Overlege radiologi
Bildediagnostikk leger SNR, Helse Møre og Romsdal HFOm tjänsten
Ønskjer du ei spennande overlegestilling i radiologi, med variert praksis og gode utviklings moglegheiter? No har du sjansen!
Sjå video frå vår avdeling her
Radiologisk avdeling ved sjukehuset Nordmøre og Romsdal (SNR), Hjelset og Kristiansund, er ein god stad for overleger. Vi har eit breitt spekter av undersøkingar, dedikert og stabil overlegegruppe, eit godt og inkluderande arbeidsmiljø. Vi har nyleg flytta inn i det nye sjukehuset (SNR) og dei nye lokala legg til rette for ein god og variert arbeidskvardag.
Vi har no ledig stilling som overlege i radiologi, med oppstart 01.11.2027 eller etter avtale.
Arbeidet skjer hovudsakleg på Hjelset, men vi legg til rette for deg som ønskjer å bu i Kristiansund.
Radiologisk avdeling ved Hjelset og Kristiansund er sentrale i diagnostikk og oppfølging av pasientar, og samarbeider tett med kliniske avdelingar. Kvart år utfører vi om lag 100 000 undersøkingar innan alle modalitetar. Avdelinga har eit nært samarbeid med St. Olavs hospital om delar av spesialistutdanninga, og det nye sjukehuset (SNR) har fylkets første 3 Tesla MR.
Arbeidsoppgåver
- Arbeid med røntgen, CT, ultralyd og MR
- Radiologiske intervensjonar
- Kommunisere med klinikarar om undersøkingar
- Presentere bilete for klinikarar
- Deltaking i vaktordning (for tida åttedelt med delvis heimevakt)
Kvalifikasjonar
- Gyldig norsk autorisasjon som lege
- Spesialistgodkjenning radiologi.
- Meistre norsk, svensk eller dansk, med god munnleg og skriftleg framstillingsevne
Personlege eigenskapar
- God klinisk forståing
- Evne til å samarbeide tett med ulike faggrupper
- Interesse for fagleg utvikling og læring
- Personlig eignaheit vil vektleggast ved tilsetting.
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Kontaktinformasjon
Thomas Alexander Bremnes, Seksjonsleiar, thomas.alexander.bremnes@helse-mr.no
Arbeidsstad
Opdølvegen 4
6450 Hjelset
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.: 5202940368
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 16.11.2026
Restid & pendling
Spara jobb & deadline-påminnelse
Sista ansökningsdag: 16 nov.Inte redo att söka direkt? Spara annonsen och få påminnelse innan den stänger
När du sparar tjänsten samlas den under Mina sidor (Ansökningskoll) och vi skickar automatiskt en påminnelse på mejlen 3 dagar innan sista ansökningsdag så att du inte missar att söka.
Representerar du arbetsgivaren? Få prioriterad topp-placering i Molde och dölj konkurrerande annonser på sidan.