Om tjänsten
Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL), er det ledig ei fast stilling i 100% som førsteamanuensis i praktisk og bevegelsesorientert pedagogikk ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett.
Om stillinga
Stillinga inngår i Institutt for idrett, kosthald og naturfag, og er tilknytta Nasjonalt senter for mat, helse og fysisk aktivitet.
Arbeidsstad er campus Bergen og det er ønskjeleg med oppstart 01.01.2027, eller så snart som mogeleg etter den dato.
Frå hausten 2026 aukar vi innsatsen vår på ein meir praktisk og fysisk aktiv skule gjennom ei auka tildeling frå Kunnskapsdepartementet. Arbeidet er ein del av regjeringas oppfølging av Stortingsmelding 34 (2023-24) om ein meir praktisk skule. Vi skal setje i gang, følgje opp og evaluere utviklingsprosjekt i skuler som skal stimulere til ein meir praktisk og fysisk aktiv skulekvardag. Samarbeidet med skulane skal bidra til kompetanseutvikling, erfaringsdeling og inspirasjon. Målet er praksisendring i skulane og stimulere til læring, motivasjon og trivsel for elevane. Den utlyste stillinga skal bidra i dette arbeidet.
Ansvars- og arbeidsoppgåver:
Stillinga har følgjande ansvars- og arbeidsoppgåvr:
Kvalifikasjonskrav:
Kriterier for tilsetting i stilling som førsteamanuensis framgår av Forskrift til universitets- og høyskoleloven .
Formell utdanning og kompetanse:
Personlige egenskaper:
Språkkrav:
Følgjande tel positivt i vurderinga:
Utdanningsfagleg kompetanse:
For stilling som førsteamanuensis skal utdanningsfagleg kompetanse dokumenterast med ein pedagogisk mappe og ein pedagogisk CV i tråd med Kvalifikasjonskrav til utdanningsfaglig basiskompetanse for ansettelse, opprykk og overgang ved HVL - Høgskulen på Vestlandet.
Søkjarar som ved tilsetting ikkje oppfyller krava i henhald til forskrifta må oppfylle dei innan to år. HVL tilbyr kurs i høgskulepedagogikk.
Sakkyndig vurdering:
Søkjarar til vitskapelege stillingar blir vurdert av ein sakkyndig komite. Vurderinga skjer på bakgrunn av dokumentert kompetanse, oversikt over arbeida, kor dei er offentleggjort og inntil 5 vitskaplige arbeid som skal leggjast ved søknaden i fulltekst. Tilsettelsesorgan er tilsettingsutvalg ved Høgskulen på Vestlandet.
Korleis søkje på stillinga?
Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stillingen” på denne sida.
Vi gjer merksam på at søknadar blir vurdert ut frå den informasjon som er lagt inn i www.jobbnorge.no ved søknadsfristens utløp. Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, herunder:
For førsteamanuensis skal utdanningsfaglig kompetanse dokumenterast med ein pedagogisk mappe og ein pedagogisk CV i tråd med Kvalifikasjonskrav til utdanningsfaglig basiskompetanse for ansettelse, opprykk og overgang ved HVL - Høgskulen på Vestlandet.
Dersom vitnemåla, karakterutskriftar eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsetjingar. Om vedleggae overstig 25 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenkje, total maksgrense for opplasting av vedlegg er 50 MB.
Søkjarar med utanlandsk utdanning må i tillegg dokumentere at utdanninga samsvarer med norsk bachelor-, master- eller ph.d.-grad. Sjå www.hkdir.no for mer informasjon om vurdering av høyere utdanning.
HK-dir tilbyr automatisk godkjenning for enkelte gradar frå utvalde land. Dersom utdanninga til søkjaren er dekka av ordninga med automatisk godkjenning, vil det vere tilstrekkeleg å leggje ved dokumentasjon på dette. Du kan lese meir om ordninga med automatisk godkjenning her.
Vi gjer merksam på at søknad om vurdering gjennom den ordinære godkjenningsordninga til HK-dir kan ta tid. Du bør difor sende søknad om godkjenning så raskt som mogeleg når du veit at du vil søkje på stillinga. Dersom du ikkje har fått svar frå HK-dir innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå HK-dir om at dei har motteke søknaden din.
Søknadane blir sendt elektronisk til den sakkyndige komiteen. På bakgrunn av komiteen si innstilling vil aktuelle søkjarar bli kalla inn til intervju og prøveundervisning.
Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskolen.
Vi tilbyr:
- Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
Stillinga som førsteamanuensis er lønna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1011 - førsteamanuensis.
Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.
Generell informasjon:
Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista blir handsama etter reglene i Offentlighetsloven. Søkjarar som har bede om slikt unntak, blir varsla dersom ønskje ikkje blir teke til følgje.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad gjenspegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.
Høgskolen på Vestlandet er underlagt forskrift for eksportkontrollsystem. Forskrifta kan kome til anvending i handsaminga av søknadane
Kontaktperson ved Høgskulen på Vestlandet:
Assisterande instituttleiar Ingrid Leversen
Tlf.: 55 58 75 33
E-post: ingrid.leversen@hvl.no
Inkludere, utfordre og samhandle
Les mer på våre hjemmesider.