Om tjänsten
Vil du bli vår nye medarbeidar?
Pleie og omsorgstenesta i Kvam har fokus på "Eit godt liv der me bur" og har som mål å skapa omsorgstenester for framtida. Meir satsing på tenester til heimebuande er sentralt i den nye omsorgsmodellen. Strandebarm omsorg består i dag av sjukepleiarar, fagarbeidarar, pleiemedarbeidarar, aktivitør, fysioterapeut og lege. Me har i dag base på Strandebarmheimen sjukeheim.
Arbeidsoppgåver
Hos oss ved Strandebarm omsorg tilbyr me tenester til brukarar i institusjon, omsorgsbolig og i heimetenesta.
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
Ved nytilsetjing skal den tilsette levera politiattest utan merknader, etter Helse og omsorgslova. Attesten skal ikkje leggjast ved søknaden. Tilsetjing føreset at gyldig attest vert lagd fram før tiltreding. Politiattesten må ikkje vera eldre enn 3 månadar.
Ber om at du lastar opp vitnemål og attestar saman med søknaden i Webcruiter.
Personlege eigenskapar
- Serviceinnstilt og engasjert
Me tilbyr
- Ein arbeidstad i utvikling
Generell informasjon:
Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i folkesetnaden. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne.
KontaktinformasjonElisabeth Svåsand, Gruppeleiar i Strandebarm, 918 17 408
ArbeidsstadTangeråsneset 25
5630 Strandebarm
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Kvam herad
Referansenr.: 5192488589
Stillingsprosent: 85%
Vikar
Søknadsfrist: 01.11.2026