Hoppa till huvudinnehållet
Laboratorieklinikken/ Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi (MBF), Helse Bergen HF logo
Ledigt jobb

Lege i spesialisering i medisinsk biokjemi, vikariat med moglegheit for forlenging 

Laboratorieklinikken/ Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi (MBF), Helse Bergen HF
  • OrtBergen
  • Omfattning–
  • Sista ansökan20 dagar kvar
  • Publicerad19 okt.

Om tjänsten

Vil du vere med på å forme kva tenester laboratoriet skal tilby i framtida? Ønsker du ein legejobb der du i stor grad styrer din eigen arbeidskvardag, med moglegheit for fordjuping i fleire medisinske problemstillingar? Som LIS hos oss får du ein unik moglegheit til å bidra til diagnostikk, forsking og utvikling innan eit fagfelt som stadig er i endring.

Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi (MBF) tilbyr eit breitt spekter av diagnostiske tenester som dekker alle fagområda innan medisinsk biokjemi. Avdelinga driv og forskings-, utviklings- og formidlingsaktivitet knytt til fleire av fagområda.

Avdelinga har tre legegrupper: Hormonlaboratoriet si legegruppe, Seksjon for medisinsk biokjemi og Seksjon for klinisk farmakologi. Stillinga er knytt til Hormonlaboratoriet si legegruppe, som i dag har 2,6 overlegestillingar og tre LIS.

Totalt har avdelinga 350 tilsette, fordelt på legegruppene, 12 analytiske seksjonar, ei eiga kvalitetsgruppe, IT-gruppe og stabsfunksjonar. Som lege ved avdelinga vil du ha arbeidsstad i Laboratoriebygget ved Haukeland universitetssjukehus.

Er du nysgjerrig på spesialiteten medisinsk biokjemi? Ta gjerne kontakt for ein uforpliktande prat om vikariatet og moglegheitene hos oss!

Oppstart 01.01.27 eller etter avtale.

Arbeidsoppgåver​

  • Vaktordning på dagtid (8-16)
Vurdering og kommentering av analysar
Rådgiving og rettleiing til rekvirerande legar og andre
Delta i arbeid knytta til metodeutvikling, referansegrenser, kvalitetsutvikling og etablering av nye analysar
Gjennomføre oppgåver i samband med akkreditering og kvalitetssikring
Moglegheit for fordjuping innan avdelinga si verksemd
Bidra med undervisning av andre tilsette i avdelinga

Kvalifikasjonar​

  • Den som blir tilsett som LIS må ha norsk autorisasjon og godkjend turnusteneste/LIS 1 eller teneste som etter gjeldande norsk regelverk kan leggast til grunn for tilsetting i LIS 2/3 stilling i medisinsk biokjemi.
Lege utan LIS1 kan og søke og bli vurdert for vikariat dersom det ikkje er kvalifiserte søkarar
Teneste ved sjukehuslaboratorium kan bli vektlagd
Klinisk teneste kan bli vektlagd
Søkar må meistre norsk og engelsk, både munnleg og skriftleg (Det blir kravd at ein kan dokumentere kunnskapar i norsk språk tilsvarande Bergenstesten B2)
God skriftleg dokumentasjonsevne
Søkar bør kunne utarbeide skriftleg informasjon på nynorsk
Personlege eigenskapar blir vektlagd

Personlege eigenskapar​

  • Du har interesse og motivasjon for fagfeltet medisinsk biokjemi
Du har interesse og motivasjon for forskning
Du tar initiativ til forbetring/utvikling i avdelinga
Du har god fagleg vurderingsevne og arbeider strukturert og målretta
Du kommuniserer tydeleg og forståeleg overfor kollegaer og samarbeidspartnarar
Du etablerer gode samarbeidsrelasjonar til alle nødvendige yrkesgrupper
Du har oversikt over eigne oppgåver og klarer å prioritere mellom desse
Du kan følge opp delegerte oppgåver

Vi tilbyr​

  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst mellom Helse Bergen og Dnlf
Spesialistutdanning i medisinsk biokjemi, inkludert sideutdanning dersom behov
Fagleg utvikling og moglegheit for fagleg fordjuping innan særskilde fagområde i medisinsk biokjemi
Gode moglegheiter for forsking innan vår forskingsverksemd
Triveleg og tverrfagleg arbeidsmiljø
Høgt fagleg nivå
Eit rikhaldig bedriftsidrettstilbod
Konkurransedyktig pensjonsordning. Yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

KontaktinformasjonKristin Viste, Einingsleiar, 55977812

ArbeidsstadHaukelandsveien 22

5021 Bergen

Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Bergen HF

Referansenr.: 5196133474

Stillingsprosent: 100%

Vikariat

Startdato: 01.01.2027

Sluttdato: 31.08.2027

Søknadsfrist: 09.11.2026