Hoppa till huvudinnehållet
Bu- og omsorgstenesta, Gloppen kommune logo
Ledigt jobb

Sjukepleiar/Vernepleiar Gotatoppen

Bu- og omsorgstenesta, Gloppen kommune
  • OrtGloppen
  • OmfattningHeltid
  • Sista ansökan6 dagar kvar
  • Publicerad5 okt.

Om tjänsten

Hei, vil du vere med på laget i ei framtidsretta teneste? 😊 Vi har ei spennande stilling ledig innan demensomsorg og alderspsykiatri.

Vi søkjer etter einengasjert og dyktig sjukepleiarar/vernepleiarar som ynskjer å vere ein del av ei teneste med visjonen «saman blir vi sterkare». Vi søkjer etter deg som har ynskje om å vere ein viktig verdiberar knytt til kunnskap, omsorg, mot og tillit.

Gotatoppen er omsorgsbustadar med bemanning heile døgnet med tre avdelingar - Lyngtunet, Bregnetunet og Plassen. Det er åtte brukarar på kvar avdeling.

Gjennom metoden VIPS har vi implementert personsentrert omsorg i avdelingane.

Vi har ledig 100 % vikariat som sjukepleiar/vernepleiar frå no og til 13.09.27. Anna stillingsprosent og periode er og aktuelt. Fast stilling kan bli mogleg.

Arbeidsoppgåver

Hovudoppgåva er å saman arbeide for at bebuarane får gode dagar. I kvardagen har vi fokus på miljøarbeid og aktivitetar tilpassa den enkelte, i tett samarbeid med pårørande. Du har ansvar for at bebuarane får nødvendig medisinsk behandling etter gjeldande retningslinjer og prosedyre. Vi har gjennom arbeidet med TØRN endra arbeidsoppgåver for sjukepleiar/vernepleiar:

hjelpe og tilrettelegge for at dei som bur der får utført sine daglege gjeremål
legemiddelhandtering
sjukepleiar-/vernepleiarfaglege oppgåver
dokumentasjon
tverrfagleg samarbeid
  • rettleie studentar

​

Kvalifikasjonar​

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar/vernepleiar
Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg.

Personlege eigenskapar

Vi søkjer etter deg som

held deg fagleg oppdatert, og har ei interesse for eldreomsorg og alderpsykiatri
evner å tenke heilheitleg, har fokus på løysingar, er fleksibel og strukturert
har evne til å dele og formidle kunnskap på ein god og trygg måte

Vi tilbyr​

  • Varierte og lærerike arbeidskvardagar
Gode kollegaer, eit godt og stabilt arbeidsmiljø
Fagleg utvikling med tilbod om aktuell vidareutdanning
Tilsetting, lønn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale.
Stilling organisert i årsturnus

For tilsetting gjeld ei prøvetid på seks månadar.

Det må leverast tilfredsstillande politiattest før tiltreding.

Skriv i søknaden om du ønskjer fast stilling eller vikariat.

KontaktinformasjonMarion Bolstad Fløtre, Konstituert avdelingsleiar, +47 94989709

Eva Skrivervik-Alme, Tenesteleiar Bu- og omsorgstenesta, +47 48894818

ArbeidsstadGrandavegen 9

6823 Sandane

Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Gloppen kommune

Referansenr.: 5189641129

Stillingsprosent: 100%

Vikar

Startdato: 01.11.2026

Sluttdato: 13.09.2027

Søknadsfrist: 25.10.2026