Hoppa till huvudinnehållet

Om tjänsten

Vi søker etter prosjektleiar for fleire spanande vegprosjekt i fylket

Møre og Romsdal fylkeskommune har mange vegprosjekt i porteføljen dei komande åra. Alt frå mindre vedlikehaldsoppdrag til bygging av større vegprosjekt. Blant anna planlegg vi byggestart på Årødalskrysset, Bypakke Kristiansund og fleire rassikringsprosjekt dei komande åra. I tillegg er det mange spanande prosjekt i planleggingsfasen.

Du kan sjølv velje mellom kontorstad i Ålesund, Molde eller Kristiansund.  Du må rekne med noko reising i heile fylket til dei ulike prosjekta og til dei ulike kontorstadane.

Som prosjektleiar vil du leie i ein prosjektorganisasjon med mellom anna byggeleiarar, kontrollingeniørar og fagressursar. Prosjektleiar styrer på porteføljenivå og byggeleiarar følger opp enkeltprosjekt i prosjekterings- og byggefasen.

Fylkesvegavdelinga har eit stort, samla kompetansemiljø innan planlegging, bygging, drift, vedlikehald og forvaltning av

fylkesvegane. Vegprosjektseksjonen har i dag 50 tilsette med kompetanse innanfor  prosjektleiing, byggeleiing, HMS, økonomi og prosjektering. Inkludert i desse er byggherreorganisasjonen knytt til Bypakke Ålesund, Veginvestering, Fv. 60 Tomasgard – Røyrhus, tunneloppgradering og ei rekkje bruer og ferjekaier.

Arbeidsoppgåver

Som prosjektleiar vil du:

Styre ei prosjektportefølje med prosjekt av ulik størrelse og kompleksitet

Leie prosjekt gjennom alle fasar frå planlegging og prosjektering til gjennomføring og overlevering.

Ha ansvar for å levere prosjekt innanfor definerte mål for HMS, økonomi, framdrift og kvalitet.

Ha personalansvar for byggherreorganisasjonen din. Leie og motivere dei og sørge for effektiv kommunikasjon og kunnskapsdeling.

Rapportere til prosjektsjef og bistå i styringa av seksjonen.

Kvalifikasjonar

Bachelor- eller mastergrad innan ingeniørfag

Omfattande og relevant erfaring innafor dei aktuelle fagområda kan kompensere for manglande formell utdanning

Erfaring i gjennomføring av prosjekt innan anlegg, veg eller bygg

Erfaring i teknisk og/eller økonomisk oppfølging av entreprenørar eller leverandørar er ein fordel

God kjennskap til digitale verktøy

Førarkort klasse B

Personlege eigenskapar

Vilje og evne til å samarbeide med og involvere interne og eksterne partar.

Gode kommunikasjonsferdigheiter både munnleg og skriftleg

Du er utviklings- og løysningsorientert

Du er ein lagbyggar med gode leiareigenskapar

Vi tilbyr

Ei utfordrande stilling i eit godt arbeidsmiljø kjenneteikna av stor profesjonalitet og sterke fagmiljø

God tilgang til faglege nettverk og fagleg utvikling

Offentleg pensjonsordning, gruppelivs- og ulykkesforsikring

Løn etter avtale

Kontaktinformasjon

Torbjørn Vatnehol, Prosjektsjef, 97714119, torbjorn.vatnehol@mrfylke.no

Ole Jan Tønnesen, Fylkesvegsjef, 92029592, ole.jan.tonnesen@mrfylke.no

Arbeidsstad

Fosnagata 12

6509 Kristiansund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Møre og Romsdal fylkeskommune

Referansenr.: 5195085782

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 11.11.2026

Restid & pendling

Spara jobb & deadline-påminnelse

Sista ansökningsdag: 11 nov.

Inte redo att söka direkt? Spara annonsen och få påminnelse innan den stänger

När du sparar tjänsten samlas den under Mina sidor (Ansökningskoll) och vi skickar automatiskt en påminnelse på mejlen 3 dagar innan sista ansökningsdag så att du inte missar att söka.

Arbetsgivare • Prosjekt veginvestering [Prosjekt_veginvestering], Møre og Romsdal fylkeskommune

Representerar du arbetsgivaren? Få prioriterad topp-placering i Molde och dölj konkurrerande annonser på sidan.