SFO-leiar
Klepp kommune, Kleppe skuleOm tjänsten
Vil du vere med på å vidareutvikle ein god og veldreven SFO og sikre god samanheng mellom SFO og skule?
Vi har ledig 100% fast SFO-leiarstilling ved Kleppe skule.
Kleppe skule er ein barneskule sentralt i Klepp kommune med rundt 450 elevar der 162 barn nyttar SFO.
Vi har eit stort, godt uteområde og gode lokaler med blant anna aula og kantine. SFO nyttar nærområdet vårt i stor grad, vi har skog, leikeplassar, Plogenparken, symjehall og andre idrettsanlegg i gåavstand frå skulen.
Vi har eit flott personal med mykje kompetanse og eit godt arbeidsmiljø.
Saman arbeider vi for å skape ein skulekvardag der elevane opplever meistring og lærelyst i eit trygt og godt miljø.
Vi er på jakt etter deg som ønsker å få jobbe med leiing i eit spennande og utviklande miljø og er oppteken av å skape eit godt fritidstilbod for alle barn.
Kanskje du er den rette for oss?
Arbeidsoppgåver
- Ansvar for dagleg drift
Kvalifikasjonar
- Relevant pedagogisk 3-årig høgskuleutdanning
Personlege eigenskapar
Vi tilbyr
- Eit godt arbeidsmiljø i lag med dyktige kollegaer
KontaktinformasjonSylvia Gjersdal, Rektor, +47 92839767
ArbeidsstadViervegen 10
4351 Sandholen
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Klepp kommune
Referansenr.: 5197202674
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 03.11.2026