Om tjänsten
Longva barnehage ligg flott til midt på øya på Flemsøy/Skuløy. Barnehagen har naturen tett på, med gode høve til turar i skog, fjell og fjøre, som vi nyttar heile året til utforsking, leik og læring.
Longva barnehage vart ny kommunal barnehage i Haram 1. august 2025, og har i dag 21 barn frå 1-5 år, og ei personalgruppe med god fagleg kompetanse.
Longva barnehage har behov for ein vikar i 60 % stilling som barne- og ungdomsarbeidar. Vi søker deg som er trygg og engasjert, og som set barnet sitt beste i sentrum og bidreg til fellesskap, trivsel og kvalitet i barnehagen. Det er viktig at du både kan arbeide sjølvstendig og vere ein god lagspelar. Hos oss får du høve til å vere med og skape ein trygg og utviklande kvardag for barna. Har du ikkje fagbrev, men anna relevant erfaring med arbeid med barn, så er det berre å søkje!
Haram kommune er ein ambisiøs kommune som har fokus på gode, heilskaplege tenester. Vi jobbar fleksibelt og på tvers for å skape kvalitet for innbyggjarane våre – og vi spelar kvarandre gode.
Arbeidsoppgåver
- Gi omsorg, støtte og vere lyttande i møte med kvart enkelt barn
Kvalifikasjonar
- Ønskjeleg med fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar og erfaring frå barnehage, men dette er ikkje
eit krav
- Ha gode norskkunnskapar. Personar med eit anna førstespråk enn norsk eller samisk, må fylle
språkkrav, jamfør Barnehagelova §27
Personlege eigenskapar
- Vere løysingsorientert, fleksibel og open for endring
Vi tilbyr
- Eit utviklingsorientert, fagleg miljø og stimulerande omgjevnader
KontaktinformasjonReidunn Rogne Flem, Styrar, 99526013, reidunn.rogne.flem@haram.kommune.no
ArbeidsstadØvstevegen 212
6293 Longva
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Haram kommune
Referansenr.: 5189649589
Stillingsprosent: 60%
Vikar
Startdato: 02.11.2026
Sluttdato: 18.07.2027
Søknadsfrist: 26.10.2026