Sjukepleiar/spesialsjukepleiar – er du vår nye kollega?
Avgiftningspost, Haugesund sjukehusOm tjänsten
Vil du jobbe på avgiftningsposten der du får kome tett på pasienten?
På avgiftningsposten – Avdeling for rus og avhengigheit (ARA) – møter du vaksne pasientar som har korte innleggingar med medisinsk og medikamentell oppfølging, i tillegg til miljøterapeutiske og sosiale tiltak. Vi har lokale i Haugesund og er ein del av klinikk for psykisk helsevern og rus.
Vi ser etter deg som skaper tryggleik og tillit, samarbeider godt og er ein lojal og trygg kollega – med rausheit, godt humør og tydeleg kommunikasjon. Du jobbar godt saman med andre, men står òg stødig åleine når det krevst, og du er opptatt av ryddig og god dokumentasjon.
Hos oss blir du del av eit arbeidsmiljø der vi støttar kvarandre og trivst på arbeidsplassen vår. Stillinga inngår i turnus dag/kveld med arbeid kvar tredje helg.
Har du spørsmål om stillinga, er du velkomen til å ta kontakt med funksjonsleiar Kathrin Bjånes. Vi ser fram til å høyre frå deg!
Kva går jobben ut på?
Arbeidsoppgåvene vil mellom anna vere:
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar med eller utan videreutdanning
Det er ein fordel med:
Kva ser vi etter hos deg?
Vi ser etter deg som har eit ekte engasjement for pasientgruppa og byggjer tillit gjennom respektfulle møte og godt samarbeid. Du skapar gode relasjonar, kommuniserer tydeleg og bidreg til eit positivt og inkluderande arbeidsmiljø.
Du trivst både med samarbeid og sjølvstendig arbeid, og du står stødig i situasjonar som krev fagleg tryggleik og gode vurderingar. Samstundes er du oppteken av god dokumentasjon og effektiv informasjonsflyt.
Personlege eigenskapar vil bli vektlagde.
Kvifor skal du velje oss?
Hos oss får du
KontaktinformasjonKathrin Bjånes, Funksjonsleiar, +47 41863835
ArbeidsstadKarmsundgata 120
5528 HAUGESUND
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Fonna HF
Referansenr.: 5195245993
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 03.11.2026