Hoppa till huvudinnehållet
Ytre Haram omsorgsdistrikt logo
Ledigt jobb

Tilkallingsvikarar

Ytre Haram omsorgsdistrikt
  • OrtHaram
  • OmfattningHeltid
  • Sista ansökan31 jan.
  • Publicerad30 mars

Om tjänsten

Ytre Haram omsorgsdistrikt søkjer etter tilkallingsvikarar. Vi søkjer deg som kan stille opp ved behov, og som ønskjer å bidra til at brukarane våre får gode og trygge tenester.

Ytre Haram omsorgsdistrikt består av Haram omsorgssenter, Ytre Haram og Nordøyane heimetenstedistrikt og to dagsenter for eldre. I tillegg har verksemda ansvar for nokre av kommunen sine BPA-ordningar. Vi er opptekne av å skape eit godt arbeidsmiljø i avdelingane våre, fokusere på fag og gi gode tenester til tenestemottakarane.

Kommunalområde helse og omsorg består av Haram omsorgstenester og Haram butenester. Vi har ansvar for brukarar i alle aldrar, med mange ulike behov. For oss er det viktig å gi gode og målretta tenester, slik at den einskilde mottek den hjelpa ein treng til rett tid og på rett nivå i tenestetilbodet vårt. Den viktigaste ressursen vår er dei tilsette og vi ynskjer å vere ein arbeidsplass der ein opplever trivsel, utvikling og  meistrar oppgåvene ein er sett til å gjere. Vi veit at framtida vil krevje nye arbeidsformer i kommunalområdet, noko vi arbeider aktivt med å sette oss i stand til å møte på ein god måte.

Haram kommune er oppteken av gode, heilskaplege tenester, og har fokus på arbeid på tvers av tenesteområda for å skape gode tenester for innbyggjarane våre. I Haram jobbar vi for å spele kvarandre gode.

Arbeidsoppgåver​

  • Pleie og omsorg til brukarar
Ivareta dokumentasjonsplikta og ha fokus på å følgje faglege retningslinjer
Bidra til å realisere kommunen og eininga sine visjonar, mål og planar
Bidra til eit godt samarbeid mellom brukar og pårørande
Bidra til eit godt arbeidsmiljø

Kvalifikasjonar​

  • Helsepersonell og personar utan utdanning kan søkje
Førarkort klasse B for stilling i heimetenesta
Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
Tilstrekkeleg IT-kompetanse til å kunne arbeide i journalsystem med pasientoppfølging
Krav om politiattest som ikkje er eldre enn 3 mnd
Personlege eigenskapar vert vektlagt

Personlege eigenskapar​

  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
Likar å jobbe med menneske
Fleksibel og løysingsorientert
Tek ansvar og samarbeider godt
Møter andre med respekt og varme
Kan jobbe sjølvstendig når det trengst
Må kunne bidra til eit godt arbeidsmiljø
Godt humør og ei positiv framtoning
Lojalitet mot arbeidsplass og kollegaer, og eigenskapar til å bidra til eit godt omdøme

Vi tilbyr​

  • Eit godt fagmiljø og god kollegastøtte
Stort fokus på teknologi og alternative måtar å arbeide på
Variert arbeid i møte med mange ulike menneske
God opplæring
Moglegheit for vidare vikaroppdrag og sommarjobb
Løn etter tariff

KontaktinformasjonIngrid Beate Mathisen, Tenesteleiar, 90751954, ingrid.beate.mathisen@haram.kommune.no

ArbeidsstedStorgata 20

6270 Brattvåg

Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Haram kommune

Referansenr.: 5101749617

Stillingsprosent: 0%

Engasjement

Søknadsfrist: 31.01.2027