Hoppa till huvudinnehållet
  • OrtHaram
  • OmfattningHeltid
  • Sista ansökan31 dec.
  • Publicerad15 juli

Om tjänsten

Lepsøy barnehage ligg sentralt til på Lepsøya med kort veg til fjell, fjøre, butikk og idrettsområde. Barnehagen har 16 barn og 5 tilsette fordelt på to grupper. Visjonen vår er "saman skaper vi tillit, tryggleik og trivsel" og det jobbar vi mot kvar dag - for både barn og tilsette. Vi treng no fleire tilkallingsvikarar som kan trå til på kort varsel ved sjukdom, ferie og liknande. Dette kan vere for korte eller lengre periodar. Vi søker etter dyktige vikarar som er aktive, leikne, omsorgsfulle og trygge vaksne.

Haram kommune er ein ambisiøs kommune som har fokus på gode, heilskaplege tenester. Vi jobbar fleksibelt og på tvers for å skape kvalitet for innbyggarane våre – og vi spelar kvarandre gode.

Arbeidsoppgåver

Arbeid med barn i alderen 0-6 år i tråd med barnehagelov og rammeplan for barnehagar, samt kommunen sine retningslinjer.

Herunder:

Bidra til at det enkelte barnet får medverke, oppleve positiv grensesetting, både enkeltvis og i gruppe
Gi omsorg, støtte og vere lyttande i møte med det enkelte barnet
Medansvar for utvikling av det sosiale miljøet, og lærings- og danningsmiljøet i barnegruppa
Bidra i gjennomføring av det pedagogiske arbeidet på avdelinga/basen, innanfor dei rammene ein har blitt einige om
Følge opp den rettleiinga ein får
Ansvar for å sette seg inn i og følge barnehagen sine HMS-prosedyrar

Kvalifikasjonar

Den som vert tilsett vil måtte legge fram tilfredstillande politi– og tuberkulinattest.

Ha gode norskkunnskapar. Personar med eit anna førstespråk enn norsk eller samisk, må fylle språkkrav jamfør Barnehagelova §27.
Relevant utdanning og/eller erfaring er ønskeleg, men ikkje eit krav
Personlege eigenskapar blir vektlagt

Personlege eigenskapar

Vi søker deg som:

Har eit ønske om å arbeide med barn
Har god omsorgsevne og evne til å sjå og lytte til barna sine behov
Har gode kommunikasjon- og samarbeidsevner
Trivast i ein aktiv kvardag
Er glad i å vere ute
Er positiv, fleksibel og løysingsorientert

Vi tilbyr​

  • Givande arbeid i gode fag- og arbeidsmiljø
Moglegheit til å bestemme sjølv kor mykje du vil arbeide og når
Tilgong til kurs og kompetansehevande tiltak
Løn etter tariff
Moglegheit til å prøve å jobbe i ulike barnehagar

KontaktinformasjonEirin Buner Otterlei, Styrar, 98082266, eirin.buner.otterlei@haram.kommune.no

ArbeidsstadLepsøyvegen 23

6292 Kjerstad

Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Haram kommune

Referansenr.: 5151534353

Stillingsprosent: 0%

Vikar

Startdato: 03.08.2026

Søknadsfrist: 31.12.2026