Ferievikar 2027 - Vikar for LIS / medisinstudent med lisens
Ferievikarer SNR, Helse Møre og Romsdal HFOm tjänsten
Vil DU bli vår kollega til sommaren? Vi treng deg som er motivert til å gjere det beste for våre pasientar og deira pårørande. Vi ønskjer deg velkomen som søkjar, og vil gjere vårt beste for at du skal trivast.
Det vil vere behov ved desse seksjonane:
- Kirurgiske legar
- Ortopediske leger
Vi har behov for vikar for LIS1/ medisinstudent med lisens. Ortopediske leger har også behov for vikar for LIS3.
Informasjon til søkjaren
Tilsetjing vil skje fortløpande. Som ferievikar vert du fordelt etter klinikkane sine behov. Dersom du har jobba hos oss tidlegare, er det fint om du kan spesifisere kvar og når i søknadsteksten din. Av søknaden må det kome fram ved kva seksjon og kva tid i den aktuelle perioden du ønsker å arbeide. Ein må pårekne å arbeide annankvar helg. Det kan påreknast ei til to veker opplæring i forkant av ferieperioden. Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som lege, cand.med eller medisinstudent med lisens
- Må meistre norsk språk, skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
- Du er engasjert, fleksibel og har godt humør
- Du er serviceinnstilt og samarbeidar godt med pasientar, pårørande og kollegaer
- Du ønskjer å bidra til å gi eit godt tilbod til pasientane våre
- Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting
Vi tilbyr
- Høgt fagleg nivå
- Trivleg arbiedsmiljø
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
For meir informasjon om vår region, sjåher.
Kontaktinformasjon
Solfrid Snowball, Seksjonsleder, Solfrid.Snowball@helse-mr.no
Kirsti Sevaldsen, Seksjonsleder (lege), Kirsti.Sevaldsen@helse-mr.no
Arbeidssted
Opdølvegen 4
6450 Hjelset
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.: 5209654135
Stillingsprosent: 100%
Ferievikar
Søknadsfrist: 31.01.2027
Inte redo att söka direkt? Spara annonsen så skickar vi en påminnelse 3 dagar före sista ansökningsdag.
Synka i iPhone-appen →Restid & pendling
Representerar du Ferievikarer SNR, Helse Møre og Romsdal HF? Lyft fram annonsen i Molde och dölj konkurrerande jobb.