Hoppa till huvudinnehållet
  • OrtBergen
  • Omfattning–
  • Sista ansökan15 dagar kvar
  • Publicerad30 okt.

Om tjänsten

Om stillinga

Medisinsk klinikk, Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus har ledig to stillingar for lege i spesialisering i indremedisin, med moglegheit for spesialisering innan våre øvrige hovudspesialitetar; blodsjukdommar, endokrinologi, fordøyelsessjukdommar, geriatri, infeksjonssjukdommar og nyresjukdommar. Stillinga er ledig frå 01.03.2027.

Vi tilbyr spesialistutdanning som dekker heile utdanningsløpet i alle spesialitetane. Etter fullført spesialisering vil stillinga bli omgjort til stilling som legespesialist.

Klinikken har eigne seksjonar for blodsjukdommar, fordøyelsessjukdommar, hormonsjukdommar, geriatri, infeksjonssjukdommar, nyresjukdommar, klinisk ernæringsfysiologi, sosionomtenester, kontortenester og forsking. Klinikken har ansvar for diagnostikk og behandling av pasientar med eit breitt spekter av indremedisinske tilstandar og har fem sengepostar med 71 senger, mellom dei 12 overvakingssenger til våre ulike pasientkategoriar. Klinikken har vel 650 tilsette, har 5500 døgnopphald, mest øyeblikkeleg hjelp, og driv i tillegg ei stor poliklinisk verksemd med meir enn 80.000 konsultasjonar kvart år. Klinikken har eiga dialyseavdeling med 15.000 dialysar årleg og stor gastroenterologisk endoskopisk og ultrasonografisk verksemd.

Saman med Klinisk Institutt 1 og 2, Universitetet i Bergen, har klinikken ei stor forskingsverksemd.

Vedkommande som får tilbod om tilsetting må legge fram godkjend politiattest (vandel) jf. Lov om helsepersonell § 20a.

Arbeidsoppgåver

  • Delta i klinikken sine ulike aktivitetar
  • Delta i medisinsk forvaktsordning
  • Delta i undervisning i Medisinsk klinikk
  • Klinisk undervisning for studentar inngår i oppgåvene
  • Delta i kvalitets- og forbetringsarbeid i klinikken

Kvalifikasjonar

  • Den som blir tilsett må ha norska autorisasjon og godkjend tirnustjeneste/LIS1 eller tjeneste som etter gjeldande norsk regelverk kan leggast til grunn for tilsetting i LIS 2/3 stilling i indremedisin
  • Søkar må meistre norsk munnleg og skriftleg
  • Forskningsinteresse eller-erfaringer er ein fordel

Personlege eigenskapar

  • Vi søker etter lege med interesse for indremedisin
  • Må ha gode evner til å arbeide med pasientar
  • Må vere godt motivert, fleksibel og ha gode samarbeidsevnr på tvers av medarbeidargrupper

Vi tilbyr

  • Stimulerande arbeidsmiljø i ein aktiv klinikk med høg fagkompetanse
  • Sterkt fokus på praktisk og teoretisk opplæring, undervisning og forsking
  • Gode høve for deltaking i forsking
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Lønn etter gjeldane overeinskomstar

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Trond Bruun, Seksjonsleiar, Seksjon for infeksjonssjukdommar, 55975657, trond.bruun@helse-bergen.no

Steinar Skrede, Assisterande klinikkdirektør, 55972947, steinar.skrede@helse-bergen.no

Arbeidsstad

Haukelandsveien 22

5021 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen HF

Referansenr.: 5203039196

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 15.11.2026

Krav- & nyckelordscheck

Identifierade kompetenser & krav i annonsen:

Har du någon av dessa kompetenser? Klicka på ett ord för att lägga till det i din profil:

Ladda upp ditt CV som PDF eller bocka för dina kompetenser ovan.

Restid & pendling

Arbetsgivare • Medisinsk klinikk/ Seksjon for infeksjonssjukdommar, Helse Bergen HF

Representerar du arbetsgivaren? Få prioriterad topp-placering i Bergen och dölj konkurrerande annonser på sidan.