Lediga jobb i Bremanger
Hitta ditt nästa jobb i Bremanger kommun. Utforska 8 aktuella annonser, se vilka arbetsgivare som rekryterar mest och matcha ditt CV mot marknaden.
- Aktiva annonser
- 8 tjänster
- Region & län
- Vestland
Aktuella jobb i Bremanger
Visar de senaste annonsernaLærling automasjon
SFE er ein av dei største produsentane av fornybar energi på Vestlandet. Kvar dag jobbar vi for å sikre trygg og stabil kraftproduksjon frå våre vasskraftverk, og vi treng dyktige fagfolk også i framtida. Vi er godkjend lærebedrift innan automasjonsfaget og tek kvart år inn nye lærlingar ved kraftverka våre. No søkjer vi deg som ønskjer ei spennande og lærerik læretid i ei framtidsretta næring. Kva jobbar ein automatikar med i kraftbransjen? Som automatikarlærling får du arbeide med drift, vedlikehald og vidareutvikling av styre-, regulerings- og overvakingssystem som er avgjerande for kraftproduksjonen vår. Du vil vere med på å sikre at avanserte tekniske anlegg fungerer trygt og effektivt. Gjennom læretida får du arbeide med instrumentering, sensorar, kontrollanlegg, PLS-system, feilsøking og vedlikehald av automatiserte prosessar. Du vil samarbeide tett med erfarne fagarbeidarar, ingeniørar og andre spesialistar i eit tverrfagleg miljø. Som lærling i SFE får du • opplæring i tråd med læreplanen for automasjonsfaget • tett oppfølging frå fagleg leiar og instruktørar • erfaring frå drift, vedlikehold og prosjekt i våre kraftverk • arbeide med moderne teknologi og kritisk infrastruktur • vere ein del av eit godt og inkluderande arbeidsmiljø • gode velferdsordningar Vi ser etter deg som er nysgjerrig og har interesse for teknologi, automasjon og digitale løysingar, likar å finne årsaker til feil og løyse tekniske utfordringar, er praktisk anlagt og ønskjer å lære gjennom erfaring, er ansvarsbevisst og har fokus på kvalitet i arbeidet, samarbeider godt med andre, og som sjølvsagt har eit stort fokus på tryggleik og ønskjer å bidra til eit godt HMS-miljø. Kvifor velje SFE? I SFE får du jobbe med straumproduksjon - som er avgjerande for samfunnet vi lev i. Arbeidet du gjer som lærling er ein viktig del av verdikjeda, og bidreg til at anlegga våre blir drivne sikkert, effektivt og framtidsretta. Vi er stolte av det gode arbeidsmiljøet vårt, det sterke fokuset på HMS og den høge faglege kompetansen i organisasjonen. Hos oss blir du teken på alvor, får ansvar undervegs og gode moglegheiter til utvikling. Som lærling i automasjonsfaget kan du ha oppmøtestad i Ålfoten eller i Svelgen, begge i Bremanger kommune. Vil du starte karrieren din i fornybarnæringa? Då håpar vi å høyre frå deg. For spørsmål ta kontakt med leiar kraftverksdrift Jens Gule på telefon 913 50 826.
Lærling energioperatør
SFE er ein av dei største produsentane av fornybar energi på Vestlandet. Kvar dag jobbar vi for å sikre trygg og stabil kraftproduksjon frå våre vind- og vasskraftverk, og vi treng dyktige fagfolk også i framtida. Vi er godkjend lærebedrift innan energioperatørfaget og tek kvart år inn nye lærlingar ved kraftverka våre. No søkjer vi deg som ønskjer ei spennande læretid i ei framtidsretta næring. Kva jobbar ein energioperatør med? Som energioperatør er du med på å overvake, drifte, vedlikehalde og utvikle anlegg som produserer fornybar energi. Du får arbeide med avansert teknologi, mekaniske og elektriske installasjonar, feilsøking og vedlikehald av kraftverk og tekniske anlegg. Gjennom læretida får du varierte arbeidsoppgåver ute i anlegga våre i tett samarbeid med erfarne fagarbeidarar og ingeniørar. Som lærling i SFE får du • opplæring i tråd med læreplanen for energioperatørfaget • tett oppfølging frå fagleg leiar og instruktørar • erfaring frå drift, vedlikehald og prosjekt i våre kraftverk • arbeide med moderne teknologi og kritisk infrastruktur • vere ein del av eit godt og inkluderande arbeidsmiljø • gode velferdsordningar Vi ser etter deg som er nysgjerrig og har interesse for teknologi og energi, likar praktisk arbeid og å bruke både hovud og hender, er løysingsorientert og ansvarsbevisst, samarbeider godt med andre, og som sjølvsagt har eit stort fokus på tryggleik og ønskjer å bidra til eit godt HMS-miljø Kvifor velje SFE? I SFE får du jobbe med straumproduksjon - som er avgjerande for samfunnet vi lev i. Arbeidet du gjer som lærling er ein viktig del av verdikjeda. Vi er stolte av det gode arbeidsmiljøet vårt, det sterke fokuset på HMS og den faglege kompetansen i organisasjonen. Hos oss blir du teken på alvor, får ansvar undervegs og gode moglegheiter til utvikling. Som lærling i energioperatørfaget kan du ha oppmøtestad i Ålfoten eller i Svelgen, begge i Bremanger kommune. Vil du starte karrieren din i fornybarnæringa? Då håpar vi å høyre frå deg. For spørsmål ta kontakt med leiar kraftverksdrift Jens Gule på telefon 913 50 826.
