Hoppa till huvudinnehållet
  • OrtLærdal
  • Omfattning–
  • Sista ansökan14 dagar kvar
  • Publicerad20 okt.

Om tjänsten

​Ønskjer du å bu på ein liten stad med store moglegheiter? Ønskjer du å arbeide ved eit lokalsjukehus og få stort fagleg utbytte?  ​

Då kan Lærdal sjukehus vere staden for deg! ​

No søkjer vi sjukepleiarar til ledige stillingar ved medisinsk sengepost og dialyse.

Medisinsk sengepost

80 % fast stilling frå snarast
100  % vikariat frå snarest til 01.09.2027
100 % vikariat frå 01.11.2026 - 01.11.2027
90 % vikariat frå 01.11.2026 - 01.11.2027

Kombinasjonsstilling medisinsk sengepost og dialyse

80 % fast stilling frå snarast

Stillingane er i utgangspunktet ikkje planlagde delte. Vi ber om at søkjarane opplyser i søknaden kva for stilling(ar) dei ønskjer å bli vurderte for.

Om medisinsk sengepost​

Sengeposten har 14 senger, inkludert 2 overvakingssenger. Vi tek imot pasientar med eit breitt spekter av medisinske problemstillingar innan mellom anna hjarte-, lunge- og infeksjonssjukdomar. Dei fleste innleggingane er augeblikkeleg hjelp.

Om dialysen​

Dialysen er open mandag til lørdag.

Kva kan vi tilby deg ved Lærdal sjukehus​

​Hos oss får du arbeide i eit godt fagmiljø der vi samarbeider tett på tvers av avdelingane. Vi er små nok til at folk kjenner kvarandre, men store nok til å tilby spennande faglege utfordringar og utviklingsmoglegheiter.

Bu og arbeide i Lærdal

​Lærdal byr på storslåtte naturopplevingar rett utanfor døra og gode moglegheiter for friluftsliv året rundt. Med plassering mellom Bergen og Oslo er bygda eit naturleg knutepunkt. Sjukehuset disponerer også personalhytte på Filefjell. Meir informasjon om Lærdal finn du her: Lærdal kommune.

Ønskjer du meir informasjon om stillinga, er du velkomen til å ta kontakt med einingsleiaren

Arbeidsoppgåver​

  • Mottak og oppfølging av pasientar
Delta i daglege arbeidsoppgåver som ligg til avdelinga
Samarbeid i team med andre yrkesgrupper
Delta i opplæring og rettleiing av studentar
Utføre arbeidsoppgåver delegert frå leiar
Arbeid i snitt kvar tredje helg, moglegheit for langvakter på helg

Arbeide etter Helse Førde sine verdiar: Respekt i møte med pasienten, kvalitet i prosess og resultat, og tryggleik for tilgjenge og omsorg.

Kvalifikasjonar​

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar
Gode kunnskapar i norsk, både munnleg og skriftleg
Gode IKT-kunnskapar
Erfaring innen overvaking blir vektlagt
Må kunne bruke datasystema som ligg til rolla slik at faglege og juridiske krav vert ivaretekne

Personlege eigenskapar​

  • Har eit tydeleg pasientfokus og utøver arbeidet i tråd med faglege og etiske verdiar
Arbeider sjølvstendig og strukturert, og tek ansvar for eigne oppgåver
Gode samarbeidsevner og bidreg til eit positivt fagleg og kollegialt miljø
Fleksibel og trivst i eit aktivt og travelt arbeidsmiljø

Personlege eigenskapar vil bli vektlagde. Vi tilbyr​

  • God innføring og opplæring i arbeidsoppgåver
Moglegheit for fagleg utvikling og vidareutdanning
Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø
Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Personalhytte på Filefjell
Moglegheit for hjelp med bustad ved behov (opplys i søknaden dersom dette er aktuelt)

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

KontaktinformasjonMarit Fossheim Ottersen, Einingsleiar, +47 479 06 594

ArbeidsstedSjukehusvegen 9

6887 Lærdal

Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Helse Førde

Referansenr.: 5197965470

Stillingsprosent: 80, 100, 90%

Fast, Vikariat

Søknadsfrist: 04.11.2026