Om tjänsten
Butenesta i Haram har for tida ledig 56,28% stilling på natt som sjukepleiar/vernepleiar i barnebustad og avlastning. Stillinga er ledig frå 1. november 2026, eller etter avtale.
Barnebustad og avlasting held til i lokale ved Solbakken bukollektiv på Vatne.
Turnus for stillinga er for tida natt, med arbeid kvar 3. helg.
Butenesta skal i ein 4-årsperiode framover ha fokus på å jobbe systematisk for å sette i system og implementere krav og mål til rettleiaren "Gode helse- og omsorgstenester til personar med utviklingshemming". Som miljøterapeut får du vere ein del av dette arbeidet. I 2025 har avdelinga vore med i prosjektet TØRN, og dette skal no implementerast ut i dei andre avdelingane i Butenesta.
Haram kommune er oppteken av gode, heilskaplege tenester, og har fokus på arbeid på tvers av tenesteområda for å skape gode tenester for innbyggjarane våre. I Haram jobbar vi for å spele kvarandre gode. Kommunalområde Helse og omsorg består av Haram omsorgstenester og Haram butenester. Vi har ansvar for brukarar i alle aldrar, med mange ulike behov. For oss er det viktig å gi gode, målretta tenester, slik at den einskilde mottek den hjelpa ein treng til rett tid og på rett nivå i tenestetilbodet vårt. Den viktigaste ressursen vår er dei tilsette og vi ynskjer å vere ein arbeidsplass der ein opplever trivsel og utvikling og meistrar oppgåvene ein er sett til å gjere. Vi veit at framtida vil krevje nye arbeidsformer i kommunalområdet, noko vi arbeider aktivt med å sette oss i stand til å møte på ein god måte.
Arbeidsoppgåver
- Målretta miljøarbeid.
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som sjukepleiar/vernepleier.
Personlege eigenskapar
- Du viser initiativ og er kreativ.
Vi tilbyr
- Ein kjekk arbeidsplass med høve til personleg og fagleg utvikling.
KontaktinformasjonJanne Madelen Bergene, 91161215, Janne.Madelen.Bergene@haram.kommune.no
Linn Borgund, Tenesteleiar, 97595965, linn.borgund@haram.kommune.no
ArbeidsstadUlvestadvegen 6
6265 Vatne
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Haram kommune
Referansenr.: 5183047483
Stillingsprosent: 56,28%
Fast
Søknadsfrist: 21.10.2026