Hoppa till huvudinnehållet
  • OrtVoss
  • Omfattning–
  • Sista ansökan8 dagar kvar
  • Publicerad14 okt.

Om tjänsten

Klinikk psykisk helsevern for barn og unge har fleire poliklinikkar og sengepostar. Klinikken tilbyr barn og unge opp til 18 år utgreiing og behandling av psykiske lidingar. BUP Voss er ein allmenn poliklinikk som dekker fem kommunar (Ulvik, Voss, Kvam, Vaksdal og Eidfjord). Poliklinikken har 21 tilsette, med ulik fagleg bakgrunn.

Frå 01.01.27 til 31.12.27 har vi ledig ein midlertidig 30% stilling for medisinarstudent med lisens. BUP'en er lokalisert i nye og flotte spesialbygde lokale i Knutepunktet Voss, som ligg på Voss stasjon.

Voss ligg i hjartet av Fjord-Noreg, midt mellom Bergen, Hardangerfjorden og Sognefjorden. Kommunen har om lag 16 000 innbyggjarar og er eit knutepunkt for buss og tog. Voss har blitt verdskjend som ekstremsportbygda, og her kan du prøva deg på alt frå fallskjermhopping til rafting i trygge omgjevnadar. På sommaren kan du boltra deg på utallege vandreruter i Vossefjella, og på vinteren har du to skisenter å velja mellom. Voss Gondol, som startar på togstasjonen og tar deg rett til fjells, går heile året.

Arbeidsoppgåver​

  • Legeundersøkingar av pasientar
Medisinkontrollar
Oppfølging av pasientar som er i utgreiing/behandling

Kvalifikasjonar​

  • For stillinga er det krav om dokumentert midlertidig legelisens eller norsk autorisasjon
Særs god mestring av norsk, skriftleg og munnleg
Vedkomande som får tilbod om tilsetjing må legge fram godkjend politiattest (vandel) jfr Lov om helsepersonell § 20a.

Personlege eigenskapar​

  • Du har god fagleg vurderingsevne, arbeider målretta og strukturert
Høg fagleg og fagetisk medvit
Empatisk og respektfull i møte med pasientar og pårørande
Du har gode samarbeidsevner, er arbeidsvillig og initiativrik
Du trivast med å arbeide i eit tverrfagleg miljø
Vi vil legge stor vekt på personlege eigenskapar

Vi tilbyr​

  • Lønn iht gjeldande overeinskomst
Triveleg arbeidsmiljø
Meiningsfulle og fagleg engasjerande arbeidsoppgåver
Moglegheit til fagleg og personleg utvikling
Rettleiing av overlege
Delvis fleksibel arbeidstid
Moglegheit for reisetid i arbeidstid ved pendling
Nye og flotte lokale
Fjell og vakker natur rett utanfor kontordøra din

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

KontaktinformasjonMarianne Stordal Røynesdal, Seksjonsleiar, +47 90736587

ArbeidsstadSjukehusvegen 16

5704 Vossevangen

Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Bergen HF

Referansenr.: 5194044839

Stillingsprosent: 30%

Engasjement

Søknadsfrist: 27.10.2026