Forsker i anvendt matematikk og berekningsvitskap for geologiske porøse materiale
Universitetet i BergenOm tjänsten
Kunnskap som formar samfunnet
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgAForskar i anvendt matematikk og berekningsvitskap for geologiske porøse materiale
Ved Matematisk institutt, i forskingsgruppa for porøse medier, er det ledig ei stilling som forskar innan anvendt matematikk og berekningsvitskap for geologiske porøse materiale.
Stillinga er finansiert av eksterne midlar. For perioden 2027–2031 er stillinga i hovudsak finansiert gjennom dei Forskingsrådsfinansierte sentera «Center for Sustainable Subsurface Resources» (CSSR) og «gigaCCS», der Universitetet i Bergen er partnar. Fast tilsette forskarar blir likevel oppmoda til å bidra til å sikre eiga ekstern finansiering, og på lengre sikt kan stillinga bli finansiert gjennom ein kombinasjon av prosjekt innan forskingsgruppa.
Om prosjektet/arbeidsoppgåver
Den som blir tilsett, vil spele ei sentral rolle i forskingsgruppa sitt arbeid innanfor begge dei nemnde sentera. Viktige arbeidsoppgåver og ansvarsområde vil vere:
a) Operasjonar med variable og/eller sykliske injeksjonsprofilar.
b) Lagring av CO₂ med varierande grad av ureiningar både i CO₂ og i reservoarvæskene.
c) Storskala operasjonar på tvers av fleire felt med betydeleg mekaniske interaksjon.
Kvalifikasjonar og eigenskapar
- Søkjarar må ha oppnådd ein grad tilsvarande ein norsk doktorgrad (PhD) innan berekningsretta og anvendt matematikk, eller doktorgrad innan eit nært tilgrensande fagområde (til dømes berekningsfysikk, bygg- og miljøteknikk eller informatikk), og kunne dokumentere tilsvarande kompetanse innan berekningsretta og anvendt matematikk. Søkjarar som har levert doktoravhandlinga si til vurdering innan søknadsfristen vil òg bli vurderte. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
I vurderinga av aktuelle kandidatar vil ei heilskapleg vurdering av både kvalitet og breidde i kandidatane si forsking bli gjennomført. Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli vektlagde.
Særeigne krav for stillinga
UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.
Stillinga er underlagd følgjande vilkår
- Forskaren vil vere medlem av den forskingsgruppa som fagområdet for stillinga høyrer til.
Vi kan tilby
- Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
Forskar 1109 i fast stilling kan søke om opprykk til forskar 1183 på grunnlag av kompetanseerklæring. Meir informasjon finst her: https://www.uib.no/matnat/125590/opprykk-til-forsker-kode-1183
Søknaden skal innehalde
- ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
• CV
Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.
Generell informasjon
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til professor Jan Martin Nordbotten, jan.nordbotten@uib.no eller instituttleiar Antonella Zanna Munthe-Kaas, antonella.zanna@uib.no.
For HR-relaterte spørsmål ta kontakt med HR rådgjevar Karoline Christiansen på karoline.christiansen@uib.no eller 55 58 47 70.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her.