Hoppa till huvudinnehållet
  • OrtKlepp
  • OmfattningHeltid
  • Sista ansökan31 dec.
  • Publicerad9 jan.

Om tjänsten

Tenesteområde helse og velferd i Klepp kommune søker utadvendte og ansvarsbevisste personar til støttekontaktoppdrag for barn, ungdom eller vaksne med ulike utfordringar.

Dette er ikkje ei vanleg utlyst stilling der ein er garantert svar eller avslagsbrev, men ein stad du kan visa du er interessert  for oppdrag og kor fagansvarleg for støttekontaktordning og leiar for Miljøtenesta med visse mellomrom er innom og leiter etter nye støttekontaktar.

I periodar er behovet for godkjente støttekontaktar større enn andre periodar og vi er derfor avhengig av å opparbeide oss en «bank» med ledige støttekontaktar. Dette betyr at du kan bli kalla inn til intervju, men får kanskje ikkje oppdrag med det same.

Arbeidsoppgåver​

  • En støttekontakt er ein ven, ledsager og motivator for at personer som treng det, skal komme seg ut på fritidsaktiviteter saman med andre
Et oppdrag er oftast på 2-3 timer per veke
Du må ha evne til å gi eit planlagt og gi eit forutsigbart tilbod. Alle oppdrag er individuelt tilpassa
Nokre gonger vert støttekontakttenesta gitt som gruppe tilbod - og det er behov for ein person som kan å lede eit gruppetilbod

Kvalifikasjonar​

  • Du er god på kommunikasjon. Du forstår og snakkar godt norsk og har god kjennskap til norsk kultur. Minimum nivå B1​
Vi er opptatt av at oppdraget skal vere meiningsfylt for deg og den du er støttekontakt for.
Opplæring vil bli gitt
Politiattest vert kravd.
Det er ønskeleg med sertifikat og bil.
  • Attester og vitnemål

Vi ber om at du laster opp attester og vitnemål i PDF-format samen med søknaden din. Utanlandske vitnemål må være godkjent av Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) hkdir.no/utdanning-fra-utlandet. Utanlandske attester må være oversett til et skandinavisk språk eller engelsk. Vi gjør oppmerksam på at dokumentasjon på blant annet avtent verneplikt og omsorg for barn, eldre eller sjuke også kan gi utteljing på lønnsansiennitet.

Personlege eigenskapar​

  • Vi søker personar som er interessert i å jobbe med menneske og som er gode på å skape gode relasjonar
Du ønskjer å bidra til at personar som treng det, skal få ei aktiv og kjekk fritid
Du er kreativ, strukturert og god til å planlegge aktivitetar i samarbeid med tenestemottakar.
Det er ein fordel å ha kjennskap til fritidstilboda i Klepp og omliggjande kommunar.

Vi tilbyr​

  • Du vil få eigen rettleiar
Opplæring og rettleiing i oppdraget
Lønn og utgiftsdekning etter gjeldande satsar for Klepp kommune
Ta kontakt med fagansvarleg for tenesta på mobil 47254583 dersom du lurer på noko

KontaktinformasjonElin Kristine Trosterud, Fagleder, +47 47254583, elin.kristine.trosterud@klepp.kommune.no

ArbeidsstadOlav Hålands Veg 9

4351 Kleppe

Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Klepp kommune

Referansenr.: 5062479594

Stillingsprosent: 0%

Engasjement

Søknadsfrist: 31.12.2026