Hoppa till huvudinnehållet
Hardanger Fartøyvernsenter logo

Bestmann på S/J Mathilde – Hardanger Fartøyvernsenter

Hardanger Fartøyvernsenter
  • OrtKvam
  • Omfattning–
  • Sista ansökan16 dagar kvar
  • Publicerad16 nov.

Om tjänsten

Me lyser med dette ut 100% fast stilling som bestmann på Hardangerjakta Mathilde.

Mathilde er ei 140 år gammal, 73 fot lang hardangerjakt som har vore i drift sidan 1989 etter ei omfattande restaurering. Me seglar frå mars til oktober med leirskule, utleigetokter og andre oppdrag. I vinterhalvåret jobbar mannskapet med vedlikehald av fartøyet. Ombord har me eit fast mannskap på tre: skipper, bestmann og kokekyndig. I tillegg har me i periodar ein ekstra matros eller leirskulelærar.

Sentrale ansvarsområde og arbeidsoppgåver:

  • Næraste støtte til skipper: Fungere som nestkommanderande på S/J Mathilde.
  • Rigging og segl: Spesielt ansvar for vedlikehald, ettersyn og stelling av rigg og segl.
  • Kunnskapsformidling: Vareta og vidareføre tradisjonell sjømannskunnskap, segling og maritimt handverk til gjester og grupper i alle aldersgrupper.
  • Skutedrift: Bidra til dagleg drift og vedlikehald av eit historisk seglfartøy innanfor ei kulturhistorisk ramme.

Kvalifikasjonar:

  • Grunnleggande tryggleikskurs for sjøfolk (STCW tabell A-VI/1-1, 1-2, 1-3, 1-4).
  • Passasjer- og krisehandteringskurs.
  • Gyldig helseattest frå sjømannslege.
  • Gyldig politiattest.

I enkelte tilfelle kan arbeidsgjevar, etter nærare avtale, dekke kostnader til nødvendige kurs.

Vi søkjer deg som:

  • Brenn for tradisjonssegling, for oss vil det si at du har eit stort hjarte for historiske seglskuter, tradisjonelt sjømannskap og kulturhistorisk formidling.
  • Har fagkunnskap og erfaring med segling og vedlikehald av seglfartøy.
  • Er sjølvstendig og løysingsorientert, at du kan arbeide strukturert, tek initiativ og finn gode løysingar i kvardagen.
  • Likar folk og formidling, har ei glød for å skape gode opplevingar og trivst med å lære vekk maritim kunnskap.
  • Er ein god lagspelar og har gode samarbeidsevner, eit godt humør og bidreg positivt til arbeidsmiljøet.
  • Forstår norsk godt, og snakkar norsk eller annet skandinavisk språk.
  • Identifiserer deg med verdiane våre: Truverdig, raus og engasjert.

Me kan tilby

Ein unik stilling på ei unik seglskute.

Eit variert og meiningsfull arbeid ved eit av dei fremste fagmiljøa innan maritim kulturhistorie, fartøyvern og tradisjonshandverk i Noreg. Du får arbeida tett på både fagpersonar og leiarar i ei verksemd med stort samfunnsoppdrag og høgt aktivitetsnivå.

Hardanger og Voss museum kan tilby gode pensjons- og forsikringsordningar, bedriftshelseteneste og velferdsordningar.

Hardanger og Voss museum er tilknytt tariffavtalen "Landsoverenskomsten for museum og andre kulturinstitusjonar".

Søknadsfrist: 7. desember

Spørsmål kan rettast til fartøyansvarleg Tone Geirsdatter Solvang tlf. 41448240, epost tone.solvang@hvm.museum.no eller einingsleiar Olav Hanto tlf. 91724072, e-post olav.hanto@hvm.museum.no

Inte redo att söka direkt? Spara annonsen så skickar vi en påminnelse 3 dagar före sista ansökningsdag.

Synka i iPhone-appen →

Restid & pendling

Representerar du Hardanger Fartøyvernsenter? Lyft fram annonsen i Kvam och dölj konkurrerande jobb.