Hoppa till huvudinnehållet
Kulturområdet [kulturomradet], Møre og Romsdal fylkeskommune logo

Rådgivar/spesialkonsulent bibliotekutvikling

Kulturområdet [kulturomradet], Møre og Romsdal fylkeskommune
  • OrtMolde
  • Omfattning–
  • Sista ansökan19 dagar kvar
  • Publicerad3 nov.

Om tjänsten

Vil du vere med å utvikle framtidas bibliotek i Møre og Romsdal?

Biblioteka er viktige møteplassar for læring, leseglede, deltaking og fellesskap. Vi søker ein engasjert og utviklingsorientert medarbeidar til eittårig vikariat med snarlig tiltreding. Her får du vere med på å styrke bibliotektilbodet i fylket. Stillinga omfattar regionale utviklingsoppgåver, fagleg rådgiving til kommunane, prosjektleiing, nettverksbygging og kompetanseutvikling.

Du vil leie og delta i utviklingsprosjekt, planlegge og gjennomføre møte, kurs og andre kompetansehevande tiltak, og bidra i regionale og nasjonale satsingar. Gjennom samarbeid med folke- og skulebibliotek, kommunar og nasjonale fagmiljø skal du bidra til å utvikle biblioteka som relevante og inkluderande samfunnsarenaer for innbyggjarane i heile fylket.

Du kan ha arbeidsplassen din i Kristiansund, Molde eller Ålesund.

Arbeidsoppgåver

  • Leie og gjennomføre prosjektet «Boklek»
  • Koordinere dei regionale satsingane:
  • Tøyveskebibliotek
  • 100 bøker før du er 6
  • Sommarles
  • Bidra inn i satsing på Skaperverkstad i biblioteka
  • Planlegge og gjennomføre kommunebesøk
  • Planlegge og gjennomføre biblioteksjefmøte, kurs- og kompetansehevande tiltak for skole- og folkebiblioteka
  • Delta i regionale- og nasjonale nettverk, som for eksempel «Spel i biblioteka» og "Demensvennlege bibliotek"
  • Bidra inn i nasjonale og regionale satsingar som Ibsen 200, Norge i 1000 år - Valldal 2029 eller andre verdiskapingsprogram.
  • Andre oppgåver etter behov i avdelinga

Kvalifikasjonar

  • høgare utdanning, minimum bachelor, innan bibliotekfag, humaniora eller kulturfag

Det er ønskeleg med

  • erfaring frå bibliotek
  • god digital kompetanse og interesse for digital formidling
  • erfaring frå prosjekt-, formidlings- og utviklingsarbeid
  • god munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • førarkort klasse B

Vi oppmodar nyutdanna om å søke!

Personlege eigenskapar

  • Du er
  • sjølvstendig og tek initiativ
  • løysingsorientert og evner å prioritere
  • ein lagspelar og gjennomførar

Vi tilbyr

  • ei utfordrande stilling med varierte arbeidsoppgåver
  • eit spennande arbeidsmiljø med kolleger med ulik utdanning og kompetanse innan kunst og kultur.
  • god tilgang til fagleg nettverk og fagleg utvikling
  • offentleg pensjonsordning og gode forsikringsvilkår (medlemskap i KLP)
  • lønn etter avtale

Kontaktinformasjon

Elin Kanck Lorentzen, Seksjonsleiar kultur, idrett og bibliotek, +47 99027502, elin.kanck.lorentzen@mrfylke.no

Mona Iren Auganæs, Fylkesbiblioteksjef, +47 91632105, mona.iren.auganes@mrfylke.no

Arbeidssted

Julsundvegen 9

6412 Molde

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Møre og Romsdal fylkeskommune

Referansenr.: 5198890087

Stillingsprosent: 100%

Vikar

Søknadsfrist: 23.11.2026

Restid & pendling

Spara jobb & deadline-påminnelse

Sista ansökningsdag: 23 nov.

Inte redo att söka direkt? Spara annonsen och få påminnelse innan den stänger

När du sparar tjänsten samlas den under Mina sidor (Ansökningskoll) och vi skickar automatiskt en påminnelse på mejlen 3 dagar innan sista ansökningsdag så att du inte missar att söka.

Arbetsgivare • Kulturområdet [kulturomradet], Møre og Romsdal fylkeskommune

Representerar du arbetsgivaren? Få prioriterad topp-placering i Molde och dölj konkurrerande annonser på sidan.