Hoppa till huvudinnehållet
Ferievikarer SNR, Helse Møre og Romsdal HF logo

Ferievikar 2027 - Vikar for LIS 1/ medisinstudent med lisens

Ferievikarer SNR, Helse Møre og Romsdal HF
  • OrtMolde
  • Omfattning–
  • Sista ansökan31 jan.
  • Publicerad20 nov.

Om tjänsten

Vil DU bli vår kollega til sommaren? Vi treng deg som er motivert til å gjere det beste for våre pasientar og deira pårørande. Vi ønskjer deg velkomen som søkjar, og vil gjere vårt beste for at du skal trivast.

Vi har behov for ferievikar for LIS 1/medisinstudent med lisens i perioden f.o.m veke 25 t.o.m veke 33. Det vil vere behov ved ulike seksjonar ved SNR Hjelset og i Molde:

  • Akuttpsykiatri SNR
  • Sikkerhetspsykiatri SNR
  • Psykosebehandling SNR
  • Allmenn- og Alderspsykiatri SNR
  • Poliklinikk psykis helse DPS Molde

Informasjon til søkjaren

Tilsetjing vil skje fortløpande. Som ferievikar vert du fordelt etter klinikken sitt behov. Dersom du har jobba hos oss tidlegare, er det fint om du kan spesifisere kvar og når i søknadsteksten din. Av søknaden må det kome fram ved kva seksjon og kva tid i den aktuelle perioden du ønsker å arbeide. Ein må pårekne å arbeide annankvar helg. Det kan påreknast ei til to veker opplæring i forkant av ferieperioden. Vi ber om at attestar og vitnemål scannes og lastas opp som vedlegg til din CV.

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som lege, cand.med eller medisinstudent med lisens
  • Må ha gode skriftlege og munnlege norskkunnskapar

Personlege eigenskapar

  • Du er engasjert, fleksibel og har godt humør
  • Du er serviceinnstilt og samarbeider godt med pasienter, pårørende og kollegaer
  • Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting

Vi tilbyr

  • Høgt fagleg nivå
  • Trivleg arbiedsmiljø
  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar

For meir informasjon om vår region, sjå her.

Kontaktinformasjon

Geir Magne Nødtvedt, Overlege psykiatri, geir.magne.nodtvedt@helse-mr.no

Arbeidsstad

Opdølvegen 4

6450 Hjelset

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 5213558142

Stillingsprosent: 100%

Ferievikar

Søknadsfrist: 31.01.2027

Inte redo att söka direkt? Spara annonsen så skickar vi en påminnelse 3 dagar före sista ansökningsdag.

Synka i iPhone-appen →

Restid & pendling

Representerar du Ferievikarer SNR, Helse Møre og Romsdal HF? Lyft fram annonsen i Molde och dölj konkurrerande jobb.