IKT- konsulent laboratoriemedisin
Avdeling for medisinsk biokjemi og blodbank, Helse Møre og Romsdal HFOm tjänsten
Vil du bli vår nye kollega?
Klinikk for diagnostikk har ledig stilling som IKT-konsulent innan laboratoriemedisin.
Stillinga er i dag organisert i Avdeling for medisinsk biokjemi og blodbank. Den som vert tilsett skal arbeide tett saman med den andre IKT-konsulenten i Klinikk for diagnostikk og ha oppgåver i alle laboratoria i klinikken som er medisinsk biokjemi og blodbank, medisinsk mikrobiologi og patologi.
Laboratoria i Helse Møre og Romsdal nyttar Helseplattforma (HP) sitt laboratoriedatasystem Beaker (medisinsk biokjemi og medisinsk mikrobiologi), Sympathy (patologi) og Prosang (blodbank).
Stillinga inngår i eit team som ivaretek IKT-systema både for laboratoria i Helse Møre og Romsdal og regionalt i Helse Midt-Norge, og vil samarbeide tett med fagmiljøa på laboratoria, på tvers av helseforetaka og med dei regionale IKT leverandørane Helseplattforma og Hemit.
Arbeidsoppgåver
- Uttrekk av rapportar og statistikk frå HP, både månadlege oppgåver og på forespørsel.
Kvalifikasjonar
- IKT-kompetanse med erfaring frå spesialisthelsetenesta er ønskeleg, og kandidatar med bioingeniørbakgrunn vert spesielt oppfordra til å søke
Personlege eigenskapar
- Du er strukturert, målretta og løysingsorientert
Vi tilbyr
- Ei spennande stilling i eit fagmiljø med høg kompetanse og stort engasjement
KontaktinformasjonMarie Nora Roald, Avdelingssjef, +47 41570968
ArbeidsstadÅsehaugen 5
6017 Ålesund
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.: 5192697816
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 10.11.2026