Hoppa till huvudinnehållet
FYSIKALSK MEDISIN OG REHABILITERING, Helse Møre og Romsdal HF logo

Lege i spesialisering, Fysikalsk medisin og rehabilitering

FYSIKALSK MEDISIN OG REHABILITERING, Helse Møre og Romsdal HF
  • Ortålesund
  • Omfattning–
  • Sista ansökan16 dagar kvar
  • Publicerad18 nov.

Om tjänsten

Lurer du på kva du skal spesialisere deg innan? Kva med spesialiteten fysikalsk medisin og rehabilitering?

Vi treng fleire kollegaer på laget og har no ledig vikariat som lege i spesialisering (LIS) innan fysikalsk medisin og rehabilitering. Oppstart er om lag 15.01.2027, med varigheit til 30.09.2027.

Stillinga er ved seksjon for fysikalsk medisin og rehabilitering som tilhøyrer Klinikk for kreftbehandling og rehabilitering. Seksjonen inneheld sengepost med 20 senger + 4 senger på pasienthotellet. Pasientane som får tilbod på døgnpost er pasientar med komplekse fysiske og/eller kognitive funksjonsnedsettingar som følge av skade/sjukdom i sentralnervesystemet, det perifere nervesystemet, multitraumer og amputasjoner. Seksjonen yter også ambulante tenester og poliklinisk oppfølging før/etter innlegging til desse pasientgruppene. Seksjonen inneheld også poliklinikk for fysikalsk medisin, inklusiv HelseIArbeid poliklinikk. Det er tett arbeid i tverrfaglege team både sengepost og poliklinikk. Legegruppa er en ung og fremoverlent gruppe som bidrar til fagutvikling og til utdanning av nye spesialister. Vi har et godt arbeidsmiljø med sosiale møtepunkt både i og utenfor arbeidsplassen.

Sjekk gjerne vår instagramkonto FYSMED_ALESUND_HMR.

Arbeidsoppgåver

  • Sengepostarbeid
  • Poliklinisk arbeid

Kvalifikasjonar

  • Det er ønskeleg med erfaring innan fysikalsk medisin og rehabilitering, erfaring fra allmennmedisin er også positivt
  • Godkjent del 1 av spesialistutdanninga eller turnusteneste etter gammal ordning

Personlege eigenskapar

  • Du er fleksibel, løysingsorientert og initiativrik
  • Du har evne og interesse for tverrfagleg samarbeid
  • Du har gode kommunikasjonsevner
  • Du må beherske norsk munnleg og skriftleg

Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.

Vi tilbyr

  • Varierte oppgåver i eit tverrfagleg miljø med ca 10 ulike faggrupper
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Ein fremtidsretta arbeidgivar som hensyntar alle livsfasar
  • Internundervisning og fagutvikling
  • Rabattavtaler på treningssenter og sportskjeder
  • Deltaking i seksjonen si eiga løpe- og/eller innebandygruppe
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.

Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her.

Kontaktinformasjon

Synnøve Opsahl Melseth, Seksjonsleiar, 70105741, synnove.opsahl.melseth@helse-mr.no

Arbeidsstad

Åsehaugen 5

6017 Ålesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 5211203327

Stillingsprosent: 100%

Vikariat

Søknadsfrist: 06.12.2026

Inte redo att söka direkt? Spara annonsen så skickar vi en påminnelse 3 dagar före sista ansökningsdag.

Synka i iPhone-appen →

Restid & pendling

Representerar du FYSIKALSK MEDISIN OG REHABILITERING, Helse Møre og Romsdal HF? Lyft fram annonsen i Ålesund och dölj konkurrerande jobb.