Hoppa till huvudinnehållet
  • OrtBergen
  • Omfattning–
  • Sista ansökan4 dagar kvar
  • Publicerad14 okt.

Om tjänsten

Vi har ledig ei vikariatstilling for psykolog i Rus- og avhengigheitsklinikken sin poliklinikk i Engenhuset.

Poliklinikken i Engenhuset har eit solid og unikt fagmiljø i nasjonal og internasjonal samanheng. Vi arbeider metodisk og systematisk med behandling gjennom vekentleg tverrfagleg rettleiing i team, og samarbeider med fleire solide forskningsmiljø. Rettleiinga går føre seg i team beståande av psykologspesialist og psykolog, spesialist i rusmedisin, psykiater, sosionom og vernepleiar. Sektorteamet har tett samarbeid med Betanien og Voss DPS, i tillegg til mellom anna primærhelsetjenesta. Vi har nyleg utvikla eBehandling for pengespelavhengigheit, og skal også ta i bruk eBehandling for alkoholavhengigheit.

Poliklinikken held sentralt til i heilt nye sentrale lokaler i Håkonsgaten 1 saman med fleire andre seksjoner i Rus- og avhengigheitsklinikken. Det er kort avstand til kollektivtransport. I poliklinikken er det 36 tilsette, av desse er 13 psykologspesialistar, 6 psykologar og 5 legar. Den tverrfaglege bemanninga består elles av erfarne sosionomar, spesialsjukepleiarar, vernepleiarar og musikkterapeut, samt merkantilt tilsette. Ein sosionom i kvart team tek ansvar for sosialfaglege oppgåver, slik at terapeutane kan ha hovudfokus på terapi og endringsprosessar. I tillegg samarbeider teama med jobbkonsulentar (IPS), som har fokus på å hjelpe pasientar som ønskjer det inn i ordinært, lønna arbeid.

Stillinga er ledig frå 4. januar 2027.

Arbeidsoppgåver​

  • Utgreiing og behandling av rusavhengige, ofte ROP-tilstandar
Samhandling og rettleiing av samarbeidspartnarar internt og eksternt mot kommunale tenester
Deltaking i internt utviklingsarbeid og rettleiing er forventa
Individualterapi og gruppeterapi

Kvalifikasjonar​

  • Norsk autorisasjon som psykolog
Særs gode kunnskapar i norsk, både munnleg og skriftleg
Erfaring med arbeid innan rusbehandling, psykisk helsevern eller fengsel/ kriminalomsorg vil vere ein fordel

Personlege eigenskapar​

  • Du bidrar positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø
Du trivast med å arbeide i eit tverrfagleg miljø og meistrar høgt tempo
Du har god fagleg vurderingsevne, arbeider målretta og strukturert
Du må kunne arbeide godt både sjølvstendig og i team
Du arbeider målretta og toler å stå i krevande situasjonar
Det blir lagt særleg vekt på personleg egnethet

Vi tilbyr​

  • Lønn etter avtale
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Triveleg arbeidsmiljø
Høgt fagleg nivå og engasjement
Fagleg og personleg utvikling
Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

KontaktinformasjonErlend Wittrup Djup, Seksjonsleiar, +47 90027883

ArbeidsstadHaukelandsveien 22

5021 Bergen

Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Bergen HF

Referansenr.: 5184392907

Stillingsprosent: 100%

Vikariat

Søknadsfrist: 23.10.2026