Prosjektleiar vegprosjekt
Møre og Romsdal fylkeskommuneOm tjänsten
Prosjektleiar vegprosjekt
Prosjekt veginvestering, Møre og Romsdal fylkeskommune
Vi søker etter prosjektleiar for fleire spanande vegprosjekt i fylket
Møre og Romsdal fylkeskommune har mange vegprosjekt i porteføljen dei komande åra. Alt frå mindre vedlikehaldsoppdrag til bygging av større vegprosjekt. Blant anna planlegg vi byggestart på Årødalskrysset, Bypakke Kristiansund og fleire rassikringsprosjekt dei komande åra. I tillegg er det mange spanande prosjekt i planleggingsfasen.
Du kan sjølv velje mellom kontorstad i Ålesund, Molde eller Kristiansund. Du må rekne med noko reising i heile fylket til dei ulike prosjekta og til dei ulike kontorstadane.
Som prosjektleiar vil du leie i ein prosjektorganisasjon med mellom anna byggeleiarar, kontrollingeniørar og fagressursar. Prosjektleiar styrer på porteføljenivå og byggeleiarar følger opp enkeltprosjekt i prosjekterings- og byggefasen.
Fylkesvegavdelinga har eit stort, samla kompetansemiljø innan planlegging, bygging, drift, vedlikehald og forvaltning av
fylkesvegane. Vegprosjektseksjonen har i dag 50 tilsette med kompetanse innanfor prosjektleiing, byggeleiing, HMS, økonomi og prosjektering. Inkludert i desse er byggherreorganisasjonen knytt til Bypakke Ålesund, Veginvestering, Fv. 60 Tomasgard – Røyrhus, tunneloppgradering og ei rekkje bruer og ferjekaier.
Arbeidsoppgåver
Som prosjektleiar vil du:
- Styre ei prosjektportefølje med prosjekt av ulik størrelse og kompleksitet
- Leie prosjekt gjennom alle fasar frå planlegging og prosjektering til gjennomføring og overlevering.
- Ha ansvar for å levere prosjekt innanfor definerte mål for HMS, økonomi, framdrift og kvalitet.
- Ha personalansvar for byggherreorganisasjonen din. Leie og motivere dei og sørge for effektiv kommunikasjon og kunnskapsdeling.
- Rapportere til prosjektsjef og bistå i styringa av seksjonen.
Kvalifikasjonar
- Bachelor- eller mastergrad innan ingeniørfag
- Omfattande og relevant erfaring innafor dei aktuelle fagområda kan kompensere for manglande formell utdanning
- Erfaring i gjennomføring av prosjekt innan anlegg, veg eller bygg
- Erfaring i teknisk og/eller økonomisk oppfølging av entreprenørar eller leverandørar er ein fordel
- God kjennskap til digitale verktøy
- Førarkort klasse B
Personlege eigenskapar
- Vilje og evne til å samarbeide med og involvere interne og eksterne partar.
- Gode kommunikasjonsferdigheiter både munnleg og skriftleg
- Du er utviklings- og løysningsorientert
- Du er ein lagbyggar med gode leiareigenskapar
Vi tilbyr
- Ei utfordrande stilling i eit godt arbeidsmiljø kjenneteikna av stor profesjonalitet og sterke fagmiljø
- God tilgang til faglege nettverk og fagleg utvikling
- Offentleg pensjonsordning, gruppelivs- og ulykkesforsikring
- Løn etter avtale
Elektronisk søknad skal benyttes via "søk på stilling" knappen på siden.