Sommarjobb 2026 - vedlikehaldsarbeid (Svelgen)
Ønskjer du ein aktiv og meiningsfull sommarjobb? Då kan ein sommarjobb hos SFE vere noko for deg. For deg som går på vidaregåande skule eller er i starten av studiane, er dette ein fin moglegheit til å bli kjent med energibransjen og få verdifull arbeidserfaring. Vi ser etter sommarvikarar som kan hjelpe til med enkle drifts- og vedlikehaldsoppgåver ved kraftanlegga våre. Arbeidsoppgåvene kan mellom anna vere plenslått, målearbeid, rydding og anna praktisk arbeid. Arbeidsstad kan vere i Ålfoten eller Svelgen. Jobben passar godt for deg som trivst med praktiske oppgåver og likar å arbeide ute. Dersom du er i gang med ei yrkesfagleg utdanning innan elektro, automasjon eller liknande fag, kan vi i nokre tilfelle tilpasse arbeidsoppgåvene slik at du får relevant erfaring frå fagområdet ditt. Det er ein fordel om du har fylt 18 år og har førarkort klasse B, men dette er ikkje eit krav. Sommarjobben varer normalt mellom tre og fem veker. Behovet er størst frå starten eller midten av juni og utover sommaren. I søknaden ønskjer vi at du opplyser om: • kva veker du kan arbeide • kva for lokasjon(ar) som er aktuelle for deg SFE forvaltar kritisk infrastruktur. Før tilsetting vil vi derfor, etter samtykke frå kandidaten, gjennomføre bakgrunnssjekk og personkontroll i samsvar med kraftberedskapsforskrifta. Aktuelle kandidatar vil få nærare informasjon om prosessen. Tilsetting føreset godkjend bakgrunnssjekk. #Sommarjobb #SommarjobbNordfjord
Sommarjobb 2026 - vedlikehaldsarbeid (Ålfoten)
Ønskjer du ein aktiv og meiningsfull sommarjobb? Då kan ein sommarjobb hos SFE vere noko for deg. For deg som går på vidaregåande skule eller er i starten av studiane, er dette ein fin moglegheit til å bli kjent med energibransjen og få verdifull arbeidserfaring. Vi ser etter sommarvikarar som kan hjelpe til med enkle drifts- og vedlikehaldsoppgåver ved kraftanlegga våre. Arbeidsoppgåvene kan mellom anna vere plenslått, målearbeid, rydding og anna praktisk arbeid. Arbeidsstad kan vere i Ålfoten eller Svelgen. Jobben passar godt for deg som trivst med praktiske oppgåver og likar å arbeide ute. Dersom du er i gang med ei yrkesfagleg utdanning innan elektro, automasjon eller liknande fag, kan vi i nokre tilfelle tilpasse arbeidsoppgåvene slik at du får relevant erfaring frå fagområdet ditt. Det er ein fordel om du har fylt 18 år og har førarkort klasse B, men dette er ikkje eit krav. Sommarjobben varer normalt mellom tre og fem veker. Behovet er størst frå starten eller midten av juni og utover sommaren. I søknaden ønskjer vi at du opplyser om: • kva veker du kan arbeide • kva for lokasjon(ar) som er aktuelle for deg SFE forvaltar kritisk infrastruktur. Før tilsetting vil vi derfor, etter samtykke frå kandidaten, gjennomføre bakgrunnssjekk og personkontroll i samsvar med kraftberedskapsforskrifta. Aktuelle kandidatar vil få nærare informasjon om prosessen. Tilsetting føreset godkjend bakgrunnssjekk. #Sommarjobb #SommarjobbNordfjord
Sjukepleiar
