Hoppa till huvudinnehållet
Stend Vgs logo

Miljøarbeidar

Stend Vgs
  • OrtBergen
  • Omfattning–
  • Sista ansökan13 dagar kvar
  • Publicerad6 nov.

Om tjänsten

Stend vidaregåande skule har om lag 550 elevar innan naturbruk, idrettsfag, sal, service og reiseliv, påbygging til generell studiekompetanse og klassar med redusert elevtal. Skulen ligg vakkert til ved Fanafjorden i Bergen kommune og har om lag 200 tilsette. Stend vidaregåande skule arbeider aktivt med å utvikle organisasjonen og studietilbodet, slik at tilbodet til den einskilde eleven skal bli best mogleg. Skulen har store ambisjonar, og har som mål å vere leiande innanfor dei programområda skulen tilbyr. Stend har fokus på læring gjennom praksis og tett samarbeid med næringslivet. Skulen har for tida 10 klassar med redusert elevtal innan arbeidstrening og kvardagslivstrening. I tillegg gjev skulen nokre elevar opplæring gjennom individuelle tiltak. Desse stillingane vil i all hovudsak ha arbeidsoppgåvene sine knytte til Sosial grunnkompetanse.

Arbeidsoppgåver

Støtte den einskilde eleven sitt læringsarbeid og fremje trivsel gjennom målretta rettleiing og aktiv medverknad til eleven si faglege og sosiale utvikling.

Arbeide systematisk for å hjelpe elevane med å utvikle ferdigheiter som gjer dei i stand til å meistre eit mest mogleg sjølvstendig liv som vaksne.

Gjennomføre aktivitetar og læringsøkter i tråd med pedagogiske planar.

Samarbeide tett med lærarar, miljøarbeidarar og leiar for å nå pedagogiske mål.

Kvalifikasjonar

Vi søkjer personar med kompetanse og erfaring frå arbeid retta mot barn og ungdom med samansette utfordringar.

Det er ønskjeleg med minimum fagbrev.

Personlege eigenskapar

Du har gode samarbeidsevner og høg relasjonskompetanse.

Du trivst med å arbeide i team, samstundes som du evnar å jobbe sjølvstendig.

Du er tålmodig, raus, tydeleg og strukturert.

Du er fleksibel og løysingsorientert, og handterer uventa endringar i arbeidskvardagen på ein god måte.

Du er positiv, lærevillig og har eit godt humør.

Du er trygg i arbeid med ungdom som kan ha utfordrande åtferd.

Personlege eigenskapar vil bli tillagd stor vekt i denne stillinga.

Vi tilbyr

Løns- og arbeidsvilkår fastsett i lov og avtaleverk.

Gode forsikrings- og pensjonsordningar.

Stend er ein arbeidsplass med godt sosialt miljø og stor fagleg breidde, der du vert inkludert i eit aktivt og positivt miljø.

Andre opplysningar:

Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk.

Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.

Den som skal tilsetjast i vidaregåande skule må leggje fram politiattest.

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

Kontaktinformasjon

Frode Skudal, avdelingsleiar, +4795968765

Arbeidssted

Fanavegen 249

5244 Fana

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Vestland fylkeskommune

Referansenr.: 5205666992

Stillingsprosent: 84,68%

Fast

Søknadsfrist: 20.11.2026

Restid & pendling

Spara jobb & deadline-påminnelse

Sista ansökningsdag: 20 nov.

Inte redo att söka direkt? Spara annonsen och få påminnelse innan den stänger

När du sparar tjänsten samlas den under Mina sidor (Ansökningskoll) och vi skickar automatiskt en påminnelse på mejlen 3 dagar innan sista ansökningsdag så att du inte missar att söka.

Arbetsgivare • Stend Vgs

Representerar du arbetsgivaren? Få prioriterad topp-placering i Bergen och dölj konkurrerande annonser på sidan.