Stord kommune er avhengig av sikre og stabile digitale løysingar for å levere gode tenester til innbyggjarane. Kommunen behandlar store mengder personopplysningar innan mellom anna helse og omsorg, barnevern, PPT, skule og administrative tenester.
Det er ledig fast 100% stilling som IKT-konsulent innan drift, informasjonssikkerheit og beredskap
Støtteeining IKT har ansvar for drift, vedlikehald og utvikling av kommunen si digitale plattform. Du vert del av eit erfarent IKT-team der me legg vekt på samarbeid, kunnskapsdeling og felles ansvar. Du får sjølvstendige ansvarsområde, men står ikkje åleine om oppgåvene.
Arbeids- og ansvarsområde:
Delta i operativ drift, herding og handtering av driftsavbrot og sikkerheitshendingar. Forvalte backup og gjenoppretting, gjennomføre testar og følgje opp avvik. Vedlikehalde IKT-beredskapsplan, tiltakskort og rutinar, og gjennomføre beredskapsøvingar. Gjennomføre og følgje opp ROS-analysar, DPIA-ar og databehandlaravtalar. Utarbeide og halde ved like rutinar, teknisk dokumentasjon og tiltakskort. Følgje opp leverandørar og sikkerheitskrav til skytenester. Ønska kvalifikasjonar:
Relevant utdanning innan IKT, informasjonssikkerheit, datakommunikasjon eller tilsvarande. Relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet. Erfaring med IKT-drift, Microsoft 365, Entra ID og skybaserte tenester. Kunnskap om backup, gjenoppretting, kontinuitet og IKT-beredskap. Kjennskap til informasjonssikkerheit, personvern, ROS-analysar og DPIA. Erfaring med leverandøroppfølging og vurdering av sikkerheitskrav er ønskjeleg. God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk. Evne til å arbeide sjølvstendig, strukturert og praktisk, og samarbeide godt med kollegaer, fagmiljø og leverandørar. Erfaring frå kommunal eller annan offentleg verksemd er ein fordel. Me kan tilby:
Varierte og meiningsfulle arbeidsoppgåver i eit tverrfagleg fagmiljø Eit godt arbeidsmiljø i eit erfarent team med samarbeid, kunnskapsdeling og felles ansvar Stord ve og vel med moglegheit for leige av leilegheiter i Røldal, Husøy med båt og utleige av tilhengarar m.m. Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med kommunalt avtaleverk Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.
Nærare opplysingar hos einingsleiar Gisle Østrem, tlf 97552005