Er du sjukepleiar og på jakt etter ein jobb der du får brukt både fagkunnskap, omsorg og samarbeidsevner? På Bremanger sjukeheim har vi no ledig ei fast 100% sjukepleiarstilling i bemannigsbasen, og vi ønskjer oss ein kollega som vil vere med og skape gode dagar for pasientane våre. Hos oss får du ein variert arbeidskvardag der du lærer mykje på kort tid. Sjukeheimen har 35 bueiningar fordelt på tre avdelingar – ei av dei er spesielt tilrettelagt for personar med demens, og vi har også eit lindrande rom. Du blir ein del av eit fagmiljø som jobbar tett saman, og som set pris på humor, støtte og gode kollegaer. Vi jobbar i årsturnus, og du får vere med og påverke både arbeidstid og fritid. Arbeidsoppgåver Dette blir ein variert og lærerik kvardag, med moglegheit til fagleg fordjuping i fleire ressursgrupper, mellom anna: rehabilitering, demens, akuttmedisin, palliativ omsorg og kreft. Du vil mellom anna: • Utføre sjukepleiefaglege oppgåver hos pasientane • Følgje opp ei brei pasientgruppe med ulike behov • Gi heilskapleg omsorg for eldre menneske • Vurdere og ivareta individuelle behov • Delta i ressursgrupper og fagutvikling • Dokumentere, rettleie og undervise Kvalifikasjonar (overskrift) • Norsk autorisasjon som sjukepleiar • Erfaring frå akuttmedisin er ein fordel • Trivst med teamarbeid og samarbeid på tvers • Omstillingsdyktig og løysingsorientert • Politiattest av nyare dato • Beherskar norsk godt, både skriftleg og munnleg Vi ser etter ein sjukepleiar som møter pasientane med varme, tryggleik og fagleg nysgjerrigheit. Du trivst med menneske, og du ønskjer å bruke kompetansen din til det beste for kvar enkelt pasient. Arbeidskvardagen hos oss er variert, og du må kunne sette deg inn i ulike sjukdomsbilde og tilpasse deg nye situasjonar. Du jobbar godt sjølvstendig, men set også pris på å vere ein del av eit lag som støttar kvarandre. Serviceinnstilling, samarbeidsevne og personleg eignaheit vil bli vektlagt. Bremanger kommune har fleire gode ordningar for deg som ønskjer å busette deg her: • Hjelp til å finne bustad og barnehageplass • Gratis barnehage • Gratis 12 timar SFO i veka for elevar i 1.–3. klasse • Fritidskortet som sikrar minst eit gratis fritidsstilbod i året for barn og unge mellom 6 og 18 år. • Rekrutteringstilskot til nytilsette som er/blir folkeregistrert i Bremanger kommune; årleg tilskot på kr. 30 000,- i inntil fem år (totalt kr. 150 000 kroner) • Bustadtilskot på 200 000 kroner til førstegangsetablerarar under 50 år. Les meir om ordningane på https://bremanger.kommune.no/rekrutteringstiltak/ I tillegg får du: • Eit godt arbeidsmiljø med humor, samhald og høg fagleg kvalitet • Gode forsikringsordningar i arbeid og fritid • Rekrutteringstilskot til sjukepleiar med kr. 30 000 per år inntil 10 års ansiennitet. • Gode pensjons- og låneordningar gjennom KLP, Kommunal Landspensjon. • Moglegheit for vidareutdanning og fagleg utvikling, med mogleg kompensasjon • Arbeidsgjevar dekker arbeidsklede etter lokal avtale • Senioravtale for tilsette over 62 år Du er velkomen som søkjar til eit godt fagleg og spanande arbeidsmiljø ilag med gode kollegear! KontaktinformasjonEvy Janne Berle, Driftssjef, +47 95982944 ArbeidsstadGamlevegen 59 6729 Kalvåg Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Bremanger kommune Referansenr.: 5192863458 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 26.10.2026
Helsefagarbeidar
