Hoppa till huvudinnehållet
  • OrtHaram
  • Omfattning–
  • Sista ansökan12 dagar kvar
  • Publicerad2 nov.

Om tjänsten

Haram kommune søker etter helsefagarbeidar i ca. 65% fast stilling, for tida ved Eidet omsorgssenter i

Tennfjord. Stillinga har for tida arbeid i turnus på natt, med arbeid kvar 3. helg.

Eidet omsorgssenter har eit tett samarbeid på tvers av dei 2 avdelingane på omsorgssenteret, særleg på

natt. Vi er opne for nye arbeidsmetodar og turnusløysingar som gagnar både bebuarane og dei tilsette. Vi har fokus på gode

måltid produsert på huset. Vi har tilgang til flotte uteområde med mykje sol. Her nyt vi utsikt utover fjord

og fjell, frå eit fint og moderne bygg. Eidet omsorgssenter ligg sentralt til, ca 20 min med bil frå Moa.

Eidet omsorgssenter er organisert under Haram omsorgstenester, som består av Eidet- og Haram

omsorgssenter, Ytre-, Indre- og Nordøyane heimetenstedistrikt og tre dagsenter for eldre. Vi er opptekne

av å skape eit godt arbeidsmiljø, der vi legg til rette for at dei tilsette har gode arbeidsvilkår og at

brukarane mottek gode tenester.

Kommunalområde Helse og omsorg består av Haram omsorgstenester og Haram butenester. Vi har

ansvar for brukarar i alle aldrar, med mange ulike behov. For oss er det viktig å gi gode, målretta tenester,

slik at den einskilde mottek den hjelpa ein treng til rett tid og på rett nivå i tenestetilbodet vårt. Den

viktigaste ressursen vår er dei tilsette og vi ønsker å vere ein arbeidsplass der ein opplever trivsel, utvikling

og meistrar oppgåvene ein er sett til å gjere. Vi veit at framtida vil krevje nye arbeidsformer i

kommunalområdet, noko vi arbeider aktivt med å sette oss i stand til å møte på ein god måte.

I Haram kommune er vi opptekne av gode, heilskaplege tenester, og har fokus på arbeid på tvers av

tenesteområda for å skape gode tenester for innbyggarane våre. I Haram jobbar vi for å spele kvarandre

gode.

Arbeidsoppgåver

  • Helsefaglege oppgåver.
  • Omsorg og oppfølging av sjukeheimspasientane.
  • Tverrfagleg samarbeid med andre yrkesgrupper.
  • Ivareta dokumentasjonsplikta og ha fokus på fagutvikling.
  • Rettleiing og opplæring av medarbeidarar og studentar/elevar.
  • Bidra til godt samarbeid mellom brukarar og pårørande.

Kvalifikasjonar

  • Fagbrev som helsefagarbeidar.
  • Høg fagleg interesse og interesse for fagutvikling.
  • Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
  • Gode norskferdigheiter munnleg og skriftleg.
  • Krav om politiattest som ikkje er eldre enn 3 mnd.

Personlege eigenskapar

  • I Haram kommune ønsker vi tilsette som er samfunnsengasjerte og innovative, og som bidreg til eit

godt arbeidsmiljø både fagleg og kollegialt.

  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
  • Godt humør og positiv framtoning.
  • Lojalitet mot arbeidsplass og kollegaer
  • Eigenskapar til å bidra til eit godt omdømme.

Vi tilbyr

  • Tverrfagleg samarbeid.
  • Spanande fagmiljø med mange varierte arbeidsoppgåver.
  • Fokus på velferdsteknologi og alternative måtar å jobbe på.
  • Gode turnustekniske løysingar.
  • Løn etter tariff.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar.

Kontaktinformasjon

Maria Elizabeth Marthinussen, Tenesteleiar, 94051001, Maria.Elizabeth.Marthinussen@haram.kommune.no

Arbeidsstad

Trolldalssletta 12

6264 Tennfjord

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Haram kommune

Referansenr.: 5199189098

Stillingsprosent: 65%

Fast

Startdato: 01.12.2026

Søknadsfrist: 15.11.2026

Restid & pendling

Spara jobb & deadline-påminnelse

Sista ansökningsdag: 15 nov.

Inte redo att söka direkt? Spara annonsen och få påminnelse innan den stänger

När du sparar tjänsten samlas den under Mina sidor (Ansökningskoll) och vi skickar automatiskt en påminnelse på mejlen 3 dagar innan sista ansökningsdag så att du inte missar att söka.

Arbetsgivare • Eidet omsorgssenter avd 2, Haram kommune

Representerar du arbetsgivaren? Få prioriterad topp-placering i Haram och dölj konkurrerande annonser på sidan.