Hoppa till huvudinnehållet
  • OrtHaram
  • Omfattning–
  • Sista ansökan12 dagar kvar
  • Publicerad16 nov.

Om tjänsten

Vi søkjer ein engasjert, tydeleg, strukturert, varm og energisk miljøterapeut som ønskjer å vere med å skape gode skuledagar for elevar ved Eidet skule. Du vil vere ein viktig støttespelar for elevar, tilsette og føresette ved skulen. Vi har ledig 80% fast stilling som følgjer skuleåret til lærarane, med moglegheit til å utvide den til 100% om ein vil arbeide på SFO når den er open utanom skuleåret. Eidet skule er ein flott og heilt ny skule med om lag 400 elevar frå 1. - 10. trinn og om lag 120 barn på SFO. Visjonen til Eidet skule er "Eigne steg, felles veg". Skulen ligg fint til mellom bygdene Vatne og Tennfjord, ved foten av Ramnfloget med Eidet kulturhall og Ravn Stadion som næraste naboar. Vi har flotte fasilitetar med topp moderne undervisningslokale, spesialrom til alle fag, gode arbeidsrom, 1-1 dekning med iPad/PC, elevkantine, amfi og bibliotek.

Vi fokuserer på å skape ein trygg og inkluderande skule som opnar dører mot verda og framtida for elevane våre. Vi ønskjer å skape ein skule som er ein nær del av lokalsamfunnet, og som elevar, tilsette og føresette er stolt over å vere ein del av.

I kommunalområde Barnehage og skule har vi fleire barnehagar og skular. Vi ser etter deg som er engasjert og omsorgsfull, og som ønskjer å skape meiningsfulle og inspirerande kvardagar for barn. Bli med i teamet vårt og ver med på å forme framtida.

Haram kommune er ein ambisiøs kommune, der gode og heilskaplege tenester er i fokus. Vi er opptatt av å jobbe på tvers av tenesteområda våre, slik at vi saman kan skape robuste tilbod for innbyggjarar og næringsliv.

Arbeidsoppgåver

  • Følgje opp elevar som har behov for ekstra sosial, emosjonell eller fagleg støtte
  • Delta i og gjennomføre tiltak knytte til åtferd, inkludering og meistring
  • Ta med enkeltelevar og grupper på aktivtetar som gir meistring og ein meir praktisk skulekvardag med alternativ opplæring
  • Bidra til å utvikle og oppretthalde eit trygt og inkluderande skulemiljø
  • Arbeide førebyggjande med relasjonsbygging, trivsel og psykososialt miljø
  • Samarbeide tett med lærarar, føresette og eksterne samarbeidspartnarar
  • Rettleie og støtte elevar i ulike utfordrande situasjonar gjennom skuledagen
  • Delta i tverrfagleg samarbeid rundt enkeltelevar og elevgrupper
  • Vere ein aktiv vaksenperson i friminutt, aktivitetar og undervisningssituasjonar ved behov
  • Dokumentere og evaluere tiltak i tråd med gjeldande rutinar.

Arbeidskvardagen vil hovedsakleg vere på mellomtrinnet og ungdomstrinnet

Kvalifikasjonar

  • Relevant høgare utdanning som pedagogisk utdanning, vernepleie, barnevernspedagogikk, sosionomutdanning eller anna relevant helse- og sosialfagleg utdanning
  • Erfaring frå arbeid med barn og unge er ønskjeleg
  • Kompetanse innan relasjonsarbeid, åtferdsutfordringar og inkluderingsarbeid
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk
  • Erfaring med tverrfagleg samarbeid er ein fordel
  • Kjennskap til aktuelt lovverk og arbeid med elevane sitt psykososiale miljø er ønskjeleg

Personlege eigenskapar

  • Likar å arbeide med barn og unge og spesielt dei som treng ekstra støtte
  • God vaksen rollemodell med gode omsorgsevner og med fokus på kvart enkelt barn
  • Har evne til å arbeide både sjølvstendig og i team
  • Ansvarsfull, engasjert og tar initiativ
  • Trivast i ein aktiv kvardag med både inne- og uteaktivitetar
  • Har lyst å skape gode arbeidsdagar i lag med elevar og kollegaer
  • Er robust og kan stå støtt i krevjande situasjonar

Skulen ønskjer ein person med positivt elevsyn og eit sterkt engasjement for barn og unge si utvikling.

Personlege eigenskapar vert sterkt vektlagt.

Vi tilbyr

  • Ei spennande stilling der du kan gjere ein positiv skilnad i barn sine liv
  • Moglegheit til å skape ein skulekultur til det beste for barn og unge
  • Eit godt arbeidsmiljø med dyktige medarbeidarar som er opptekne av å skape eit trygt og godt skulemiljø
  • Moglegheit for fagleg utvikling og kompetanseheving
  • Vere del av eit lokalsamfunn i vekst der mykje positiv aktivitet vert skapt
  • Løn i samsvar med gjeldande tariffavtale
  • God pensjonsordning

Kontaktinformasjon

Ole André Lukkedal, Rektor, 48078837, ole.andre.lukkedal@haram.kommune.no

Arbeidssted

Vatnevegen 41

6265 VATNE

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Haram kommune

Referansenr.: 5206056998

Stillingsprosent: 80%

Fast

Startdato: 01.01.2027

Søknadsfrist: 29.11.2026

Restid & pendling

Spara jobb & deadline-påminnelse

Sista ansökningsdag: 29 nov.

Inte redo att söka direkt? Spara annonsen och få påminnelse innan den stänger

När du sparar tjänsten samlas den under Mina sidor (Ansökningskoll) och vi skickar automatiskt en påminnelse på mejlen 3 dagar innan sista ansökningsdag så att du inte missar att söka.

Arbetsgivare • Eidet skule, Haram kommune

Representerar du arbetsgivaren? Få prioriterad topp-placering i Haram och dölj konkurrerande annonser på sidan.