Er du helsefagarbeidar og på jakt etter ein jobb der du får brukt både fagkunnskap, omsorg og samarbeidsevner? På Bremanger sjukeheim har vi no ledig ei fast 100% helsefagarbeidarstilling i bemannigsbasen, og vi ønskjer oss ein kollega som vil vere med og skape gode dagar for pasientane våre. Hos oss får du ein variert arbeidskvardag der du lærer mykje på kort tid. Sjukeheimen har 35 bueiningar fordelt på tre avdelingar – ei av dei er spesielt tilrettelagt for personar med demens, og vi har også eit lindrande rom. Du blir ein del av eit fagmiljø som jobbar tett saman, og som set pris på humor, støtte og gode kollegaer. Vi jobbar i årsturnus, og du får vere med og påverke både arbeidstid og fritid. Arbeidsoppgåver Dette blir ein variert og lærerik kvardag, med moglegheit til fagleg fordjuping i fleire ressursgrupper, mellom anna: rehabilitering, demens, akuttmedisin, palliativ omsorg og kreft. Du vil mellom anna: • Utføre sjukepleiefaglege oppgåver hos pasientane • Følgje opp ei brei pasientgruppe med ulike behov • Gi heilskapleg omsorg for eldre menneske • Vurdere og ivareta individuelle behov • Delta i ressursgrupper og fagutvikling • Dokumentere, rettleie og undervise Kvalifikasjonar (overskrift) • Norsk autorisasjon som helsefagarbeidar • Erfaring frå akuttmedisin er ein fordel • Trivst med teamarbeid og samarbeid på tvers • Omstillingsdyktig og løysingsorientert • Politiattest av nyare dato • Beherskar norsk godt, både skriftleg og munnleg Vi ser etter ein helsefagarbeidar som møter pasientane med varme, tryggleik og fagleg nysgjerrigheit. Du trivst med menneske, og du ønskjer å bruke kompetansen din til det beste for kvar enkelt pasient. Arbeidskvardagen hos oss er variert, og du må kunne sette deg inn i ulike sjukdomsbilde og tilpasse deg nye situasjonar. Du jobbar godt sjølvstendig, men set også pris på å vere ein del av eit lag som støttar kvarandre. Serviceinnstilling, samarbeidsevne og personleg eignaheit vil bli vektlagt. Bremanger kommune har fleire gode ordningar for deg som ønskjer å busette deg her: • Hjelp til å finne bustad og barnehageplass • Gratis barnehage • Gratis 12 timar SFO i veka for elevar i 1.–3. klasse • Fritidskortet som sikrar minst eit gratis fritidsstilbod i året for barn og unge mellom 6 og 18 år. • Rekrutteringstilskot til nytilsette som er/blir folkeregistrert i Bremanger kommune; årleg tilskot på kr. 30 000,- i inntil fem år (totalt kr. 150 000 kroner) • Bustadtilskot på 200 000 kroner til førstegangsetablerarar under 50 år. Les meir om ordningane på https://bremanger.kommune.no/rekrutteringstiltak/ I tillegg får du: • Eit godt arbeidsmiljø med humor, samhald og høg fagleg kvalitet • Gode forsikringsordningar i arbeid og fritid • Rekrutteringstilskot til sjukepleiar med kr. 30 000 per år inntil 10 års ansiennitet. • Gode pensjons- og låneordningar gjennom KLP, Kommunal Landspensjon. • Moglegheit for vidareutdanning og fagleg utvikling, med mogleg kompensasjon • Arbeidsgjevar dekker arbeidsklede etter lokal avtale • Senioravtale for tilsette over 62 år Du er velkomen som søkjar til eit godt fagleg og spanande arbeidsmiljø ilag med gode kollegear! KontaktinformasjonEvy Janne Berle, Driftssjef, +47 95982944 ArbeidsstadGamlevegen 59 6729 Kalvåg Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Bremanger kommune Referansenr.: 5192858641 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 26.10.2026
Lastebilsjåfør – Sygna Transport AS søker nye kollegaer!
