehållet
  • OrtVoss
  • Omfattning–
  • Sista ansökan8 dagar kvar
  • Publicerad14 okt.

Om tjänsten

Klinikk psykisk helsevern for barn og unge har fleire poliklinikkar og sengepostar. Klinikken tilbyr barn og unge opp til 18 år utgreiing og behandling av psykiske lidingar. BUP Voss er ein allmenn poliklinikk som dekkjer fem kommunar (Ulvik, Voss, Kvam, Vaksdal og Eidfjord). Poliklinikken har 21 tilsette, med ulik fagleg bakgrunn.

Frå 01.01.27 har vi ledig ein 100% fast stilling som psykolog på BUP Voss. BUP'en er lokalisert i nye og flotte spesialbygde lokale i Knutepunktet Voss, som ligg på Voss stasjon.

Voss ligg i hjartet av Fjord-Noreg, midt mellom Bergen, Hardangerfjorden og Sognefjorden. Kommunen har om lag 16 000 innbyggjarar og er eit knutepunkt for buss og tog. Voss har blitt verdskjend som ekstremsportbygda, og her kan du prøva deg på alt frå fallskjermhopping til rafting i trygge omgjevnader. På sommaren kan du boltra deg på utallege vandreruter i Vossefjella, og på vinteren har du to skisenter å velja mellom. Voss Gondol, som startar på togstasjonen og tek deg rett til fjells, går heile året.

Vedkommande som får tilbod om tilsetjing må legge fram godkjend politiattest (vandel) jfr Lov om helsepersonell § 20a.

Arbeidsoppgåver​

  • Utgreiing og behandling av psykiske lidingar hjå barn og unge
Koordinatoransvar for pasientar
Rettleiing av foreldre
Samarbeid med andre delar av spesialisthelsetenesta og 1. linetenesta
Familie- og systemarbeid
Tverrfagleg samarbeid

Kvalifikasjonar​

  • Norsk autorisasjon
Klinisk psykolog
Ønskeleg med erfaring frå utgreiing og behandling av psykiske vanskar hjå barn og unge
For stillinga er det krav om særs god meistring av norsk, skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar​

  • Trivast i eit tverrfagleg miljø og meistrar høgt tempo på arbeid
Evne til å jobba både sjølvstendig og systematisk
Bidrar positivt til eit fagleg og kollegialt godt arbeidsmiljø
Erfaring frå og ønskje om å arbeide i eit tverrfagleg team
Erfaring med DIPS er ein fordel
Vi vil legge stor vekt på personlege eigenskapar

Vi tilbyr​

  • Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
Triveleg arbeidsmiljø med gode kollegaer
Høgt fagleg nivå
Fagleg og personleg utvikling
Få arbeide både sjølvstendig og i team med pasientarbeid
Arbeide med både individual terapi og gruppebehandling
Moglegheit til å gjennomføre spesialistutdanning
Kurs og rettleiing
Nye og flotte lokale
Fjell og vakker natur rett utanfor kontordøra din

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

KontaktinformasjonMarianne Stordal Røynesdal, Seksjonsleiar, +47 90736587

ArbeidsstadSjukehusvegen 16

5704 Vossevangen

Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Bergen HF

Referansenr.: 5193999983

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 27.10.2026