Hoppa till huvudinnehållet
Svelgen omsorgssenter, Bremanger kommune logo

Helsefagarbeidar ved Svelgen Omsorgssenter

Svelgen omsorgssenter, Bremanger kommune
  • OrtBremanger
  • Omfattning–
  • Sista ansökan14 dagar kvar
  • Publicerad20 okt.

Om tjänsten

Er du helsefagarbeidar og ønskjer deg ei trygg, fast stilling i eit fagleg sterkt og inkluderande arbeidsmiljø? Svelgen omsorgssenter har no ledig 100% fast stilling som helsefagarbeidar.

Svelgen omsorgssenter stod ferdig i 2016 og er eit moderne og tilrettelagt bu- og arbeidsmiljø. Her bur pasientane i lyse, trivelege omgjevnader – og du får ein arbeidsplass med gode fasilitetar og dyktige kollegaer.

Vi har 48 bueiningar fordelt på fem avdelingar, organisert etter diagnosar og hjelpebehov. I tillegg har vi eit lindrande rom. Arbeidskvardagen er variert, lærerik og gir deg brei erfaring på kort tid.

Vi arbeider i årsturnus, der du får moglegheit til å påverke eiga arbeidstid og fritid.

Arbeidsoppgåver

Som helsefagarbeidar hos oss vil du få ei variert og meiningsfull rolle. Du vil mellom anna:

Arbeide med ei brei pasientgruppe med ulike medisinske behov
Gi heilskapleg omsorg og ivareta individuelle behov
Mogelegheit til å delta i ressursgrupper innan t.d. rehabilitering, demens, akuttmedisin, palliativ omsorg og kreft
Bidra til dokumentasjon, rettleiing og undervisning
Samarbeide tett med kollegaer på tvers av avdelingar

Kvalifikasjonar (overskrift)​

  • Norsk autorisasjon som helsefagarbeidar
Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
Evne til å arbeide godt i team
Fleksibel og positiv til endringar
Politiattest av nyare dato

Vi ser etter deg som er motivert, fagleg engasjert og trygg i rolla di. Du trivst med menneske, tek ansvar og ønskjer å bruke kompetansen din til det beste for pasientane våre.

Du må kunne sette deg inn i ulike sjukdomsbilde og behandlingsmetodar, og bidra til eit godt og profesjonelt arbeidsmiljø.

Serviceinnstilling og personleg eignaheit blir vektlagt.

Bremanger kommune har fleire gode ordningar for deg som ønskjer å busette deg her:

Hjelp til å finne bustad og barnehageplass
Gratis barnehage
Gratis 12 timar SFO i veka for elevar i 1.–3. klasse
Fritidskortet som sikrar minst eit gratis fritidsstilbod i året for barn og unge mellom 6 og 18 år.
Rekrutteringstilskot til nytilsette; årleg tilskot på kr. 30 000,- i inntil fem år (totalt kr. 150 000 kroner)
Bustadtilskot på 200 000 kroner til førstegangsetablerarar under 50 år.

Les meir om ordningane på https://bremanger.kommune.no/rekrutteringstiltak/

I tillegg får du:

Eit godt arbeidsmiljø med humor, samhald og høg fagleg kvalitet
Gode forsikringsordningar i arbeid og fritid
Rekrutteringstilskot til helsefagarbeidar med kr. 30 000 per år inntil 10 års ansiennitet.
Gode pensjons- og låneordningar gjennom KLP, Kommunal Landspensjon.
Moglegheit for vidareutdanning og fagleg utvikling, med mogleg kompensasjon
Arbeidsgjevar dekker arbeidsklede etter lokal avtale
Senioravtale for tilsette over 62 år

Du er velkomen som søkjar til eit godt fagleg og spanande arbeidsmiljø ilag med gode kollegear!

KontaktinformasjonHilde Gretha Hauge, Driftssjef open omsorg indre, +47 95989310

ArbeidsstadGranden 1

6723 Svelgen

Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Bremanger kommune

Referansenr.: 5197849567

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 04.11.2026