Hoppa till huvudinnehållet
Avdeling Tennfjord barnehage, Haram kommune logo
Ledigt jobb

Tilkallingsvikarar

Avdeling Tennfjord barnehage, Haram kommune
  • OrtHaram
  • OmfattningHeltid
  • Sista ansökan13 dagar kvar
  • Publicerad28 sep.

Om tjänsten

Tennfjord barnehage ligg i naturskjønne omgjevnader med kort veg til skog, fjell og fjøre – som blir aktivt brukt gjennom heile året. Barnehagen har 97 barn og 33 tilsette fordelt på fem basar. Vi har eit godt fagmiljø der tilsette har lang erfaring og stort engasjement. Visjonen vår er: "Vi gjer kvarandre gode". Per idag er vi lokalisert på gamle Vatne barneskule, i påvente av utbygging i Tennfjord.

Vi treng no fleire tilkallingsvikarar som kan trå til på kort varsel ved sjukdom, ferie og liknande. Dette kan vere for korte eller lengre periodar. Vi søker etter dyktige vikarar som er aktive, leikne, omsorgsfulle og trygge vaksne.

Haram kommune er ein ambisiøs kommune som har fokus på gode, heilskaplege tenester. Vi jobbar fleksibelt og på tvers for å skape kvalitet for innbyggarane våre – og vi spelar kvarandre gode.

Arbeidsoppgåver

Arbeid med barn i alderen 0-6 år i tråd med barnehagelov og rammeplan for barnehagar, samt kommunen sine retningslinjer.

Bidra til at det enkelte barnet får medverke, oppleve positiv grensesetting, både enkeltvis og i gruppe
Gi omsorg, støtte og vere lyttande i møte med kvart enkelt barn
Medansvar for utvikling av det sosiale miljøet, og lærings- og danningsmiljøet i barnegruppa
Bidra i gjennomføring av det pedagogiske arbeidet på avdelinga/basen, innanfor dei rammene ein har blitt einige om
Følge opp den rettleiinga ein får
Ansvar for å sette seg inn i og følge barnehagen sine HMS-prosedyrar

Kvalifikasjonar

Den som vert tilsett vil måtte legge fram tilfredstillande politi– og tuberkulinattest.

Ha gode norskkunnskapar. Personar med eit anna førstespråk enn norsk eller samisk, må fylle språkkrav jamfør Barnehagelova §27.
Relevant utdanning og/eller erfaring er ønskeleg, men ikkje eit krav
Personlege eigenskapar blir vektlagt

Personlege eigenskapar

Vi søker deg som:

Har eit ønske om å arbeide med barn
Har god omsorgsevne og evne til å sjå og lytte til barna sine behov
Har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
Trivast i ein aktiv kvardag
Er glad i å vere ute
Er positiv, fleksibel og løysingsorientert

Vi tilbyr​

  • Givande arbeid i gode fag- og arbeidsmiljø
Moglegheit til å bestemme sjølv kor mykje du vil arbeide og når
Tilgang til kurs og kompetansehevande tiltak
Løn etter tariff
Moglegheit til å prøve å jobbe i ulike barnehagar

KontaktinformasjonGro Olsen Jenssen, Styrar, 95199275, gro.olsen.jenssen@haram.kommune.no

ArbeidsstadGjerdebakken 55

6265 Vatne

Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Haram kommune

Referansenr.: 5183396589

Stillingsprosent: 0%

Vikar

Startdato: 12.10.2026

Sluttdato: 31.07.2027

Søknadsfrist: 01.11.2026