Hoppa till huvudinnehållet
Intensiv SNR, Helse Møre og Romsdal HF logo

Intensivsjukepleiar / sjukepleiar

Intensiv SNR, Helse Møre og Romsdal HF
  • OrtMolde
  • Omfattning–
  • Sista ansökan7 dagar kvar
  • Publicerad20 okt.

Om tjänsten

Vil du jobbe i ein av Europas mest moderne intensivseksjon?

Intensiv SNR har ledig 2 faste stillinger (100%) som intensivsjukepleiar. Oppstart etter avtale!

Som intensivsjukepleiar på intensiv SNR blir du ein del av eit sterkt fagmiljø som samarbeider i team med andre faggrupper som til dømes anestesilegar, indremedisinarar, kirurgar, fysioterapeutar, logoped og KEF. Hjå oss står fagutvikling, opplæring og inkludering høgt på agendaen. Vi har eit sterkt og støttande arbeidsmiljø prega av humor, men også tiltider ein alvorleg arbeidskvardag. Ved oppstart følger ein fast opplærinmgsprogram med individuelle tilpasningar, som avsluttast med ein gjennomgang.

Vi har faste dagar i turnus med fagutvikling, fagdager to ganger i året og planlegg oppstart med faste simuleringsdager i eigen seksjon. Som nytilsett vil du etter kvart bli inkludert i ei av våre ressursgrupper.

Sjukehus Nordmøre og Romsdal(SNR) er eit veldifferensiert sjukehus med kirurgiske, ortopediske, medisinske, nevrologiske, gynekologiske/føde-pasientar og barnemedisin og -habilitering. Vi er også eit traume- og donorsjukehus. Vi har simuleringsdagar saman med anestesilegane, noko som bidreg til godt samarbeid både fagleg og sosialt. Vi har faste dagar i turnus til fagdagar og MTU-oppdatering, og vi har fokus på simulering.

Du kan også kome innom for å sjå om dette kan vere noko for deg! Her jobber ein veldig triveleg og fin gjeng med dyktige fagfolk, og vi håper å få nye flinke kollegaer! Ta gjerne kontakt for meir informasjon, og følg oss gjerne på instagram!  (intensiv_snr_hmr)

Vi ber om at vitnemål, tenestebevis og attestar blir lasta opp som vedlegg til CV/søknad.

Arbeidsoppgåver​

  • Sjukepleie til akutt kritisk sjuke pasientar
Sjukepleie til postoperative pasientar, både barn og vaksne. Innan fagfelta gastro, urologi, ortopedi, ØNH, gynekologi og auge
Sjukepleie til intensiv- og overvåkningspasientar innan fagfelta kirurgi, medisin, nevrologi og gyn/føde
Til ein kvar tid er det to sjukepleiarar som er ein del av hjertestans- teamet ved sjukehuset

Kvalifikasjonar​

  • Autorisert intensivsjukepleiar.
Autorisert sjukepleiar med minimum 2 års erfaring kan også søke

Personlege eigenskapar​

  • Du har ei positiv haldning og er interessert i intensivfaget og pasientane som treng slik behandling
Du er endringsvillig, utadvendt og engasjert
Du arbeider sjølvstendig, men samstundes fungerar godt i samarbeid med kollegaer, pasientar og pårørande
Personleg eignaheit vert vektlagt ved tilsetting

Vi tilbyr​

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
Ein inkluderande arbeidsplass
Løn etter gjeldande overeinskomstar
Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

KontaktinformasjonKjetil Skjærset, Seksjonsleder, +47 99236475, kjetil.skjaerset@helse-mr.no

ArbeidsstadOpdølvegen 4

6450 Hjelset

Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 5194559267

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 28.10.2026