Hoppa till huvudinnehållet
Folkestad skule/SFO logo
Ledigt jobb

Tilkallingsvikar

Folkestad skule/SFO
  • OrtMidt-Telemark
  • OmfattningHeltid
  • Sista ansökan31 dec.
  • Publicerad22 juni

Om tjänsten

Folkestad skule ligg i flotte omgjevnader ved Oterholt, det gamle handelssentrumet i Bø, og er ein skule med lange tradisjonar. Skulen stod ferdig i 1861 og har sidan vore grendeskule samanhengande, sett bort frå skuleåret 1945-46 da skulebygget måtte byggast opp igjen etter krigen. Skulen ligg på Oterholt som var handelsstad og sentrum i Bø.

Skulen har rundt 112 elevar og 19 tilsette. Dei tilsette er stolte av ein skule med stort uteområde og nærleik til flott natur. Engasjerte foreldre og lærarar jobbar for å gjere Folkestad skule til ein trygg og god læringsstad.  Uteområda i nærleiken blir nytta til faste dagar med uteskule og tverrfagleg arbeid. Vi har og ein flott skulehage.

Vi har eit allsidig personalet, eit støttande og godt arbeidsmiljø som bidreg til positiv utvikling av skulen. Vi jobbar for å utvikle ein meir inkluderande praksis, fysisk, praktisk og aktiv læring, og gi elevane ei god grunnopplæring i lesing, skriving og rekning.

Arbeidsoppgåver​

  • bistå elevar med praktiske oppgåver i skulehverdagen
være ei støtte i klasserommet for enkelt elevar
delta i friminutta med inspeksjon
delta i ulike aktivitetar på SFO
gjennomføre undervisning
delta på ativitetsdagar eller turar

Kvalifikasjonar

Ønska kompetanse

Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar eventuelt god erfaring frå tilsvarande arbeid med barn og unge
Lærarutdanning

Særskilde krav

Krav om politiattest, jf. Opplæringsloven § 17-11. Politiattest skal framvisast før oppstart i stilling.

• Personlege eigenskapar

Søkjar må :

like å arbeide med barn
være ansvarsfull og påliteleg
ha godt humør
tåle endringar i arbeidskvardagen

Vi tilbyr​

  • E-læringskurset for nytilsette i Midt-Telemark kommune
Lønn etter gjeldande lov og avtaleverk
Gode forsikrings- og pensjonsordningar

Kopi av vitnemål og attestar lastas opp som vedlegg i webcruiter.

KontaktinformasjonVenke Raundalen, Konst. rektor Folkestad skule, +47 92251459

ArbeidsstadEikavegen 61

3804 Bø i Telemark

Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Midt-Telemark kommune

Referansenr.: 5138729882

Stillingsprosent: 0%

Vikar

Startdato: 24.08.2026

Sluttdato: 30.06.2027

Søknadsfrist: 31.12.2026