Ytre Haram omsorgsdistrikt søkjer etter tilkallingsvikarar. Vi søkjer deg som kan stille opp ved behov, og som ønskjer å bidra til at brukarane våre får gode og trygge tenester. Ytre Haram omsorgsdistrikt består av Haram omsorgssenter, Ytre Haram og Nordøyane heimetenstedistrikt og to dagsenter for eldre. I tillegg har verksemda ansvar for nokre av kommunen sine BPA-ordningar. Vi er opptekne av å skape eit godt arbeidsmiljø i avdelingane våre, fokusere på fag og gi gode tenester til tenestemottakarane. Kommunalområde helse og omsorg består av Haram omsorgstenester og Haram butenester. Vi har ansvar for brukarar i alle aldrar, med mange ulike behov. For oss er det viktig å gi gode og målretta tenester, slik at den einskilde mottek den hjelpa ein treng til rett tid og på rett nivå i tenestetilbodet vårt. Den viktigaste ressursen vår er dei tilsette og vi ynskjer å vere ein arbeidsplass der ein opplever trivsel, utvikling og meistrar oppgåvene ein er sett til å gjere. Vi veit at framtida vil krevje nye arbeidsformer i kommunalområdet, noko vi arbeider aktivt med å sette oss i stand til å møte på ein god måte. Haram kommune er oppteken av gode, heilskaplege tenester, og har fokus på arbeid på tvers av tenesteområda for å skape gode tenester for innbyggjarane våre. I Haram jobbar vi for å spele kvarandre gode. Arbeidsoppgåver • Pleie og omsorg til brukarar • Ivareta dokumentasjonsplikta og ha fokus på å følgje faglege retningslinjer • Bidra til å realisere kommunen og eininga sine visjonar, mål og planar • Bidra til eit godt samarbeid mellom brukar og pårørande • Bidra til eit godt arbeidsmiljø Kvalifikasjonar • Helsepersonell og personar utan utdanning kan søkje • Førarkort klasse B for stilling i heimetenesta • Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg • Tilstrekkeleg IT-kompetanse til å kunne arbeide i journalsystem med pasientoppfølging • Krav om politiattest som ikkje er eldre enn 3 mnd • Personlege eigenskapar vert vektlagt Personlege eigenskapar • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner • Likar å jobbe med menneske • Fleksibel og løysingsorientert • Tek ansvar og samarbeider godt • Møter andre med respekt og varme • Kan jobbe sjølvstendig når det trengst • Må kunne bidra til eit godt arbeidsmiljø • Godt humør og ei positiv framtoning • Lojalitet mot arbeidsplass og kollegaer, og eigenskapar til å bidra til eit godt omdøme Vi tilbyr • Eit godt fagmiljø og god kollegastøtte • Stort fokus på teknologi og alternative måtar å arbeide på • Variert arbeid i møte med mange ulike menneske • God opplæring • Moglegheit for vidare vikaroppdrag og sommarjobb • Løn etter tariff KontaktinformasjonIngrid Beate Mathisen, Tenesteleiar, 90751954, ingrid.beate.mathisen@haram.kommune.no ArbeidsstedStorgata 20 6270 Brattvåg Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Haram kommune Referansenr.: 5101749617 Stillingsprosent: 0% Engasjement Søknadsfrist: 31.01.2027
Jämför rekryteringshistorik, bolagsfakta och aktiva jobb.