Arbeidsoppgaver • Distribusjon og henting av post og stykkgods for Posten Norge • Kundekontakt og representasjon av bedriften ute på veien Vi ser etter deg som har: • Førerkort klasse C eller CE • Gyldig YSK (yrkessjåførkompetanse) • Serviceinnstilling og stå-på-vilje • Evne til å jobbe selvstendig og i team • Kan kommunisere på norsk eller engelsk Det er en fordel om du har: • ADR-bevis - men mangler du dette, hjelper vi deg å skaffe det Vi tilbyr: • Et inkluderende arbeidsmiljø med kollegaer som gir av seg selv • Opplæring og støtte i hverdagen • Konkurransedyktige betingelser • Mulighet for å tilrettelegge en arbeidsuke som passer både deg og oss! • Mulighet til å utvikle deg som yrkessjåfør 👉 Vil du bli en del av gjengen hos Sygna Transport AS? Fortell litt om deg selv og send en epost til: anders@sygnatransport.no, eller, Har du spørsmål om stillingen, ta gjerne kontakt med Anders Lundekvam på tlf 97053004
Pedagogisk leiar
Svelgen oppvekst, avdeling barnehage, har ledig to 100% faste stillingar som pedagogisk leiar. Svelgen oppvekst er eit oppvekstsenter med barne- og ungdomsskule og barnehage. Det er den største driftseininga innan oppvekstsektoren i kommunen. Barnehagen har 4 avdelingar. Både barnehagen og skulen er i stadig utvikling medan vi held på den stødige og gode plattforma vi har bygd opp gjennom mange år. Vi har tilpassa og utvikla vår eigen metodikk i høve til PALS, og vi arbeider målretta i høve til språk og resultatleiing. Bremanger kommune arbeider og med satsinga ; «Inkluderande barnehage- og skulemiljø», og vi har valt INKLUDERANDE BARNEHAGAR som fokustema. Psykisk helse, mangfald og samarbeid med heimen er hovudtema i satsinga. Arbeidsoppgåver • Arbeide målretta i høve til barnehagen sitt pedagogiske arbeid og satsingsområde, i samarbeid med resten av personalet, foreldre og andre samarbeidspartnarar • Bidra til kompetanseheving og nytenking i barnehagen • Ha eit fagleg ansvar for ei barnegruppe og oppfølging av barn med spesielle behov • Ha fokus på fagleg utvikling, rettleiing og dokumentasjon • Sikre eit inspirerande og inkluderande leike- og læringsmiljø • Fagleg leiing og organisering av avdelinga Kvalifikasjonar (overskrift) Ved utveljing vektlegg vi søkjarar som er/har: • Godkjend barnehage-/ førskulelærarutdanning. • God skriftleg og munnleg framstillingsevne • Gode norsk-kunnskapar • Du er ein trygg, tydeleg og omsorgsfull vaksen, med god relasjonskompetanse • Du har eit genuint ønskje om å jobbe med barn, og har kunnskap om barn si utvikling • Du er raus og anerkjennande ovanfor barn og vaksne, og har gode samarbeids- og kommunikasjonsferdigheiter • Du er sjølvstendig, har evne til å ta ansvar, leie og motivere medarbeidarane dine • Du er fleksibel og løysingsorientert og trivast i ein aktiv kvardag • Personlege eigenskapar vil bli sterkt vektlagt Bremanger kommune har fleire gode ordningar for deg som ønskjer å busette deg her: • Hjelp til å finne bustad og barnehageplass • Gratis barnehage • Gratis 12 timar SFO i veka for elevar i 1.–3. klasse • Fritidskortet som sikrar minst eit gratis fritidsstilbod i året for barn og unge mellom 6 og 18 år. • Rekrutteringstilskot til nytilsette som er/blir folkeregistrert i Bremanger kommune; årleg tilskot på kr. 30 000,- i inntil fem år (totalt kr. 150 000 kroner) • Bustadtilskot på 200 000 kroner til førstegangsetablerarar under 50 år. Les meir om ordningane på https://bremanger.kommune.no/rekrutteringstiltak/ I tillegg får du: • Eit godt arbeidsmiljø med humor, samhald og høg fagleg kvalitet • Gode forsikringsordningar i arbeid og fritid • Rekrutteringstilskot til barnehagelærar/pedagogisk leiar med kr. 30 000 per år inntil 10 års ansiennitet. • Gode pensjons- og låneordningar gjennom KLP, Kommunal Landspensjon. • Moglegheit for vidareutdanning og fagleg utvikling, med mogleg kompensasjon • Arbeidsgjevar dekker arbeidsklede etter lokal avtale • Senioravtale for tilsette over 62 år Du er velkomen som søkjar til eit godt fagleg og spanande arbeidsmiljø ilag med gode kollegear! KontaktinformasjonIngrid Leite Loftheim, Driftssjef Svelgen oppvekst, +47 46806321 ArbeidsstadGunnar Scheldrups veg 31 6723 Svelgen Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Bremanger kommune Referansenr.: 5187357027 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 27.10.2026
Största arbetsgivarna i Bremanger
Vanliga frågor om att jobba i Bremanger
Hur många lediga jobb finns i Bremanger?
Just nu listas 8 aktiva annonser i Bremanger kommun.
Vilka arbetsgivare anställer mest i Bremanger?
Bland de största arbetsgivarna i Bremanger finns SFE AS, Bremanger sjukeheim, Bremanger kommune, Sygna Transport AS.