Hoppa till huvudinnehållet
Bildediagnostikk (Hjelset) SNR, Helse Møre og Romsdal HF logo

Fagradiograf CT med strålevernsfunksjon

Bildediagnostikk (Hjelset) SNR, Helse Møre og Romsdal HF
  • OrtMolde
  • Omfattning–
  • Sista ansökan13 dagar kvar
  • Publicerad10 nov.

Om tjänsten

Avdeling for radiologi Sjukehuset Nordmøre og Romsdal (SNR) Hjelset søkjer no etter fagradiograf CT med strålevernsfunksjon i 100% fast dagtidsstilling.

Ved eventuell internt opprykk, blir det ledig ei radiografstilling i 100% i 2- eller 3-delt turnus. Skriv i søknaden kva slags stilling du søkjer på. Tilsetting frå snarast!

Avdeling for radiologi SNR består av om lag 100 tilsette, samansett av radiografar, radiologar, hjelpepleiar og kontorpersonell som arbeider i eit spennande, utviklande og triveleg miljø. Avdelinga har aktivitet både ved akuttsjukehuset SNR Hjelset som er eit nytt sjukehus med døgnkontinuerleg drift, og ved SNR Kristiansund som har utstrakt poliklinisk drift på dag og kveld. Vi gjer tilsaman eit breitt spekter av undersøkingar som MR, Mammografi, CT, konvensjonell rtg, gjennomlysing, ultralyd og beintettleiksmåling.

Arbeidsoppgåver

  • Bidra i den daglege drifta
  • Ivareta det fagradiograflege ansvaret på CT saman med annan fagradiograf CT
  • Utføre oppgåver som strålevernskontakt som til dømes:
  • Oppfølging av dei tilsette sine dosimeter ved avdeling for radiologi SNR Hjelset og SNR Kristiansund
  • Saman med fysiker gjennomføre undervisning på eigen og andre avdelingar ved SNR Hjelset og SNR Kristiansund
  • Årleg kontroll av blyfrakkar SNR Hjelset og SNR Kristiansund

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som radiograf
  • Videreutdanning innen CT eller oppstart videreutdanning CT innen 2 år etter ansettelse
  • Kjennskap til og erfaring med Helseplattformen er ein fordel
  • Gode norskkunnskaper, både munnleg og skriftleg
  • Evne til å meistre ulike dataprogram i arbeidet

Personlege eigenskapar

  • Du har gode samarbeidsevner, vilje og evne til omstilling og har interesse for vidareutvikling
  • Du er ein aktiv bidragsytar i vårt gode tverrfaglege arbeidsmiljø
  • Du har evne til å tenke heilskapeleg og kunne prioritere
  • Du kan arbeide sjølvstendig men òg i team
  • Du er ein arbeidsvillig og ryddig person
  • Du er systematisk og kvalitetsbevisst
  • Personlege eigenskaper vektlegges vert vektlagt

Vi tilbyr

  • Spennande og varierte oppgåver
  • Trivelege kollegaer og eit godt arbeidsmiljø
  • Kompetanseutvikling
  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Kontaktinformasjon

Eli Iren Sildnes, Seksjonsleiar, Elin.iren.sildnes@helse-mr.no

Arbeidsstad

Opdølvegen 4

6450 Hjelset

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 5199102311

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 24.11.2026

Restid & pendling

Spara jobb & deadline-påminnelse

Sista ansökningsdag: 24 nov.

Inte redo att söka direkt? Spara annonsen och få påminnelse innan den stänger

När du sparar tjänsten samlas den under Mina sidor (Ansökningskoll) och vi skickar automatiskt en påminnelse på mejlen 3 dagar innan sista ansökningsdag så att du inte missar att söka.

Arbetsgivare • Bildediagnostikk (Hjelset) SNR, Helse Møre og Romsdal HF

Representerar du arbetsgivaren? Få prioriterad topp-placering i Molde och dölj konkurrerande annonser på sidan.